Omkamp i strukturdebatten?

Fleire tilsette ved Avdeling for mediefag har i ein artikkel teke opp ei rekkje spørsmål om Høgskulen i Volda i høve til strategiprosessen – og mange andre spørsmål. Det viktigaste er vel at dei aktuelle fagtilsette konkluderer med at Høgskulen i Volda bør søkje fusjon med NTNU. Dette er etter mi meining ikkje spesielt godt gjennomtenkt, utspelet er ikkje drøfta på dei aktuelle avdelingane og kan oppfattast som eit heilt unødvendig initiativ til omkamp.
Innlegget har blant anna stått her:

Khrono
Universitetsavisa (NTNU)

Høgskulen i Volda har hatt ein brei og open diskusjon omkring framtidig samarbeid i fleire år. Det var også tema i strategiarbeidet som engasjerte fleire enn 100 tilsette på høgskulen i fjor haust. Vi hadde ei rekkje møte i strategiarbeidet. Kvifor vart ikkje ideen om fusjon med NTNU  fremja då? Det kan seiast veldig mykje bra om NTNU, og vi har og har hatt ei rekkje samarbeid med NTNU og andre høgskular og universitet i inn- og utland. Men det er ikkje ein god ide at NTNU skal overta Høgskulen i Volda.

Fortsett å lese Omkamp i strukturdebatten?

Oppslagstavla er død – leve oppslagstavla!

Musikk, idrett, underhaldning, film, jegerkurs og anti-fascisme. Og Bygderadioen. Og Dutch-night. Du finn det på Høgskulen i Volda. Og du finn det på oppslagstavler på høgskulen.

Oppslagstavla er også bokstavleg talt oppslagstavla for smått og stort, engasjement og interesse i og retta mot studentar. Bra!

Fortsett å lese Oppslagstavla er død – leve oppslagstavla!

Æresdoktor Fet og forskingsframtida

Jostein Fet har blitt utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Ei stor og velfortent ære! Samtidig med Fet vart også tre andre sunnmøringar peika ut til æresdoktorar: Nobelprisvinnarane May-Britt og Edvard Moser og designeren Peter Opsvik, som blant anna står bak Tripp-Trapp stolen.

Alle med tilknytning til sunnmøre bør kjenne seg litt ekstra stolte over denne akademiske heideren

UiB: Åtte nye æresdoktorer (5.4.2017)

Det er store skilnader mellom Jostein Fet og Moser-paret, ikkje berre i fagleg bakgrunn, men også i publiseringsstrategi og i forskingorganisering.

Fortsett å lese Æresdoktor Fet og forskingsframtida

Etatstyringsmøte 2017 (oppdatert)

Delegasjonen frå Høgskulen i Volda møtte 3.mai til Etatstyringsmøte i Kunnskapsdepartementet.

Her er Kunnskapsdepartementets respons etter møtet.

Her er innleiinga vi presenterte i møtet:

