Oppslagstavla er død – leve oppslagstavla!

Musikk, idrett, underhaldning, film, jegerkurs og anti-fascisme. Og Bygderadioen. Og Dutch-night. Du finn det på Høgskulen i Volda. Og du finn det på oppslagstavler på høgskulen.

Oppslagstavla er også bokstavleg talt oppslagstavla for smått og stort, engasjement og interesse i og retta mot studentar. Bra!

I desse digitale tider er det altså friviljuge som har brukt tid og krefter på å ordne med plakatar, på å gå rundt og henge dei opp. Og Høgskulen i Volda har faktisk eit plakatreglement: Merk oppslag med dato. Når datoen er ute blir oppslaga plukka ned. Og manglar dato blir dei plukka ned då også.

Litt av oppslaga på Berte Kanutte-huset, ved kantina, søndag 26. mars

Det er ikkje lite tankevekkande at studentar og anna ungdom – og ikkje minst dei som ønskjer å nå fram til ungdom – har tru på at det er lurt og nyttar å henge opp noko så tradisjonelt og enkelt som ein plakat. Eg reknar med at dei fleste plakatane ikkje står aleine, og at informasjon om tid og stad og kvifor du bør kome på eit arrangement eller engasjere seg også formidlar bodskapen på andre måtar.

Og det er ikkje småtteri som finst av mulege elektroniske informasjonskanalar. Men her ligg kanskje også problemet: Mangfaldet av kanalar er så stort at det blir vanskeleg å bli sett og høyrt i kvardagens støy og ståk. Då har kanskje dei tradisjonelle kanalane likevel sin plass?

Eit teikn på det same er at både i Volda og andre stader blir det gjeve ut «Dass-aviser» – altså veggaviser som blir klistra opp på do – gjerne på innsida av døra slik at du kan studere innhalde i ei stille stund.

Eg har også ei oppslagstavle på kontoret – der samlar eg nokre av plakatane frå hendingar på Høgskulen i Volda. Her skjer mykje spennande, så tavla vart fort full med mengdevis av spennande og fargerike bidrag frå kultur, fag og idrett. Kvar gong det kjem ein ny plakat på tavla så er det ei lita kvardagsglede som blir notert på pluss-sida. Så til plakat-klistrarane:

Hald fram – plakaten har sin plass også i vårt digitale mangfald. Og nokre av plakatane får eit litt forlenga liv på rektorkontoret.

Oppslagstavla på rektorkontoret

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar