Orientering til høgskulestyret, 3.11.2022

Over 800 elevar frå vidargåande skular og folkehøgskular i Møre og Romsdal og Nordfjord vitja Høgskulen i Volda under Utdanningsdagane 1. og 2.11.2022 – for å få informasjon om studietilboda våre.


På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Studiestart 2022 – talet på studentar
  • Henrik Kaarstad-huset er 100 år – Ola Borten Moe kjem
  • Lærarutdanningane
  • UH Nett Vest

Kor mange studentar er det ved Høgskulen i Volda? Oppdatert 25.10.2022: Svaret er 4.422!

Det ser ut til at vi hausten 2022 har omlag like mange studentar som vi har hatt dei siste tre-fire åra: Ca. 4.500 studentar. Men kva slags studium går dei på? Kva er dei lange linjene?

Det endelege talet på studentar på Høgskulen i Volda er i ferd med å kome på plass. Oppdatert 25.10.2022: Talet er altså 4.422. Vi har ikkje teke inn fleire nye studentar på mange veker, men alle som står registrerte som studentar må jo sjekkast opp mot lister over kven som har betalt semesteravgift, om dei faktisk har møtt opp – eller om dei kanskje har slutta. Dette puslespelet er no ferdig og talet på studentar hausten 2022 er på knapt 4.500. På den eine sida er dette nokre færre studentar enn i 2021. Men eg meiner det er meir interessant å sjå dei litt lenger linjene i talet på studentar – og på kva slags studium studentane tek: Bachelor, master, årseiningar eller kortare kurs. Eg vart litt overraska over hovudtendensane.

FoU-pris 2022 ved Høgskulen i Volda: Helga Synnevåg Løvoll

FoU-prisen for 2022: Professor Helga Synnevåg Løvoll. Foto: Karl August Swanstrøm.

I 2005 oppretta styret ved Høgskulen i Volda ein FoU-pris. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar.

Orientering til høgskulestyret, 15. september 2022

Oppussinga av Hans Strøm-huset har starta.


På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Opptak, studiestart og SHOT
  • Lærarutdanning – regionale samarbeid – Aasenkvartalet
  • SFU-søknad
  • Khrono-oppslag
  • Ukraina
  • Strategiplan og handlingsplan
  • Økonomi, avsetningar og Hans Strøm-prosjektet

Opptak, studiestart og SHOT

Studentopptaket for hausten 2022 gir eit blanda inntrykk. Vi får ei eiga orienteringssak om dette.

Opningshelsing til nye studentar 2022-2023

Opning av studieåret 2022-2023. Foto: Karl August Swanstrøm.

Click here for English version: Greetings for new students by the Volda University College, August 16th 2022, by rector Johann Roppen.

Les meir om opninga på www.hivolda.no

Kjære studentar!

Det er ei stor glede for meg og alle andre tilsette på høgskulen å få ønske deg velkomen hit til Studiebygda Volda og Høgskulen i Volda.

Vi er glade for at akkurat du, kvar og ein av dykk, alle her, har valt Volda hausten 2022. I lag med deg skal vi gjere det vi kan for at du skal få det best mogleg og lære mest mogleg her dei komande studieåra.

For å sitere mi eiga mor frå nokre år tilbake: Ei utdanning gir deg kanskje ikkje kroner i lomma med det same, men den gir deg kunnskapar – og dei har du for alltid.

I ei uroleg verd er Volda ein sval, trygg og oversiktleg stad.

I vår del av verda har vi både vorte spart for rekordvarme og tørke. Kraftprisen tel vi i øre og ikkje i kroner. Ukraina er langt borte, men vi tek også i mot studentar frå Ukraina. Det skulle berre mangle. Til dei ukrainske studentane våre vil eg berre seie:

Slava Ukraini.

Vi er med dykk.

Å skaffe seg kunnskapar handlar også om å få nye perspektiv, og nettopp derfor oppmodar eg dykk som er heilt nye studentar om å alt no byrje å tenkje på å legge inn eit utanlandsopphald i studieplanane.

Høgskulen i Volda har over 100 internasjonale samarbeidsavtalar med utanlandske universitet så det burde vere mykje å velje mellom.

Kven blir ny HVO-rektor?

Høgskulestyret har gjort vedtak om leiingsmodell ved Høgskulen i Volda og har for andre gang på fem år vedtatt at vi skal halde fram med ordninga med vald rektor – og tilsett direktør. Stillinga som høgskuledirektør er lyst ut med søknadsfrist 22. august, og i løpet av hausten skal det veljast ny rektor. Truleg vil valstyret gjennomføre valet i månadsskiftet november-desember. Så på seinhausten veit vi både kven som blir ny direktør i fast stilling og kven som blir rektor og prorektor for åra 2023-2027. Direktøren vil truleg vere på plass tidleg i 2023, medan det nye rektoratet tek til 1. august 2023.

Prosessen med tilsetting av direktør skal eg ikkje gå mykje inn på her. Eg sit som leiar i Innstillingsutvalet som er sett ned av høgskulestyret og der både dei tilsettes organisasjonar, studentar og ein dekan er med. Vi fekk god søking på stillinga for 5 år sidan då stillinga var lyst ut sist. Det er ikkje mange toppleiarstillingar for så store verksemder som Høgskulen i Volda på Sunnmøre: Med ca. 400 årsverk og ca. 400 millionar i driftsinntekter er vi ikkje ei lita verksemd, og vi har ei viktig regional rolle, så eg håper og trur vi får god søking og er sikker på at vi vil få ein godt kvalifisert og dugande ny direktør i fast stilling.

