Skal tausakjerringa inn i kollektiv?

(Kommentar i Næravisa 25. september 2015)

Kunnskapsministeren har starta ein strukturprosess i høgare utdanning. Det papirknitrande ordet «Strukturprosess» reiser veldig store spørsmål for Høgskulen i Volda. Skal høgskulen halde fram som sjølvstendig høgskule? Skal høgskulen gå inn i alliansar med andre? Skal høgskulen bli ein del av eit universitet eller ein ny høgskule som er samansett av to eller fleire mindre høgskular?

Dette er store og vanskelege spørsmål. Det er ikkje så rart at mange debattantar har forenkla det heile til ein kveld på Rokken. Kven dansar med kven? Kven går heim i lag? Og kven må gå aleine? Det har sett ut til at mange statlege høgskular skulle finne ein – eller fleire – partnarar. Til dømes blir høgskulane i Ålesund, Gjøvik og Sør-Trøndelag frå 1. januar 2016 ein del av NTNU. Men somme forhold har også havarert. Drama!

I Volda er det ei gate som offisielt heiter Lensmann Smiths gate. På folkemunne heiter ho berre Tausakjerringsgata. Ei tausakjerring var ei eldre ugift kvinne – underforstått ei som ikkje hadde lukkast med å finne seg ein mann. Tausakjerring, attegløyme eller veggpryd. Det høyrest ikkje så bra ut. Er Høgskulen i Volda i ferd med å bli ei tausakjerring i høgskulenoreg? Ei prippen gammal jomfru som avviser friarar og ikkje vil vere med i dansen?

Tausakjerring er eit ord frå ei tid då singel berre betydde småstein og einaste mulege partnar var ein av motsett kjønn. Men som ei rekkje nyare levekårsundersøkingar viser: Single kvinner har det i grunnen kjempebra! Så kanskje har dagens tausakjerringar det langt betre enn medsøstre som meir eller mindre friviljug har vorte tvinga inn i polygamiske forhold – som ein av mange institusjonar under eit dominerande universitet. Om det er slik i høgskulenoreg vil berre tida vise – så sant det vil finnast sjølvstendige høgskular å samanlikne med.

Men Kunnskapsdepartementet har ikkje god tid. Departementet har tid til å vente på resultata av dei første fusjonane og seier klart og tydeleg frå om at dei ønskjer at alle dei minste høgskulane bør inngå i partnarskap snarast råd. Vekk med tausakjerringane!

Leiinga ved Høgskulen i Volda har det siste halvåret utforska meir moderne samlivsformer som alternativ til aleinegang eller polygami. Vi har utforska ein høgskuleallianse. Ein kan samanlikne alliansen med eit kollektiv. I eit kollektiv må alle betale litt for å bu under same tak og så deler ein på fellesgoder og funksjonar som internett, kjøken og bad. Men i tillegg ønskjer ein også å gjere kjekke ting i lag, og å låne kompetanse og ressursar frå kvarandre.  Slik er det vi ser føre oss eit samarbeid – ein høgskuleallianse. Førebels er det høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer som har starta med å finne ut korleis kollektivet kan fungere.

Vi er no inne i ein kjempespennande prosess der vi skal finne ut korleis kollektivet skal sjå ut, kva det skal koste, kva vi skal dele på og kva vi skal samarbeide om. Og kanskje blir det også fleire som har lyst til å bu i kollektivet? Kanskje fleire høgskular vil inn i alliansen.

Kunnskapsminister Isaksen har stilt ni – kanskje 12 – kvalitetskrav til høgskular som har tenkt å halde fram aleine utan å fusjonere med andre høgskular og universitet. Kollektivet av høgskular må syne fram korleis dei i fellesskap skal svare på desse kvalitetskrava.

For studentar kan det vere verd å merke seg at svært mange av desse kriteria handlar nettopp om – studentar. Tal på søkjarar, tidsbruk på studering, gjennomføring av studia, opplevd studiekvalitet, rettleiing og undervisning og involvering i forskingsprosjekt vil bli brukt som kvalitetsmål. I tillegg kjem andre kriterier som forskingspublisering og samhandling med samfunnet.

Studentane si oppleving av Høgskulen i Volda vil bli målt gjennom det såkalla Studiebarometeret. Høgskulen har nok ikkje teke Studiebarometeret særleg alvorleg tidlegare. Det har rett og slett vore veldig få studentar som har brukt 10-20 minutt av studietida på å gje si vurdering av eigen høgskule. Det trur eg er synd for Høgskulen i Volda. Det betyr både at vi går glipp av tal som kan hjelpe høgskulen til å bli betre – og så håpar og trur eg at høgskulen eigentleg vil score godt på dei fleste spørsmåla i Studiebarometeret. Det synte seg i alle fall ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2014 – dei fekk både høg svarprosent og gode tal å vise til.

Singelliv, polygami eller kollektiv? Til sjuande og sist er det styret ved Høgskulen i Volda som skal bestemme dette. Styret er nytt og hadde sitt første møte i går, torsdag 24. september. Strukturdebatten er det viktigaste spørsmålet høgskulestyret har fått på bordet sidan 1994. Eg håper og trur at det nye styret vil sette seg godt inn i saka og vurdere nøye kva som er best for høgskulen.

Hastebryllup vert sjeldan lukkelege – då er det betre å vere tausakjerring litt lenger.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar