Helsing til nye studentar hausten 2015

Helsing i høve opninga av studieåret 2015-2016 på Høgskulen i Volda.
Johann Roppen,  18. august 2015.

Roppen_apning_620

 

Her er presentasjon av helsinga på nettsidene til Høgskulen i Volda. 

Kjære alle saman. Og spesielt du som er ny som student i Volda – og kanskje for første gong skal ta til å studere!

  • Velkomen til lokalsamfunnet Volda – Studiebygd A. Norges beste studiebygd.
  • Velkomen til regionen Sunnmøre og fylket Møre og Romsdal – med verdsleiande industri.
  • Og velkomen til den globale Høgskulen i Volda – møt verda i Volda.

I Volda møtest det lokale, regionale og internasjonale, og du får ein bit av det – om du vil!

Lokalsamfunnet Volda har teke i mot studentar og andre skuleelevar i godt over hundre år. Volda har i desse åra både teke farge av dei mange studentane og lærarane deira som har kome til denne vesle bygda ved fjorden. Og eg er også heilt sikker på at studentane har teke farge av bygda Volda.

Som vi seier til våre utanlandske studentar: Volda is a place You will never forget.

Når de no skal utforske, leve og oppleve lokalsamfunnet Volda så vil de finne ut at Volda først og fremst handlar om menneske, om relasjonar, om venner for livet. Og at Volda er Studiebygda der du sjølv kan påverke ditt eige og andres liv i større grad enn du kanskje trudde var muleg. Festivalar, kroa, konsertar, friviljug arbeid – du finn det i Volda. Fadderane kjem til å syne dykk bygda og studentmiljøet på alle mulege måtar på ein meir spennande måte enn ein snart 50-åring som meg er i stand til. Så eg vil berre seie: Gled dykk til Volda! Volda gler seg til dykk!

* * *

De har også kome til ein svært spesiell region og eit spesielt fylke: Sunnmøre og Møre og Romsdal. Og her vil de møte erkesunnmøringen. Det mest kjente kulturprodukt frå vår region dei siste åra er utan tvil Fest-countrybandet Vassendgutane. Dei held til i nabokommunen Ørsta. Ein av deira mest kjende tekstar handlar etter mi meining litt om erkesunnmøringen. Omkvedet går slik:

For ej e ungkar med dobbelseng og eigen sjark.
Og ej he mykje penge.
Naust og båt og ei hytte på fjellet.
Og så vidare.

Dette er sunnmøringen slik han blir sett på i andre delar av landet, og kanskje slik han vel å framstille seg sjølv. Direkte og rett på sak og ikkje redd for å by på seg sjølv og å bragle med litt rikdom.

Sunnmøre er rikt. Verdsleiande maritim industri bygg båtar og skipsutstyr, her er mange store reiarlag som driv med oljeservice og fiske, og så finn vi store selskap som driv med fiskeoppdrett og tilgrensande aktivitetar. Desse aktiviteten blir gjerne samla under omgrepet den maritime og marine næringsklynga. Nett no er det kanskje ein bølgjedal – men det er dei vane med i desse bransjane, og dei kjem alltid tilbake.

Ei bok om ishavsfangst med utgangspunkt frå Sunnmøre hadde følgjande tittel: «Skuter av tre, mannskap av jarn.» Skuter av tre, mannskap av jarn. Det er menneske det handlar om.

Skal Sunnmøre vere ein god stad å bu og leve både no og i framtida er regionen avhengig av menneske som kan andre ting enn å lage verdas beste båtar eller verdas beste laks. Samfunnet treng gode lærarar og andre i velferdsyrke.

Men dette veit du antakelig. Du som har valt å bli lærar. Du som skal bli sosionom. Du som skal bli barnevernspedagog. Du som skal arbeide med media. Du som skal bli kulturarbeidar.

Du skal arbeide mest det kostesame, dyraste og vanskelegaste som finst. Du skal arbeide med menneske. Du skal kanskje arbeide med unge menneske. Med sårbare menneske. Og ofte med vanskelege menneske. Du skal få menneske til å arbeide og fungere i lag – og du skal sjølv fungere og arbeide i lag med andre menneske.

Det vi veit er at det i åra som kjem vil vere eit stort behov for folk som er utdanna ved høgskulen i Volda i vår region. For dei fleste av dokke som tek utdanning ved Høgskulen i Volda er dette godt nytt: De kan rekne med å finne interessante og trygge jobbar når dykk er ferdige med utdanninga.

For samfunnet er det avgjerande viktig å rekruttere dykk. I slutten av januar inviterer høgskulen og Studenttinget dykk studentar til å møte framtidige arbeidsgivarar på dagskonferansen «Kompetanse Sunnmøre». Nytt høvet til å møte framtidige arbeidsgivarar!