Kva så med rektor?

Rektorrolla er svært kort omtala i Universitets- og høgskulelova. Der står blant anna:

a) Rektor er styrets leder. Rektor har på styrets vegne det overordnede ansvar for og ledelse av institusjonens virksomhet og fører tilsyn med denne. Rektor, og i dennes sted prorektor, har rett til å delta i møter i alle institusjonens styrer og utvalg.

UH-loven, §10-2

Høgskulen i Volda har gjennom tradisjonar og einskildvedtak definert kva oppgåver rektor skal ha. Delegeringsreglementet vart vedtatt av styret i 2020 og der står eit oversyn over ein del av oppgåvene til rektor – og prorektor. Rektoratet er også representert – og leiar – Forskingsutvalet, Utdanningsutvalet, Tilsettingsutvalet for fagleg tilsette og ein del andre styre, råd og utval, og i sum utgjer dette den fagleg styringa av høgskulen, som eit valt rektorat skal vere eksponent for.

Året vi la koronaen bak oss? Sommarhelsing juni 2022

Kaarstad-huset, Kaarstad-parken og Kaarstad sjølv.

Kjære kolleger!

God sommar til dykk alle! Snart.
Studieåret 2021-2022 er omme. Snart.

Eg trur det er mange som kjenner på at det no skal bli godt å kunne få ta ferie. Det er vel fortent, og eg håper vi alle klarer å tenke på heilt andre ting og ta vare på seg sjølv og sine næraste i dei komande sommarvekene. 

Dette var studieåret då vi såg slutten på pandemien. Kanskje?

Studieåret starta med vaksinering, gruppetesting og drop-in testing og undervisning med koronavstand.

Men så vart det raskt betre. Vi kunne droppa korona-meteren.

Men så nærma vi oss eksamenstida – og så var koronaen der igjen. Vi måtte gjere ei hasteomlegging av eksamenane. Det vart  litt av ei jul. Og på juleavslutningane for eit halvt år sidan kunne vi vere maks 20 personar. Men vi rakk akkurat å gjennomføre julebordet før det vart nedstenging.

I januar var vi på heimekontor igjen, og igjen måtte timeplanane endrast midt i semesteret. 

Stipendiatar forlenga stipendperiode på grunn av korona.

Internasjonal dag vart digital. Det er ikkje heilt det same, men det vart gjort ein god jobb av dei som arrangerte!

Orientering til høgskulestyret 16. juni 2022

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Etatstyringsmøtet.
  • Korona og forskrift
  • Strøm-prosjektet, flytting og arbeidsmiljø
  • Lærarutdanning – regionale samarbeid – Aasenkvartalet
  • Forskingsrådet
  • Ukraina

Vald eller tilsett rektor: Korleis skal HVO styrast i framtida?

Ein vald og ein tilsett rektor på allmøte 4. april 2022.: Johann Roppen, HVO og Gunnar Yttri, HVL. Foto: Karl August Swanstrøm.


Blogginnlegget vart også publisert i nettavisa Khrono, 15.6.2022.

Neste møte i Høgskulestyret i Volda går 16. juni 2022. På dagsorden står blant anna ei sak som handlar om framtidig leiingsmodell ved Høgskulen. Det er to klare alternativ til vedtak: Rektor valt av studentar og tilsette – som i dag. Eller at rektor skal tilsettast av styret. Direktør har lagt fram ei balansert innstilling der dei to alternativa vert sett opp mot kvarandre, men direktøren har avstått frå å tilrå det eine eller andre alternativet.

I førre styremøte hadde vi også opp denne saka, og eg oppmoda der styremedlemmene om å vere nyfikne på kvarandre sine argument. Det vart etter mi vurdering ei grei og opa drøfting, og eg er sikker på at styret også i komande møte vil få ein god diskusjon av saka.

Helsing til det første kullet på den (nesten) siste skuledagen

Tilsette og nyutdanna studentar på det første masterkullet i grunnskolelærerutdanninga framfor den jubilerande 100-åringen Henrik Kaarstad-huset. Foto: Karl August Swanstrøm.


Rektorhelsing til dei nye grunnskulelærarane i høve markeringa 25. mai 2022. Les meir om markering på nettsidene våre.

Kjære studentar! Nei. Kjære lærarar!

De er no inne i dei aller siste dagane eller vekene på Høgskulen i Volda studieåret 2021-2022.

Men for Høgskulen i Volda er dykk det første kullet med lærarmaster, MAGLU, Grunnskulelærar for 1.-7. trinn, Grunnskulelærar for 5.-10. trinn eller erfaringsbasert master i undervisning og læring.

Gratulerer så mykje til dykk alle som er her i dag – de er blant dei aller første som får master-vitnemål som prov på at de har kvalifisert dykk til å bli lærarar. De skal faktisk forvalta framtida til dette landet, kunnskapen, barna, skulen som institusjon. Det er ei utrulig stor og viktig oppgåve. Eg er sikker på at med ein mastergrad i ryggen og ryggmargen så vil de gjere ein framifrå jobb.