«Høgskulen vedtok i januar 2017 ein ny strategiplan for 2017 til 2020 etter ein omfattande og inkluderande prosess der godt over 100 av våre ca 350 tilsette deltok. Vår vurdering er at strategiplanen gir god samanheng mellom mål, ambisjonar og tiltak.
Når det er sagt er diskusjonar og oppfatningar om profil, identitet og utvikling ein løpande diskusjon som styret ønskjer å diskutere vidare – blant anna i høve til strukturprosessen i høgare utdanning, regionalisering av kommunar og fylke og andre endringar som teknologisk utvikling.
Vi oppfattar Høgskulen i Volda som ein høgskule med ein tydeleg fagleg profil og særlege kvalitetar. Vi er særleg nøgde med at vi held stillinga som høgskulen i landet med best gjennomstrøyming på bachelorutdanning. Vi trur det kjem av at studentane i Volda er heiltidsstudentar på eit kompakt campus med korte avstandar. Men viktigast er det kanskje  at det er opne dører mellom studentar, tilsette og leiing. Studentane får alltid kontakt og tilbakemelding.
Desse kvalitetane vil vi vidareutvikla i åra framover. Vi har store forventningar til idean i «Kultur for kvalitet» og er glade for at desse ideala som vi all hovudsak sluttar oss til, og er glade for at dei har vorte løfta opp og fått så høg og god status.
Overordna sett er vår status god på dei fleste viktige område, eller vi er på rett veg i utviklinga.
Vi er svake på Bidrags- og oppdragsaktivitet og på mastergjennomstrøyming. Dette arbeider vi for å betre og vil gjerne fortelje meir om det i møtet.
Vår viktigaste rolle i høve til sektormåla er å gje høgre utdanning av god kvalitet i vår region og på nett, og det gjer vi på ein kostnadseffektiv måte.
Gjennom vårt faglege arbeid og samarbeidet mellom forsking, undervisning og utvikling bidreg med kritisk kunnskap til regionen og landet i høve til sentrale samfunnsutfordringar som velferdsstatens framtid og organisering, digitalisering og medialisering.»
Dei som har vore med på slike møte tidlegare seier årets møte gjekk om lag som tidlegare. Kunnskapsdepartementet har svært godt oversyn over overordna utviklingstrekk ved høgskulen.

Milliardutbygging på og ved Høgskulen i Volda (oppdatert 13.2.2018) – Status pr 2021: INNLEGGET ER UTDATERT!

Mykje av det som står i dette innlegget er ikkje lenger rett, og mykje har skjedd sidan det vart skrive, så ikkje stol på at alle fakta her lenger er rette. Les heller det nye innlegget frå 2021 der status for prosjekta i dette innlegget er oppdatert – og nye prosjekt er tilføya!

Høgskuleområdet*) ved Høgskulen i Volda har starta på ei enorm vidareutvikling som i løpet av fire-fem år vil gi eit kraftig løft både av høgskulen, Volda sentrum og heile regionen. Dei samla investeringane i Studiebygda kan kome opp i heile 3/4 3 milliardar kroner.
 Talet må takast med nokre klyper salt, for ein god del av dette er planar – som kan bli endra, utsette eller stoppa. Og ein veit ikkje heilt sikkert kva ting kostar før siste rekning er betalt. Men mykje pengar blir det. Om ein også reknar med Voldatunnelen til dei samla utbyggingane så kan vi faktisk doble beløpet – då kan det ein gong etter 2021 ha blitt bygd for til saman 1,5 3 milliardar i gangavstand frå kantina i Berte Kanutte-huset.
 
Utvikling er nødvendig og bra og eg er heilt sikkert på at både tilsette, studentar, tilreisande og folk flest er glade for at det skjer nybygging og utvikling av den største høgskulen i Møre og Romsdal.
 
Alternativet til ny- og utbygging er ikkje så lysteleg.
Alle byggefasar vil by på sine vanskar og overgangsproblem, men då er det viktig å tenkje på at resultatet er at ting skal bli betre etterpå.
Fortsett å lese Milliardutbygging på og ved Høgskulen i Volda (oppdatert 13.2.2018) – Status pr 2021: INNLEGGET ER UTDATERT!

Likestilling og karrierebygging: Kvinnelege akademiske pionerar i Volda

Utval for likestilling og mangfald og Forskingsutvalet arrangerte 15. februar 2017 seminaret «Løyper mot toppen: Likestilling og mangfald i akademia». Les program for seminaret.

Korleis kan fleire nå toppen? Seminar om likestilling og karrierebygging i akademia

Nedanfor står mi innleiing på seminaret der eg blant anna løfta fram dei kvinnelege akademiske pionerane i fag og leiing ved Høgskulen i Volda. 

Forskarforbundet ved Høgskulen i Volda held 17. mars 2017 også eit seminar om litt av dei same spørsmåla: «Karrierepolitikk og karriereutvikling for vitenskapelig ansatte i UH-sektoren» – med bidrag frå blant andre Rakel Christina Granaas – tidlegare HVO-tilsett som no arbeider i UHR (Universitets- og høgskulerådet).