 

* * *

Eg har då snakka litt om lokalsamfunnet Volda – og om regionen Sunnmøre og Møre og Romsdal. Men det er altså Høgskulen i Volda du har vorte teken opp som student. Den globale høgskulen var eg så dristig å kalle oss. Og eg har sagt: Møt verda i Volda. Eg kunne like godt sag: Frå Volda kan du sjå verda. Kva betyr det?

Høgskulen i Volda har svær mange internasjonale studentar i høve til det samla studenttalet. I år har vi fleire studentar frå utlandet enn nokon gong før. Det er faktisk over 100 internasjonale studentar som tek til ved Høgskulen i Volda hausten 2015. Vi har over 100 avtalar med utanlandske universitet som er tilgjengelege for deg som student – om du ønskjer å reise ut delar av studietida di. Og dei fleste utdanningane våre har lagt opp til at det er både muleg å ønskjeleg. Som Gudmund Hernes sa det i si tid: «Gjer Noreg ei teneste: Ha deg ut!» . Men eg må vel legge til: Men kom tilbake!

Høgskulen i Volda er ein akademisk institusjon, og ein del av eit globalt kunnskapsfellesskap. Vår strategiplan seier at vi skal byggje på det fremste av internasjonal forsking. I doktorgradsprosjekta og forskingsprosjekt frå dei siste åra har forskarar frå Høgskulen hatt forskingsopphald eller samarbeid med forskarar frå USA, Storbritannia, Portugal, Spania, Kambodsja, Austerrike, Kina, Tyskland, Sverige og Danmark. Berre for å nemne nokre.

Vi startar i haust vårt første doktorgradsstudium innan helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. Dette er eit spennande tverrfagleg arbeid som sameinar så ulike fag som psykologi, sosiologi, filosofi, sjukepleievitskap og profesjonsteori for å kunne gripe og forstå dei samanhengane, dilemma og utfordringar som ein pasient og ein helse- og sosialarbeidar står oppe i. Dette første doktorgradsstudiet er ein viktig milepål for høgskulen i Volda høve til nasjonal og internasjonal anerkjenning som forskingsinstitusjon.

Vi samarbeider med Høgskolen i Molde om dette studiet, og har lært mykje av dei sidan Molde har hatt doktorgradsstudium i logistikk i mange år.

Eit anna fagleg samarbeid som kan nemnast er offentleg innovasjon der vi samarbeider med Høgskolen i Lillehammer. Blant anna om kursing av kommunalt tilsette på oppdrag frå Sunnmøre regionråd.

Nettopp desse to høgskulane har vi starta samarbeid med om innanfor ramma av ein høgskuleallianse. Dette er eit alternativ til å slå seg saman til heilt nye høgskuleeiningar. Men vi trur at eit friviljug samarbeid mellom institusjonar som har mykje til felles kan gi betre, billegare og raskare resultat enn å danne store tunge einingar som kanskje treng 10 år på å oppnå fusjonsgevinstar. Det er opp til oss sjølve å finne ut av korleis dette skal gjerast, og eg ser med stor forventning fram til samarbeidet. Vi har starta med å utforske mulegheitene for samarbeid når det gjeld forsking, marknadsføring og internasjonalisering. I løpet av dykkar år i Volda vil dette føre til spennande nye tilbod som både vil gjere våre noverande utdanningar betre og utvide studietilbodet vårt.

* * *

No er eigentleg helsingstalen min slutt. Men i denne bli-kjent med Volda og bli-kjent med deg sjølv tida er det to ting som ligg meg sterkt på hjarta å få fram:

Ta vare på kvarandre. Bry deg om dine medstudentar. Ta ansvar. Spør korleis folk har det. Og bry deg om svaret. Å flytte til ein ny stad og finne seg sjølv på ein ny stad er kanskje lettare i Volda enn mange andre stader. Men likevel: Ta vare på kvarandre. Anten det er på Rokken, på høgskulen eller på nettet.

Det var det eine.

Det andre er dette:

Fjord- og kystbygdene på Sunnmøre er berre ei smal trygg stripe mellom eit av verdas villaste og vakraste hav på den eine sida og farleg fine tindar på den andre sida.

Så bruk naturen. Bruk havet. Nyt snøen. Men ta vare på deg sjølv og andre og skaff deg kunnskapen som trengst for å ferdast trygt og å vite kva du gjer.

Vi har mange studentar, men ingen å miste!

***

Eg hadde i går den store gleda av å møte studentfadderane som skal vere med på å ta dykk gjennom den første veka her i Volda. Det er ein positiv og konstruktiv gjeng som eg veit gler seg til å bli kjent med dykk.

Så til dykk nye studentar: Volda ser fram til å bli kjent med dykk! Gled deg!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar