Kor mange studentar er det ved Høgskulen i Volda? Oppdatert 25.10.2022: Svaret er 4.422!

I figuren nedanfor står eit oversyn henta ut frå DBH (Database over høgare utdanning) som no vert administrert av HK Dir (Direktoratet for kvalitet i høgare utdanning). Tala som blir presentert syner kor mange studentar som har vorte registrerte på Høgskulen i Volda dei siste åra – eller nokre utvalde år: 2000, 2005, 2010 og åra 2015-2022.

Som vi ser har høgskulen over tid fått stadig fleire studentar, men veksten er ikkje jamt stigande, men meir som hopp i trappetrinn:

  • 2000-2015: Ca 3.500 studentar
  • 2015-2018: Ca. 4.000 studentar
  • 2019-2022: Ca. 4.500 studentar

Desse tendensane heng delvis saman med nasjonale trendar – men også om lokale og regionale forhold. Sjølv vurderer eg det slik at dei siste 20 åra har Høgskulen i Volda eigentleg hatt ein nokså stabil studieportefølje. Auken i talet på studentar kjem altså i mindre grad av at vi har fått tilført nye ressursar og teke til med heilt nye studietilbod. Det kjem heller av at vi har fått fleire studentar inn på tilboda vi alt har. Men vi har også fått fleire masterutdanningar på toppen av etablerte bachelorutdanningar og naturlegvis har vi fått fleire kortare kurs – men igjen med utspring i dei fagmiljøa vi alt har.

Så vi har klart å drive effektivt og teke inn stadig fleire studentar til nesten same kostnad for staten. Så staten har fått mykje att for pengane i Volda. Samstundes er Møre og Romsdal eit fylke som ligg lågt på statistikken over andel av innbyggarane med høg utdanning. Og på lang høgre utdanning (master) så ligg vi lågast i landet – saman med Nord-Noreg. Her er ein viktig jobb for Høgskulen i Volda og dei andre UH-institusjonane i fylket i åra framover: Å utdanne fleire. Behovet for meir utdanning er stort i vår region – men merkast kanskje best når det er lågkonjunktur.

Framskrivingane for Møre og Romsdal er ikkje lystelege når det gjeld tal på 16-åringar og tal på dei som er 67 år og eldre: Vi blir færre yngre og fleire eldre i fylket dei neste ti-åra. Men for oss som driv med høgare utdanning betyr dette neppe færre oppgåver, og heilt sikkert nye oppgåver. Vi skal vere med på å utdanne folk frå dei er 19 til 69. Læring heile livet betyr at utdanningskapasiteten i høgare utdanning ikkje kan riggast etter talet på 19-åringar men etter kompetansebehova i eit livsløpsperspektiv.

Korleis er så fordelinga mellom hovudtypane av utdanningar: Kva aukar vi på? Kva minkar vi på?

I figuren nedanfor er dei same tala som i den første figuren presenterte – men no i prosenturert form.

Fordeling på ulike typer av utdanningar ved Høgskulen i Volda, 2000, 2005, 2010 og 2015-2022. Prosentuert. (Figuren vart 25.10.2022 oppdatert med tal for 2022).

Igjen er tala kanskje noko overraskande – i alle fall for meg. Eg hadde nok trudd at vi over tid har hatt ein auke først og fremst på kortare kurs – og at dette har vore med på å gi fleire studentar, men ikkje nødvendigvis fleire studiepoeng. Slik eg les tala stemmer ikkje det. Høgskulen har over tid – eller alle fall dei siste 10-12 åra hatt svært lik fordeling mellom hovudtypane av utdanningar:

  • Bachelorutdanningar: Ca. 35 prosent
  • Masterutdanningar/grunnskulelærar: Ca. 15-20 prosent
  • 1-2 årseiningar: Ca. 15-20 prosent
  • Kortare kurs på lågare nivå: Ca. 30 prosent

Det er klart at over tid varierer det noko mellom desse hovudkategoriane, men hovudinntrykket er likevel at vi har ein nokså stabil portefølje. Ei mogleg forklaring på dette kan vere noko så enkelt som at i vår region: Møre og Romsdal og Nordfjord – er det eit nokså stabilt behov for både grunnutdanning og vidareutdanning. Samstundes har vi altså hatt ein auke i talet på studentar. Ei mogleg forklaring på dette kan vere at nye tunnellar og vegar: Eiksundsambandet og Kvivsvegen – har gjort det lettare å ta utdanning i Volda og å bu i ein annan kommune. Noko som støttar denne tanken er at kapasiteten på nye bustader ved Studentsamskipnaden i Volda heller ikkje har auka med noko i nærleiken av 1.000 nye bustader dei siste åra.

I eit fylkesperspektiv er det også viktig å huske at kvinner utgjer ca. 70 prosent av studentane ved Høgskulen i Volda – og det er viktig i eit fylke der det er eit stort underskot av kvinner i 20-40 års alder – dei flyttar i stor grad ut for å få jobb og utdanning andre stader. Situasjonen hadde vore langt verre utan studietilboda ved Høgskulen i Volda.

Det er alltid kjekt å melde om at Høgskulen har fått fleire studentar enn nokon gong tidlegare. Det syner at våre utdanningar er etterspurde og at vi har gode fagmiljø. Fleire og fleire regionar har forstått kor viktig det er å ha tilbod innan høgare utdanning i sin region og arbeider hardt for å behalde eller å styrke tilboda dei alt har. Med ca. 4.500 studentar og ca. 400 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei mindre høgskulane – men vi er viktige for vår region og også nasjonalt på somme område.

I vår nye strategiplan for 2022-2025 har vi sagt at vi skal vere ein «tydeleg samfunnsaktør i regionen» – og gjennom utdanningane våre er vi det – meiner vi sjølve. Men i strategiplanen står også at vi skal ha «utvalde satsingar der vi tek eit særleg ansvar for å møte regionale behov». Innanfor utdanning er planlegging av lærarutdanningar i Kristiansund ei slik satsing. Campus Kristiansund er eit prosjekt som fylket har prioritert svært høgt – og vi ønskjer å bidra til ei slik satsing. Men vi arbeider også med planar om ei doktorgradsutdanning – og meiner det er ei viktig satsing for ein region som har få med lang høgre utdanning. Og så har vi i vårt innspel til statsbudsjettet for 2024 bede om å få planleggingsmidlar for å kunne utgreie vernepleie- og sjukepleieutdanning. I ein ny rapport i samband med den komande «utsynsmeldinga» står det at Nordvestlandet er blant regionane som manglar sjukepleiarar – så kanskje kan det bli ei ny oppgåve for Høgskulen i Volda der vi «tek eit særleg ansvar for å møte regionale behov.»

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar