Samanslåing er bra – men samlokalisering er best?

Høgskulen i Volda blei til ved samanslåing av Volda lærarhøgskule og MRDH Volda i 1994. Same året vart flesteparten av dagens statlege høgskular også etablerte gjennom ei rekkje samanslåingar.

I strukturdebatten har det av og til vorte peika på at Høgskulen i Volda er resultat av ei samanslåing. Det kan då virke rart at mange i Volda er i mot nye samanslåingar. Var det ikkje rett å slå saman dei to høgskulane i 1994?

Høgskulesamanslåing i Volda i 1994: Sverre Måseidvåg, Gudmund Hernes og Ketil Jarl Halse
Høgskulesamanslåing i Volda i 1994: Sverre Måseidvåg, rektor Volda lærarhøgskule, dåverande kunnskapsminister Gudmund Hernes og Ketil Jarl Halse, rektor ved Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda.

 

 

Korleis gjekk det med samanslåingane i 1994? Dette fekk Noregs forskingsråd i oppdrag å svare på. Forskingsrådet fekk hjelp frå blant andre NIFU, Møreforsking Molde og Universitetet i Bergen (institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap) for å gjennomføre evalueringa. Arbeidet vart gjort i åra 1996-1999. Leiar for styringsgruppa for evalueringa var Petter Aasen som i dag er rektor ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold.

Ole-Jacob Skodvin stod som forfattar av delrapport nr 6: Administrasjon og faglig samarbeid ved samlokaliserte høgskoler og nettverkshøgskoler. (1999).

Nemninga samlokaliserte høgskular omfatta høgskular som vart samla på eitt høgskuleområde og/eller ein studiestad. Nettverkshøgskular hadde fleire studiestader. Det beste dømet på ein nettverkshøgskule har kanskje vore Høgskolen i Hedmark som oppgir heile seks studiestader (Elverum, Hamar, Rena, Blæstad, Evenstad og Kongsvinger). NTNU held på si side til i over 30 hus i Trondheim – og Høgskolen i Sør Trøndelag har også campus fem stader i Trondheim. Så nettverkshøgskular- og universitet er antakelig det normale.

Men det kan virke som at det normale ikkje er det optimale. Samlokalisering av campus ser ut til å vere ønskjeleg – sjølv om vi sidan 1994 blant anna har fått distanseovergripande verktøy i rikt monn. Det er nok å peike på at langt frå alle norske forskarar hadde internett på sin arbeidsplass i 1994.

Regjeringa, NTNU-leiinga og lokalpolitikarar i Trondheim var svært glade over å kunne presentere planar for eitt stort felles universitetsområde i Trondheim der både NTNU og den noverande  Høgskolen i Sør-Trøndelag skal samlast.

Regjeringen samler NTNU (Universitetsavisa 8. september 2015).

 

Universitetet i Bergen arbeider også aktivt for å utvikle forskingsklynger basert på geografisk nærleik i Bergen.

For oss som bur utanfor dei store byane er avstandar og reisetid sjølvsagte og tunge storleiker som vi tek med i all planlegging, og som også veg tungt for mange i strukturdebatten. Skal vi til Oslo, Bergen eller Trondheim er det i praksis ei dagsreise. Men fagfolka samarbeider likevel gjerne med forskingsmiljø i desse byane.

I dei store universitetsbyane er universiteta spreidde ut over heile byen. Men det er likevel snakk om reiseavstandar som kan målast i minutt – og ikkje i dagsreiser.

Det virkar difor framandt at avstand  blir brukt som avgjerande argument for samlokalisering og å byggje universitetsbygg for milliardar av kroner.

I eit byplanperspektiv finst det nok gode argument for å spreie aktivitetar rundt om i byen.

Evalueringsrapportane frå 1996-1999 fortalde også om andre erfaringar med samanslåingane. Var det skilnader mellom høgskular som vart samla på ein stad – til dømes i StudiebygdA Volda der to høgskular vart ein – og på høgskular som heldt til på fleire stader? Var det rett og nødvendig å samlokalisere?

Det er kanskje overraskande at Skodvin og hans forskingslag kom fram til at det ikkje var så mykje dyrare å ha høgskular på fleire studiestader enn å ha høgskular samla på eitt campus. I det minste gjaldt dette administrative kostnader. Men nettverkshøgskulane hadde ein mindre sentraladministrasjon og større lokaladministrasjon enn samlokaliserte høgskular.

Samlokalisering og store sentrale einingar såg altså ut til å kreve større sentraladministrasjon enn mange spreidde einingar.

Evalueringa av 1994-samanslåinange viste også at det var vanskeleg å få til fagleg samarbeid på tvers av tidlegare institusjonsgrenser – uansett om høgskulane var samlokaliserte eller ikkje. Dei tilsette ved høgskulane sa gjennom ei spørjeskjemaundersøking at dårleg administrativ tilrettelegging, kulturskilnader og geografisk avstand var viktige hinder for samordningstiltak, felles undervisning og fagleg samarbeid. Geografisk avstand vart oppfatta som eit særleg viktig hinder for tilsette ved nettverkshøgskular (side 61). Men det var ikkje så lett å få til faglege samarbeid  på tvers av fagmiljøa om dei kom under same tak heller. Kanskje er geografisk avstand ei orsaking for å ikkje drive fagleg samrøre?

Eit skremmande framtidsbilde er at dei store sentrale einingane blir seg sjølv nok, med store kostesame bygg som må fyllast med aktivitet, ein sterk sentraladministrasjon som byggjer opp seg sjølv – og med nobelprisar som overordna ambisjon – på bekostning av dei mindre nodane i nasjonale nettverk.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar