Kva skal høgskulestyret meine om HVOs framtid? Sjølvstende, allianse, fusjon?

Foto: Hotell Sagafjord
Sæbø: Arena for styreseminar 29.-30. oktober 2015. Foto: Hotell Sagafjord

Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda har sitt første møte hausten 2015 torsdag 24. september. Kva vil dei meine om Høgskulen i Voldas framtid? Bør høgskulen halde fram som sjølvstendig institusjon? Er allianse vegen å gå? Er fusjon det beste? Og kven vil det kunne bli allianse eller fusjon med?

Dette er store spørsmål som heilt sikkert vil prege styrearbeidet mykje tida framover, og for å fjerne all tvil: Dette er det styret som bestemmer. Universitets- og høgskoleloven er tydeleg på det.

Her er møteplanen til høgskulestyret hausten 2015 og våren 2016. 

Møta i høgskulestyret er opne for alle.

Det er lagt opp til at det nye styret skal få ein presentasjon av alle avdelingane på høgskulen og naturlegvis også fellesadministrasjonen. Det vil skje på dei tre første styremøte i 2015:

  • 24. september: Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag.
  • 29.-30. oktober: Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og Avdeling for samfunnsfag og historie.
  • 10. desember. Fellesadministrasjonen

Styret skal møtast på Sæbø til to dagars styreseminar 29.-30. oktober og der vil strukturdebatten også stå på dagsorden. Det kan vere aktuelt å få eksterne representantar til delta på styreseminaret utan at det er bestemt noko om det enno.

Det er eit nytt styre som skal samlast for første gong 24. september. Høgskulen i Volda har som kjent ei styringsordning med valt rektor som også er styreleiar, og der høgskuledirektøren er  sekretær for styret.

Her er styremedlemmene:

Interne representantar (rektorat og tilsettevalde)

  • Styreleiar, rektor Johann Roppen
  • Nestleiar, prorektor Jens Standal Groven
  • Representant for administrativt tilsette: Kontorsjef Kjell-Einar Dagfinrud.
    • Vararepresentant: Rådgjevar Solveig Margit Sunde
  • Representantar for fagleg tilsette:
    • Professor Tor Johan Ekeland.
    • Høgskulelektor Janne Heggvoll.
    • Nummererte vara for fagleg tilsette: 1) Førsteamanuensis Ivar John Erdal, 2) Vararepresentant: Amanuensis Bente Mari Afset

Resultata er også presenterte i Valnytt nr 3/2015.

Studentrepresentantar

  • Pernille Solvang. Vararepresentant: Joanna Antoniak
  • Stig Ove Brobakke. Vararepresentant: Serghei Levcenco

Eksterne representantar

  • Endre Brunstad, Nesttun. Vararepresentant: Rune Johan Krumsvik, Bergen (oppnemnt av Kunnskapsdepartementet)
  • Inger Østensjø, Stavanger. Vararepresentant: Åslaug Krogsæter, Nordfjordeid (oppnemnt av Kunnskapsdepartementet)
  • Terje Heggem, Molde. Vararepresentant: Petter Bjørdal, Ørsta (oppnemnt av Møre og Romsdal fylkeskommune)
  • Kristin Marie Sørheim, Torjulvågen. Vararepresentant: Ingrid Opedal, Volda (oppnemnt av Møre og Romsdal fylkeskommune)

På første styremøte har direktør Jacob Kjøde lagt fram ei saksutgreiing som gjev bakgrunn for strukturspørsmåla. Kva har så direktøren skrive? Dei som er mest interesserte kan sjølve lese styresakene: Her er sakene som skal opp på møtet 24.09.2015 – i lag med sakspapir frå tidlegare møte.

Om ein går inn i saka er det kanskje dei avsluttande merknadene som flest er mest spente på, i siste del av saksutgreiinga finn vi direktørens førebelse vurderingar – her er dei klipt rett ut av saksutgreiinga:


Førebels vurdering av situasjonen

Etter at Høgskolen i Ålesund vedtok å gå til NTNU, er det ikkje noko alternativ til sjølvstende som utan vidare peiker seg ut som «den beste løysinga» for HVO. Vi har mange kvalitetar som gjer at vi kan halde fram som sjølvstendig institusjon. Når det gjeld dei faglege krava til å drifte den nye lærarutdanninga, ligg vi godt an – faktisk betre enn fleire av dei større institusjonane. Utfordringa vår er å rekruttere tilstrekkeleg med studentar til at vi kan gi dei fleire faglege val til fordjuping. Vil vi makte det åleine eller kan rekrutteringa bli betre ved at vi slår oss i lag med andre?

Vurderinga mi er så langt at vi bør greie ut ulike alternative strukturar, inkludert alliansemodellen.

Så langt har styret prioritert regionale modellar, ikkje tilknyting til ein storbyinstitusjon. Den prioriteringa bør framleis gjelde. HiSF har ein del av dei same utdanningane som HVO, og dei er sårbare når det gjeld den nye lærarutdanninga. HiSF bør vere ein interessant samtalepartnar i dei vidare diskusjonane om struktur. Invitasjonen frå UiB må følgast opp.

Mediautdanning og nynorsk er nasjonale satsingsområde for HVO, og vi treng gode støttespelarar for å utvikle dei vidare. Eit anna spørsmål er om HVO skal vere med på utgreiinga om ein profesjonshøgskule på Vestlandet. Det er kanskje tidleg å ta stilling til det no, men det bør vere gjenstand for diskusjon på styreseminaret. I den vidare diskusjon må vi få til betre medverknad frå dei fagtilsette enn det vi makta i førre runde.


Så langt direktørens saksutgreiing. Eg meiner han har lagt fram ei tydeleg og balansert saksutgreiing som er eit godt utgangspunkt for vidare diskusjon. Det er ikkje lagt opp til vedtak i første møtet i denne saka – dette er altså ei drøftingssak.

Prorektor Jens Standal Groven og eg har gått til val på at vi meiner det er best for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule. Dette er naturlegvis eit syn som vi vil argumentere for også i styreromet, og eg er spent på korleis diskusjonane blir.

Sjølvstende betyr ikkje aleinegang. Tvert i mot har Høgskulen i Volda alt å vinne på å delta i faglege samarbeid med andre høgskular og universitet, forskingsinstitutt og ikkje minst med regionale aktørar. Alliansesamarbeidet med Molde og Lillehammer er nettopp eit døme på det, og eit innovativt forsøk på å arbeide fram ein tredje veg – eit alternativ til sjølvstende eller fusjon.

Det ville også vere respektlaust overfor Kunnskapsdepartementet som vår eigar og overfor andre UH-institusjonar om vi ikkje lytte til kva dei meiner i den overordna strukturdebatten og følgjer med på kva som skjer både i fylket, på Vestlandet og i resten av landet. Invitasjonen frå Universitetet i Bergen oppfattar eg som noko heilt nytt i strukturdebatten – i alle fall for Høgskulen i Voldas del – og eg er difor interessert i å finne ut meir om kva universitetet legg i dette.

Det vert fort mange ballar å halde styr på når ein går inn struktursaka. Eg reknar med at særleg dei nye representantane ønskjer å ha tid til å sette seg inn i dei mange spørsmåla som saka reiser. Som styreleiar ser eg fram til både å bli kjent med styremedlemmene og til gode diskusjonar og godt arbeid til beste for Høgskulen i Volda.

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar