Volda University of Applied Sciences? Interessant, men ikkje no.

Kunnskapsdepartementet seier at høgskular som har minst ei doktorgradsutdanning kan omtale seg som University. Det blir i så fall: Volda University of Applied Sciences.

Det er ikkje aktuelt å skifte vårt engelske namn til
«Volda University of Applied Sciences».

volda-university-college

Det er bra at Kunnskapsdepartementet er merksam på problemet kring norske titlar i internasjonale samanhengar.  Høgskulen i Bergen var kjemperaske og tok invitasjonen på hælen og søkte om å endre engelsk namn med ein gong. Nettavisa Khrono skriv om dette:

Høgskolen i Bergen først ute med å søke University of applied sciences tittel. 

Men i den same artikkelen går det fram at andre høgskular var litt meir avventande til dette. Blant anna er det ikkje slik at det er så eintydig kva «Applied sciences» betyr. I somme land er det faktisk slik at denne tittelen blir brukt av høgskular som ikkje tilbyr master og doktorgradsutdanning.

Høgskulelektor Kjetil Arve Myskja ved Høgskulen i Volda er medlem av Universitets- og høgskulerådets arbeidsgruppe for terminologi og han har sett litt på det same spørsmålet og peikar på at til dømes i Finland er det faktisk ei heilt anna betydning av «Applied sciences» enn det Kunnskapsdepartementet føreset.

Det er rett og slett ikkje slik at det er så eintydig kva høgskulenamn som inneheld «University» faktisk betyr.

Mi meining er at det førebels ser ut til å koste meir enn det smakar å skifte namn frå Volda University College til Volda University of Applied Sciences. Ei namneendring medfører mange små og store oppgåver og endringar – frå interne spørsmål som nettsider, visittkort og brevmalar – til muleg forvirring og uklårleik hos eksterne samarbeidspartar som kjenner oss som Volda University College.

Men er det noko som er i endring så er det høgskulesektoren. Om det blir att nokon høgskular i Noreg, og alle skiftar namn til University of applied sciences, så kan nok også Høgskulen i Volda nærast bli tvinga til å skifte namn.

Men eg kjem ikkje til å ta initiativ til å endre vårt engelske namn no.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar