Volda ved vegskiljet

Høgskulen i Volda har antakelig tre alternative vegval for framtidige alliansar og fusjonar. Ingen av dei er enkle og tydelege, og ingen av dei framstår som godt merka trygge løyper med opptrakka spor og kjentfolk å spørje. Det finst heller ikkje noko kart. Kanskje er det også slik at nokre av vegvala fører fram til same stad, og det ser ut til å vere Bergen.

På styreseminar/styremøte 29.-30. oktober kjem dei aktuelle vegvala til å bli presenterte for høgskulestyret. Det bør bli eit spennande møte!

Dei tre alternativa ser i dag ut til å vere desse:

1. Allianse mellom sjølvstendige institusjonar

Det siste halvåret har dei tre høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer hatt fleire møte for å utvikle ideen om ein høgskuleallianse. Den grunnleggande ideen er at dette skal bli ein allianse mellom sjølvstendige regionale høgskular. Eit alliansesamarbeid vil sikre at det også i framtida vil vere høgre utdanning av god kvalitet i regionane.

Leiinga ved Høgskulen i Volda har arbeidd med dette spørsmålet sidan det vart klart at Høgskulen i Ålesund blei ein del av NTNU. Høgskulestyret bad då administrasjonen ved Høgskulen i Volda om å  innleie samtalar også med Lillehammer, og det har både tidlegare og noverande leiing ved dei tre høgskulane gjort.

Rektoratet gjekk til val på ei sjølvstendelinje for høgskulen. Pr i dag ser ein allianse ut til å vere den beste måten å halde på sjølvstendet på. Men til sjuande og sist er det naturlegvis Kunnskapsdepartementet som bestemmer.

Kunnskapsdepartementet har invitert dei tre alliansehøgskulane til eit møte om alliansealternativet 23.oktober. For dei tre høgskulane har nok alliansealternativet ulik status. For Høgskolen i Molde er det einaste alternativ, for Høgskolen på Lillehammer og for Volda er dette eitt av fleire alternativ.

2. Universitetet i Bergen – og Volda:  

Universitetet i Bergen har signalisert at dei ønskjer seg eit tettare fagleg samarbeid med Høgskulen i Volda – etter mønster frå samarbeidet UiB har med Høgskulen i Bergen. Det er særleg på dei to områda mediefag og norsk at universitetet har merka seg at Volda har sterke fagmiljø. Det kjem truleg ein invitasjon om kort tid der universitetet seier meir om kva dei tenkjer om samarbeidet, og den vil bli lagt fram for hgøskulestyret.

Utspelet frå UiB kan minne om eit alliansesamarbeid med ein annan aktør enn dei tre alliansekameratane Volda, Molde og Lillehammer. Men samtidig virkar det som at Universitetet i Bergen i framtida ser føre seg ein fusjon  mellom universitetet og Høgskulen i Bergen.

3. Profesjonshøgskulen/-universitetet for Vestlandet.

Høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund er i ferd med å starte ei utgreiing av ein profesjonshøgskule eller kanskje eit framtidig profesjonsuniversitet for Vestlandet. Lærarutdanning, ingeniørfag og sjukepleie er viktige fagområde for alle dei tre høgskulane og utgreiinga bør kunne hjelpe høgskulane til å vurdere om ein fusjon vil styrke utdanningane. Kunnskapsdepartementet har invitert til denne utgreiinga og betalar kostnadene. Departementet ønskjer truleg at utgreiinga skal vere klar på nyåret slik at høgskulane kan bruke våren på å vurdere om dei skal fusjonere. Kunnskapsdepartementet ønskjer seg fusjonar med verknad frå 1.1.2017, og då må vedtaka gjerast våren 2016.

Høgskulen i Volda vart på eit møte i Bergen 7.-8. september invitert med i denne utgreiinga. Leiinga og høgskulestyret i Volda har førebels venta med å meine noko om dette, men det ville vere ein fordel om det låg føre ein konkret invitasjon til høgskulen slik at høgskulestyret kan ta stilling til dette alternativet på komande styremøte 29.-30. oktober.

Kva bør HVO gjere?

Styret bør etter mi meining vurdere nøye alle dei tre alternativa – men ikkje låse seg til det eine eller det andre no. Faglege samarbeid skal Høgskulen i Volda uansett drive med mange aktørar – det er både naturleg og nødvendig.

Det skjer også andre viktige ting som antakelig vil påverke vegvalet for Høgskulen i Volda. 1. november vil rammeplanutvalet for grunnskulelærarutdanning på masternivå kome med sitt framlegg til korleis lærarutdanning på masternivå skal sjå ut frå 2017. Ein skal ikkje sjå bort frå at det som står her vil kunne påverke vegvalet til høgskulen. Så det er også ein grunn til å vente med å ta avgjerd om det endelege vegvalet.

Kva skjer framover?

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

2 kommentarer til «Volda ved vegskiljet»

  1. Fin klargjøring. Håper Lillehammer og Molde-alternativet blir godt utredet. Med strategiplanen bør vel mediefagprofileringen være en like viktig rettesnor som lærerutdanningen?

Legg igjen en kommentar