Kvifor har vi eit slikt seminar ved Høgskulen i Volda – og kvifor no? Er ikkje akademikarar blant dei aller mest opplyste og progressive? Der likestilling er sjølvsagt – også i karrierebygging? Det kan godt hende, men det er også slik at framsteget kjem ikkje av seg sjølv, men må få litt hjelp – eitt steg om gongen.

Ein observasjon eg gjorde som lærar på avdeling for mediefag for mange år fortel litt om kva mekanismar som fungerer: Kvinnelege og mannlege studentar hadde like gode karakterar for å kome inn på studiet. Men i klasseromet opplevde eg gong på gong at jentene svært ofte starta sine spørmål og svar med ei lite orsaking eller eit lite atterhald. Gutane på si side gjekk rett på svaret, rett eller feil – men inga orsaking eller atterhald å spore. Eg gav beskjed til jentene om at eg ikkje ville høyre slikt utanomsnakk – og håper at dei var samde i at det var rett at dei endra seg og vart litt meir som gutane: Tenk at du er flink og har noko viktig å bidra med – kast deg ut på det! Slik vi ventar at journalistar skal gjere. Eg håper det var rett medisin.
 

Kompetansebygging og karriereplanlegging hos  akademikarar bør normaliserast og gjerast til noko som er naturleg og forventa av fagfolk på Høgskulen i Volda – som for alle andre institusjonar. Det kan ikkje vere slik at det er hemmeleg eller privatisert at ein har planar om å fordjupe seg fagleg og forske for å gjere faget og høgskulen betre. Det vil også studentane tene på.

Fortsett å lese Likestilling og karrierebygging: Kvinnelege akademiske pionerar i Volda

Studiebarometeret: Gode tal for Høgskulen i Volda

Det årlege studiebarometeret vart offentleggjort 6. februar 2017 og syner korleis studentane ved landets høgskular og universitet vurderte sine utdanningar hausten 2016. Tala for Høgskulen i Volda er gode – men vi skal sjølvsagt prøve å bli endå betre. Og så er det til dels veldig små skilnader mellom institusjonane.

Samanliknar vi oss med dei andre institusjonane eller studiestadene i Møre og Romsdal så kjem Volda også bra ut – med dei fleste studium på eller over det nasjonale gjennomsnittet.

Studiebarometeret 2016 – Møre og Romsdal

Fagbladet Forskarforum har laga ein presentasjon over resultata for alle landets høgre utdanningsinstitusjonar.

Fortsett å lese Studiebarometeret: Gode tal for Høgskulen i Volda

Rekordmange forskarar ved Høgskulen i Volda

Det har aldri vore så mange tilsette i forskarstillingar ved Høgskulen i Volda som i dag. Det er viktig å hugse på når det måndag 6. februar vart kjent at Møreforsking Volda AS ikkje lenger har aktivitet i Volda.

Sunnmørsposten 6. februar

Det som var lettast å sjå i Sunnmørspostens papirutgåve var overskrifta «Ingen forskarar i Volda». At det i tillegg står ein stikktittel med «Møreforsking» var ikkje så lett å sjå – og kunne også tolkast som at dette var ein rapport frå Møreforsking. Det blir ikkje lettare å forstå saka når ingressen kan tolkast som at dei tilsette ved Møreforsking var tilsette ved Høgskulen i Volda.

 

Database for høgare utdanning (DBH) har tal på tilsette i alle typer stillingar ved Høgskulen i Volda – og alle andre institusjonar for høgare utdanning i Noreg. Kva tala om utviklinga i talet på forskarar ved Høgskulen i Volda?

