Rekordstor barnehagekonferanse – opningshelsing

Elisabeth Welle og Hanne Elin Harnes – HVOs medlemmer av arrangementsgruppa for barnehagekonferansen 2017.

Opningshelsing på Barnehagekonferansen 2017, Ålesund 26.-27. oktober.

Høgskulen i Volda er medarrangør av Barnehagekonferansen 2017 og vi er glade og stolte over det Barnehagekonferansen har blitt. Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal blir arrangert av:

  • Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal
  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Høgskulen i Volda.

Dei tre samarbeidspartane samordnar seg i ei arbeidsgruppe og medlemmene er:

Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal:  Maren Ørjasæter Aaland og Bodil Grindvik Uri.
Frå Utdanningsforbundet Møre og Romsdal: Hilde Holmeide Aandahl og Julie Gunnstensen.
Frå Høgskulen i Volda: Elisabeth Welle og Hanne Elin Harnes.

Fortsett å lese Rekordstor barnehagekonferanse – opningshelsing

www.hivolda.no har blitt ny – men bør aldri bli ferdig

www.hivolda.no har blitt ny: 25.10.2017

Nettsidene til Høgskulen i Volda har fornya seg, og det skjedde i dag 25. oktober 2017. Det er i god tid før juletida 2017 då mange nye studentar for alvor tek til å orientere seg mot eit nytt studieår hausten 2018.

Fortsett å lese www.hivolda.no har blitt ny – men bør aldri bli ferdig

Høgskulen og næringslivet? Klart det!

Kunnskapspark 2021? Ideskisse.
Høgskulen i Volda var 18.10.2017 arena for eitt av fire dialogmøte om nærings- og samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Dette i regi av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Noregs Forskingsråd, SIVA og Innovasjon Noreg. Litt over 20 personar frå høgskulen, kommunar og private verksemder på Søre Sunnmøre deltok på møtet i Volda. Liknande møte vart halde i Rauma, Ålesund og Kristiansund.
Bakgrunnen for møtet er at Møre og Romsdal fylkeskommune har i samarbeid med andre aktørar laga ein plan for Forsking og innovasjon – ein FOI-strategi.

Fortsett å lese Høgskulen og næringslivet? Klart det!

Biblioteka på Vestlandet: Færre bøker – fleire studentar

UH Nett Vest representantar på besøk ved HVO-biblioteket

Biblioteksamarbeidet innanfor UH Nett Vest har vore godt – og vart lenge. 28. september kom representantar frå HVL (Sogndal, Bergen og Haugesund), UiB og Universitetet i Agder til Volda omvising på høgskulebiblioteket – og utfordringane er nokså like alle stader kan det sjå ut til. I tillegg deltok representant frå UiS på skype i møtedelen.

Biblioteket er plassert på ulike stader i organisasjonen på dei ulike institusjonane i UH Nett Vest: HVO, UiS og UiA: Administrasjonen. UiB: Viserektor for utdanning er leiar i bibliotekstyret. HVL: Prorektor for forsking.

Fortsett å lese Biblioteka på Vestlandet: Færre bøker – fleire studentar

FoU-prisvinnar 2017: Tor Arne Haugen. Les takketalen.

Professor Tor Arne Haugen (til høgre) vart tildelt Høgskulen i Voldas FoU-pris for 2017 frå rektor Johann Roppen. Foto: Tone Solhaug

FoU-prisen for 2017 vart 22. september 2017 tildelt professor Tor Arne Haugen ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Tor Arne Haugens takketale og rektors tale til prisvinnaren.

Takketale:

Takk for FoU-prisen 2017

Tusen takk, det er veldig gjevt å få denne prisen. Eg har elles aldri hatt så mange forvirrande samtaler som etter at dette blei offentleggjort i vår. Dette var nemleg omtrent samtidig med at det blei kjent at mi kjære kone er gravid, og det var ei periode der eg fekk svært mange gratulasjonar i gangane på Berte Kanutte. Av dei samtalene eg etter kvart forsto kva handla om, trur eg omtrent 50 % handla om graviditeten, mens 50 % handla om FoU-prisen. Men i mange tilfelle var eg framleis usikker etter at samtalen var slutt. Og det er klart at det slit på ein introvert å vera i så mange samtalar på kort tid som du ikkje heilt veit kva dreiar seg om, men det hjelper sjølvsagt når ein i alle fall veit at det er noko veldig hyggeleg. Ja, dette var jo eigentleg tidenes luksusproblem. Det er ei ære å få stå her i dag.

Fortsett å lese FoU-prisvinnar 2017: Tor Arne Haugen. Les takketalen.

Forsking i postfakta-samfunnet

Kronikk i Sunnmørsposten 20. september 2017.

