Høgskulen i Volda – profilert og spissa

Fagprofilar i forskinga ved statlege høgskular (2005-2009). Gunnar Sivertsen, NIFU.
Fagprofilar i forskinga ved statlege høgskular (2005-2009). Gunnar Sivertsen, NIFU.

Høgskulen i Volda er fagleg sett blant dei aller skarpast profilerte høgskular i landet. Vårt fokus på kultur- og samfunnsfag og pedagogikk/utdanning er det få eller ingen andre høgskular som kan matche.

Dette kan bli gull verd, om Kunnskapsdepartementet innfører ei ny ordning med utviklingsavtalar, slik eit offentleg utval nett har foreslått.

Dette kan vere lett å gløyme i det daglege arbeidet, samarbeidet og konkurransen mellom våre fire avdelingar – så difor ei lita påminning til oss sjølv.

HVOs strategiplan seier at HVO skal vere høgskulen for samfunns- og humanvitskapane i vår region. Ingen andre høgskular i Møre og Romsdal har utdanning eller forsking på desse områda. Høgskulen i Volda er dermed avgjerande for at regionen skal få tilgang på kompetente fagfolk på desse fagområda.

Den gjeldande strategiplanen for Høgskulen i Volda vart vedtatt 29. oktober 2014.

Men kva betyr dette med samfunns- og humanvitskapane? Er det ikkje sjølvsagt? Skil dette oss frå andre?

Kva er det HVO ikkje driv med?

Vi kan illustrere vår faglege profil på ein annan måte: Kva er det vi ikkje driv med? Høgskulen i Volda tilbyr ikkje utdanning innanfor fagområde som er svært sentrale for mange høgskular – og naturlegvis også viktig for arbeidslivet:

  • Ingeniørfag
  • Sjukepleie
  • Økonomifag

I Møre og Romsdal er dette fagområde som blir godt dekt av høgskulane i Molde og Ålesund. Høgskulen i Sogn og Fjordane dekkjer alle desse fagmråda – og har lærarutdanning i tillegg.

Men dei andre høgskulane i Møre og Romsdal har ikkje lærarutdanning. Det har vi i Volda. Og vi har mange studentar på dette feltet. Ca 2/3 av studentane ved Høgskulen i Volda tek lærarutdanning eller skuleretta fag som norsk, engelsk og historie.

Den andre store studentgruppa tek profesjonsretta utdanningar som samfunnsplanlegging, sosialfag og mediefag. Men dei har samfunnsfag og/eller humanistiske fag som basis for sine utdanningar – i liten eller inga grad ingeniørfag, helsefag eller økonomi.

Men kan ein likevel seie at lærarutdanning og profesjonsutdanning særleg retta mot offentleg sektor gjev ein skarp fagleg profil? Svaret er ja – når vi samanliknar oss med andre høgskular.

HVO er spissa samanlikna med andre høgskular.

Gunnar Sivertsen ved NIFU presenterte i bladet Forskningspolitikk nr 1/2011 eit oversyn over alle dei statlege høgskulane etter kva fagområde forskarane deira publiserte innanfor i åra 2005-2009. Etter det eg kan sjå har ikkje Sivertsen utvikla dette i retning av publisering – det hadde vore svært interessant å sjå. Men i oversynet kjem det svært godt fram at Høgskulen i Volda har ein skarp fagleg profil. Høgskulane er sorterte etter kor stor andel av forskinga som er innanfor kultur- og samfunnsfag og pedagogikk/utdanning. Eventuelt kor stor del av forskinga som er innanfor Helse- og sosialfag, naturvitskap og teknologi.

Fagprofilar i forskinga ved statlege høgskular (2005-2009). Gunnar Sivertsen, NIFU.
Fagprofilar i forskinga ved statlege høgskular (2005-2009). Gunnar Sivertsen, NIFU.

Etter Sivertsens sortering syner det seg at Høgskulen i Volda i lag med Høgskolen i Nesna  har over 90 prosent av forskinga konsentrert om kultur- og samfunnsfag og pedagogikk/utdanning. I motsett ende av skalaen er teknologitunge høgskular som Narvik, Gjøvik, Stord/Haugesund og Ålesund som har eit like skarpt fokus på sine fagområde.

Ein annan måte å kartlegge fagportefølje på er å sjå på kva fagområde studentane blir tatt opp på. I figuren nedanfor er studentar tekne opp på statlege høgskular pluss Høgskolen i Molde i 2014. Dei faglege klassifiseringane er ikkje dei same som hos NIFU, men i hovudtrekk ser det ut til at høgskulane plasserer i same posisjon også etter denne måten å sortere på. Det er kanskje ikkje så overraskande – og eigentleg betryggande! – at forsking og undervisning er innanfor dei same fagområda.

Fagportefølje ved statlege høgskular - studentar tatt opp 2014
Fagportefølje ved statlege høgskular – studentar tatt opp 2014. Kjelde DBH.

Så konklusjonen må bli at Høgskulen i Volda har ein skarp fagleg profil.

Den faglege profilen vil bli mindre skarp – nærast uansett kva høgskulekonstellasjon vi eventuelt blir ein del av.

I framlegget til ny finansieringsordning for høgskular og universitet er profilering eitt av målekriteria som ekspertgruppa har foreslått.

Framlegget er no til vurdering i Kunnskapsdepartementet etter ein lynkjapp høyrinsgrunde. Profilering skal bli eitt av elementa i ein ny type styringsreiskap i vår sektor: Utviklingsavtalar mellom Kunnskapsdepartementet og lærestadene. Profilering vert eitt av kriteria som høgskulane skal vurderast etter.

Departementet omtalar ordninga slik på sine nettsider:

Et nytt grep fra ekspertgruppen er forslaget om at det innføres flerårige utviklings-, kvalitets- og profilavtaler mellom departementet og den enkelte institusjon. Hensikten er å gi hver institusjon rom for å utvikle sin profil og kvalitet i utdanning og forskning.

Lenkje til finansieringsrapporten og innkomne høyringssvar.

Leiinga ved Høgskulen i Volda er positiv til framlegget om å innføre utviklingsavtalar i sitt høyringssvar til Kunnskapsdepartementet.

Med ein eineståande skarp fagleg profil og forsking på omfang med dei beste i høgskulesektoren har Høgskulen i Volda grunn til å vere optimistisk.  Så får vi håpe at innhaldet i utviklingsavtalane blir til beste for utviklinga både av Høgskulen i Volda og sektoren samla sett.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Høgskulen i Volda – profilert og spissa»

Legg igjen en kommentar