Æresdoktor Fet og forskingsframtida

Jostein Fet har blitt utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Ei stor og velfortent ære! Samtidig med Fet vart også tre andre sunnmøringar peika ut til æresdoktorar: Nobelprisvinnarane May-Britt og Edvard Moser og designeren Peter Opsvik, som blant anna står bak Tripp-Trapp stolen.

Alle med tilknytning til sunnmøre bør kjenne seg litt ekstra stolte over denne akademiske heideren

UiB: Åtte nye æresdoktorer (5.4.2017)

Det er store skilnader mellom Jostein Fet og Moser-paret, ikkje berre i fagleg bakgrunn, men også i publiseringsstrategi og i forskingorganisering.

Moser-paret har som naturvitskaplege forskarar arbeidd i lag med kvarandre – og mange, mange andre. I databasen Medline får vi fram over hundre namn på publikasjonar der ein eller begge av Moser-paret er med, og dei har fleire hundre medforfattarar. Dei skriv for eit internasjonalt forskarfellesskap på engelsk. Slik er det  i det meste av naturvitskapleg forsking.

Kva språk forsking skal formidlast på er i seg sjølv ein interessant og viktig debatt.

Jostein Fet (f. 1924) er slik vi ventar å sjå den klassiske humanistiske forskaren slik vi ventar å sjå han: Han arbeider aleine over mange, mange år – oftast i selskap med bøker og skriftlege kjelder. I Fets tilfelle blant anna over ti tusen skifteprotokollar og andre kjelder som synte kva folk eigde – og dei eigde blant anna bøker. Mange bøker. Ulike bøker.

Jørund Fet med det synlege provet på æresdoktoratet.

I katalogen Oria finn vi 54 publikasjonar av Jostein Fet.

Og Fet skriv på norsk. Og han publiserer stort sett aleine. Men som HVO-professor Arne Apelseth sa på eit seminar på UiB i høve promosjonen: – Hadde Fets bøker vore tilgjengelege på engelsk, så hadde dei vekt sensasjon. Så kanskje burde Fet også vore utgjeven på engelsk?

Deltakarar på Fet-seminar ved UiB 2017: Frå venstre Jørund Fet, Arne Apelseth, Johan Myking, Geir Hjorthol og Johann Roppen.

Tema og data for Fet sine arbeid har  sitt utgangpunkt i norske kjelder og historiske forhold og kan oppsummerast i to av titlane til Fets bøker: Lesande bønder (1995) og Skrivande bønder (2003). Det banebrytande i Fets forsking er etter mi meining at han syner korleis almugen i Noreg både las og skreiv langt tidlegare og i langt større grad enn det som var rådande oppfatning i etablert forsking. Og lese- og skrivekunna var utbreidd lenge før skulen vart ein viktig del av kvardagen til folk flest. Lærebøkene må altså skrivast om som følgje av Fets forsking.

Skal det også i framtida vere rom for den klassiske, humanistiske forskaren?

Eller skal også framtidas humanistiske forsking orientere seg i retning av arbeidsmåtar og modellar frå naturvitskapleg forsking?

Dei tunge trendane i norsk forsking peikar i retning av større forskingsgrupper, fokus på såkalla spissa fagmiljø og kamp med, mot og om internasjonale samarbeid og forskingsmidlar. Individuelle prosjekt vert det stadig mindre plass til. Den nye humaniora-meldinga signaliserer også forventningar til at humaniora skal melde seg på for å  løyse dei store samfunnsutfordringane – altså i samarbeid med andre fagmiljø.

Humaniora i Norge, Meld. St. 25 (2016-2017)
Humaniora i Norge, Meld. St. 25 (2016-2017)

Eg håper at det også framtida blir plass også til den individuelle forskaren.