I eit samfunn der fleire og fleire tvilar på fakta og kunnskap er det viktigare enn nokon gong at forskarsamfunnet strekkjer seg ut til resten av samfunnet for å ope og ærleg fortelje om korleis forsking foregår – og å gå i dialog med både brukarar og kritikarar av forsking.

Forskingsdagane er ein nasjonal og årleg forskingsfestival som kvart år blir arrangert i slutten av september. I løpet av eit par veker vert det arrangert ca 1.000 arrangement landet rundt, og ved Høgskulen i Volda er vi stolte over at vi i 2017 med heile 27 arrangement har fleire forskarar enn nokon gong før i sving for å drive forskingsformidling, eller som det heiter i den overordna målsettinga for forskingsdagane: Å skape begeistring og forståing for forsking.
Fortsett å lese Forsking i postfakta-samfunnet

Vaffelhjarte, Lillyhammer og Harry Potter – Studiestadanes semesteropningar

Semesteropning Høgskulen i Volda 2017

Mangfaldige Møre og Romsdal med sine mange studiestader har nærare 10.000 studentar på sine fire studiestader. I førre veke ønska Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU Ålesund nye studentar velkomne, og gjorde det på tradisjonelt vis med opningshøgtider – som var veldig ulike. Eg var så heldig å få vere med på alle tre og har naturlegvis gjort mine tankar om korleis dei tre studiebyane har valt å presentere seg for nye studentar og for samfunnet elles.

Fortsett å lese Vaffelhjarte, Lillyhammer og Harry Potter – Studiestadanes semesteropningar

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr fyller 70 år

 

Omtale i Sunnmørsposten 29. juli.

70-års helsing i Sunnmørsposten 29. juli 2017.

Jacob Kjøde jr er fødd og oppvaksen i Bergen. Som ein forstår av namnet har han slektsrøter blant anna frå Nordfjord.

Som mange andre bergensgutar gjorde Jacob si teneste i buekorps, som trommeslagar. I ungdommen var han ein aktiv idrettsmann og var på skulelaget både i fotball og handball, og han var også flink til å gå på ski. Han studerte til hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen og vart i studietida gift med Anne-Sofie Egset frå Volda. I 1976 flytta familien på fire til Volda der dei har budd sidan.

Fortsett å lese Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr fyller 70 år

Pensumlister og fristar

Status på emne og pensumlister, pinsehelga 2017

I 2017 har høgskulen hatt 15. mai som frist for å publisere pensumlister for hausten 2017. Inntil i fjor var fristen 1. juli. Den nye og tidlegare fristen har litt enkelt sagt både studentar, biblioteket, bokhandlarar og studieadministrasjon ønskja seg – men somme i fagmiljøa har nok lurt på kor viktig eller nødvendig det har vore med ein tidlegare frist.

Sjå studieadministrativ kalender for dei viktigaste fristane i løpet av studieåret (Innsida, krev innlogging).

Eg trur vi får betre samla kvalitet på undervisninga vår om vi gjer ferdig pensumlistene tidlegare enn før. Det handlar om studentar som ønskjer å orientere seg i eller å lese pensum i sommarferien, både studentar og bokhandlarane ønskjer å selje og kjøpe bøker og å unngå bomkjøp på grunn av seine endringar i pensum. Det handlar om at biblioteket også skal ha på plass pensum i hyllene og dei vil også kunne gjere ein betre jobb i kvalitetssikring av pensum om dei kan gjere det i juni. I juli er det vanskeleg å få til. Det handlar også om fleksibilitet i høve til lang bestillingstid og å ha rom for endringar utanfor vår kontroll – slik som at bøker ikkje lenger er råd å få tak i eller at det vert vedtekne nye lover eller retningsliner som nødvendigvis må føre til pensumendringar. Slike ting bør vi ha betre tid til å rette opp når pensumlistene er på plass så tidleg som 15. mai.

Fortsett å lese Pensumlister og fristar

Styret takka av direktør Jacob Kjøde jr

Direktøren er sekretær for Høgskulestyret, og det betyr både å førebu styresakene og syte for at vedtaka vert sette ut i livet. I åra 2001-2017 har Høgskulen i Volda hatt over 100 styremøte og handsama over 1.000 saker. Kjøde har hatt med alle å gjere.
Kjødes siste styremøte vart halde 1. juni 2017 og i lunsjpausen heldt styret ei lita markering for Kjøde i form av ei helsing frå tidlegare rektor Gunnar Stave som representant for dei fire rektorane Kjøde har samarbeidd med.
Kjøde har også vore ein pådrivar for Sunnmøre Kammermusikkfestival.
Det var difor passande at Jacob Kjøde også fekk ei musikalsk gåve der Louise Engeseth og Marie Austrheim Riise framførte to klassiske Grieg-songar: «Våren» og «Solveigs sang».
Musikalsk gåve til Jacob Kjøde jr.