Høgskulen i Volda – godt synleg i media – heldigvis

2016 var eit år med mange store endringar i høgre utdanning og auka fokus på høgskulane og universitet. Vi har også fått fleire aktive nettaviser som skriv mykje meir om vår sektor enn tidlegare. Dette syner også godt igjen i talet på medieomtalar av Høgskulen i Volda og andre høgskular og universitet: Vi blir stadig meir omtala i media. Og det er viktig og nødvendig.

Databasen Retriever (A-tekst) omfattar dei fleste norske media, både papiraviser, nettaviser og delar av kringkasting. Ved å telje opp treff i Retriever får ein eit overordna bilde på den samla medieomtalen av til dømes Høgskulen i Volda – eller sagt på ein annan måte: Artiklar der Høgskulen i Volda er nemnt på papir, nett og i kringkasting.

Tal frå Retriever tyder på at også i 2016 viste Høgskulen i Volda godt igjen i norske media. Retriever gir i alt nesten 2.500 treff på mediebidrag. Litt forenkla tyder tala på Høgskulen i Volda vart omtala ca 6-7 gonger pr dag – kvar dag – heile året. *)

Vi er dermed den klart sterkast profilerte høgskulen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og det har vi truleg vore i mange år. På denne nokså uvitskaplege rangeringa kjem Høgskulen i Sogn og Fjordane på ein andreplass med litt over 1.500 omtalar – noko som tilsvarer 4-5 omtalar dagleg medan Høgskolen i Molde og Høgskulen i Ålesund/NTNU Ålesund ligg litt under 1.000 omtalar i 2016. Det tilsvarer ca 2-3 medieoppslag pr dag.

Pdf-versjon av fila: retriever-hogskular-mogr-sogf-2.

Både for Ålesund og Sogn og Fjordane vil det bli spennande å sjå korleis marknadsføring av studietilbod og studiestader vil fungere innanfor ein større organisasjon som NTNU og for Høgskulen på Vestlandet. NTNU har sin desidert største studiestad i Trondheim medan Høgskulen på Vestlandet er størst i Bergen men skal også marknadsføre studiestadene i Sogndal, Førde, Stord og Haugesund. På den eine sida vil dei mindre studiestadene få drahjelp frå ein stor institusjon – på den andre sida er det faren å bli gløymt eller oversett innanfor ein stor institusjon.

Vender vi tilbake til tala frå Retriever og ser på tendensen over tid, så har både Volda, Sogn og Fjordane og Molde hatt ein auke i medieomtalar sidan 2013. Ålesund har gått litt opp og ned, men fekk ikkje ein auke i medieomtalar i 2016 som var første året Ålesund var ein del av NTNU.

Det hadde vore interessant å sett korleis dette utvikla seg for andre studiestader på dei mange fleir-campus høgskulane og universiteta som er det vanlegaste i høgskulelandskapet.

Det finst ikkje eit nasjonalt oversyn over kor mange studentar som er på dei mange studiestadene i Noreg, men Volda er kanskje blant dei 10-15 største.

Det er kanskje siste året det gjev meining å gjere slike målingar sidan Høgskolen i Ålesund har vorte ein del av NTNU og Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 1. januar har vorte ein del av Høgskulen på Vestlandet.

Omtale og omdømme

Vi har tidlegare fått andre målingar som tyder på at Høgskulen i Volda er mykje meir kjent enn andre høgskular av same storleik:

2015: Høgskolen har økt sin merkevarestyrke (5. januar 2015).
2016: Merkevaretracker

Andre målemåtar

PS: Webometrics har rangert norske høgskular og universitet etter korleis dei framstår på internett, og der ligg høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane langt ned på lista – faktisk ligg Høgskolen i Ålesund høgre enn Høgskulen i Volda – sjølv om Høgskolen i Ålesund vart fusjonert inn i NTNU frå 1. januar 2016. Høgskolen på Gjøvik er også å finne på statistikken, medan Høgskolen i Sør-Trøndelag ser ut til å mangle. Høgskulen i Sør Aust Noreg (HSN) vart også oppretta 1. januar 2016, men i statistikken frå Webometrics  er det oppgitt tal for dei tidlegare Høgskolen i Telemark og Høgskolen i Buskerud og Vestfold.

Rangeringa av norske høgskular og universitetet på Webometrics. 

 

*) Ein metodisk kommentar: Talet på medieoppslag i Retriever gjeld for «alle media» i Retrievers system og søkjeorda for Volda er: «Høgskulen i Volda» OR «Høgskolen i Volda». For NTNU Ålesund er søkjetermen: «Høgskolen i Ålesund» OR «Høgskulen i Ålesund» OR «NTNU Ålesund» OR «NTNU i Ålesund».

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Høgskulen i Volda – godt synleg i media – heldigvis»

Legg igjen en kommentar