 

Tala frå DBH syner at i 2016 hadde Høgskulen i Volda 206 årsverk i forskarstillingar – som er fleire enn nokon gong tidlegare og meir enn 10 fleire i 2015. Eller for å bruke terminilogien til DBH: Høgskulen i Voldas tilsette i Undervisnings, forskings og formidlingsstillingar (professorar, dosentar, førstelektorar, førsteamanuensar og stipendiatar) utførte til saman 206 årsverk i 2016.
Desse tala vil også bli presenterte i FoU-meldinga for Høgskulen i Volda når den kjem seinare i år. Her er FoU-meldingane for tidlegare år.
Dette er også viktig å få med seg i det samla bildet av forskingsaktiviteten i Volda.
Årsverk i Undervisnings-, forskings- og formidlingsstillingar ved Høgskulen i Volda. 
År Årsverk
2016
206
2015
194
2014
195
2013
192
2012
199
2011
199
2010
204

Høgskulen i Volda – godt synleg i media – heldigvis

2016 var eit år med mange store endringar i høgre utdanning og auka fokus på høgskulane og universitet. Vi har også fått fleire aktive nettaviser som skriv mykje meir om vår sektor enn tidlegare. Dette syner også godt igjen i talet på medieomtalar av Høgskulen i Volda og andre høgskular og universitet: Vi blir stadig meir omtala i media. Og det er viktig og nødvendig.

Databasen Retriever (A-tekst) omfattar dei fleste norske media, både papiraviser, nettaviser og delar av kringkasting. Ved å telje opp treff i Retriever får ein eit overordna bilde på den samla medieomtalen av til dømes Høgskulen i Volda – eller sagt på ein annan måte: Artiklar der Høgskulen i Volda er nemnt på papir, nett og i kringkasting.

Tal frå Retriever tyder på at også i 2016 viste Høgskulen i Volda godt igjen i norske media. Retriever gir i alt nesten 2.500 treff på mediebidrag. Litt forenkla tyder tala på Høgskulen i Volda vart omtala ca 6-7 gonger pr dag – kvar dag – heile året. *)

Vi er dermed den klart sterkast profilerte høgskulen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og det har vi truleg vore i mange år. På denne nokså uvitskaplege rangeringa kjem Høgskulen i Sogn og Fjordane på ein andreplass med litt over 1.500 omtalar – noko som tilsvarer 4-5 omtalar dagleg medan Høgskolen i Molde og Høgskulen i Ålesund/NTNU Ålesund ligg litt under 1.000 omtalar i 2016. Det tilsvarer ca 2-3 medieoppslag pr dag.

Pdf-versjon av fila: retriever-hogskular-mogr-sogf-2.

Fortsett å lese Høgskulen i Volda – godt synleg i media – heldigvis

Strategiplanen er vedtatt – kva no?

Strategiplanen for Høgskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av høgskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde på styremøtet.

Og det er ein strategiplan berre for Høgskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til å minne om.

Det kom inn mange endringsframlegg i løpet av styremøtet. Dei skal innarbeidast i den reviderte planen av høgskuledirektør Jacob Kjøde. Deretter skal planen sendast styret for ein sjekk. Etter det vil planen bli signert av to styremedlemmer og offentleggjerast. Vonleg vil dette skje i løpet av første veka i februar og etter det blir planen lagt ut på nettsidene våre. Skulle det ha skjedd mistydingar kan også styret i neste møte rette dei opp når protokoll for styremøtet 26. januar skal godkjennast.
Slik er rutinen for styresaker ved Høgskulen i Volda.

Oppfølgjing

Strategiplanen skal så følgjast opp i åra som kjem – og då tenkjer eg på heile planen – ikkje berre det som handlar om struktur og eventuelle fusjonar.
Gjennom strategiplanen og oppfølgjinga skal bli  i stand til å svare både internt og eksternt på kva vi tenkjer og vil gjere med utfordringane vi står overfor. Mykje er bra – spesielt er det viktig at vi har fått akkreditert grunnskulelærarutdanninga og at arbeidet med «Sivert» – nybygget for media og formidling er godt i gjenge og er viktige tiltak i åra 2017-2020.

Fortsett å lese Strategiplanen er vedtatt – kva no?