Men om Fet stort sett har publisert aleine, så har han ikkje vore aleine om arbeidet sitt. I fagmiljøa i Volda har han hatt nytte av historikarar, språkvitarar, religionsvitarar, musikkvitarar, skulefolk – og heilt sikkert også andre fagområde. Den humanistiske forskaren har altså ikkje vore heilt aleine likevel.

Og eigentleg har også Jostein Fet følgt eit systematisk forskingsprogram.

Gjennom omfattande kjeldegranskingar, systematisering av data og mange, mange publiseringar ser eg ein heilskap i Fet sitt forskingsprogram. Så kanskje kunne hans forsking også vore organisert som ei forskingsgruppe med eit forskingsprogram?

Professor Marie Nedregotten Sørbø er eit døme på ein annan forskar ved Høgskulen i Volda som har delteke i ei internasjonal forskargruppe på kvinnelitteratur på 1800-talet. Det går an.

Ein måte å formidle forskingssøknader på er å argumentere 1) kvifor eit prosjekt er viktig, 2) kvifor det er viktig at det blir utført no, og 3) kvifor det bør utførast akkurat på ein bestemt institusjon.

Om eg skulle formulere eit svar på slike spørsmål på vegne av Jostein Fets ikkje-formulerte, men likevel godt-utførte forskingsprogram, så ville eg sagt det slik,  om Fet hadde formulert forskingsprogrammet sitt omlag på den tida då DH-skulen i Volda starta:

1) Forskingsprogrammet er viktig fordi det vil gje oss ny kunnskap og rette eller justere på etablerte sanningar.

2 Det er viktig å utføre prosjektet no – altså frå starten på 1970-talet – fordi DH-skulane som eit nytt skuleslag må prove at dei kan utgjere ein skilnad ved å bidra med ny forsking på område som dei etablerte forskingsinstitusjonane har oversett, eller har andre oppfatningar av.

3) Det er viktig at dette arbeidet vert gjort ved Høgskulen i Volda fordi kjeldetilfanget finst i rikt monn i høgskulens nærområde, men kanskje er i ferd med å bli borte. Det var også viktig å utføre arbeidet ved Høgskulen i Volda fordi humanistisk forsking skulle byggast opp som eit særmerke ved den nye utdanningsinstitusjonen.

På alle desse tre kriteria burde Fets program få gode karakterar frå dei som skulle evaluert søknaden.

Jostein Fet (til venstre) og HVO-rektor Johann Roppen fotograferte under Forskingsdagane på HVO, hausten 2016.

I høve tildelinga av æresdoktoratet framført Jørund Fet på vegne av faren Jostein bakgrunn og hovudresultat for forskinga. Josten Fet sa der blant anna at hans forskingsengasjement var inspirert av opplevingar frå hans barndom og ungdom i Sykkylven der allmugens kultur utspelte seg. Forskingsinteressene hans vart også inspirert av motkulturar og distriktsperspektiva på 1960- og 1970-talet. Ja institusjonsbyggaren Fet var også sterkt involvert i å etablere DH-skulen i Volda og å påverke kva fagleg profil den nye høgskulen skulle ha. Og Fets forskingsprogram som løftar fram allmugens gløymde tekster var verkeleg eit passande forskingstema for eit nytt skuleslag som måtte prove sin verdi ved å forske på tema som andre og meir veletablerte institusjonar ikkje såg. Det seier seg sjølv at slik forsking nødvendigvis må ha eit opposisjonelt preg. Ikkje minst på bakgrunn av dette er det ei ekstra stor ære når Universitet i Bergen no har løfta Fet og hans forsking opp på nivået æresdoktor.

Det er å håpe på at resultata Fet har kome fram til og formidla i over 50 forskingsarbeid vil bli ståande som viktige bidrag – kanskje også som etablert kunnskap. Men det vi verkeleg burde håpe på er at Fets forskingsprogram også kan få leve vidare og gje oss nye kunnskap også i framtida.

Svein Ivar Angell – innlegg på Fet-seminaret

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar