Orientering til høgskulestyret, 3.11.2022

Talet på studentar:

Det endelege talet på studentar hausten 2022 vart 4.422. Det er ein liten nedgang samanlikna med 2021, men vi ser at dei siste fire åra har vi lege på ca. 4.500 studentar i gjennomsnitt, eit hakk opp frå den forrige fireårsperioden då vi vaka rundt 4.000 studentar. Og går vi endå litt tilbake til åra 2000-2010 så vaka vi rundt 3.500 studentar.

Talet på studentar ved Høgskulen i Volda 2000-2022


Framskrivingar for Møre og Romsdal syner at det fram til 2029 vil vere ein viss auke i talet på 19-åringar i Møre og Romsdal – i åra etter vil det vere mange år med jamn nedgang. På den andre sida veit vi naturlegvis lite om kva framtida vil bringe når det gjeld utvikling i arbeidsmarknaden og kva som blir etterspurnaden etter høgare utdanning. Som kjent er Møre og Romsdal eitt av fylka i landet der det er færrast med høgare utdanning, og spesielt lang høgre utdanning. Og skal ein ta på alvor slagord som lære heile livet, så er eg heilt sikker på at det blir behov for utdanning frå Høgskulen i Volda også etter 2029. 

Talet på 16-åringar og 67-åringar i Møre og Romsdal: 2020-2035.


Kaarstad-huset 100 år

100-års markeringa for Henrik Kaarstad-huset går 16. november, og blir eit flott arrangement med aktivitetar heile dagen. Vi er svært glade for at forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har prioritert å delta på feiringa. Han ønskar også å diskutere opptak på lærarutdanningane og å få ei omvising på høgskuleområdet.

Volda lærarskule, seinare kalla Henrik Kaarstad-huset.


Lærarutdanning:

Vi er godt i gang med planlegginga av lærarutdanning i Kristiansund. Det blir altså PPU-utdanning der til hausten. I samband med det er det kjekt å sjå oppslag i Khrono der det går fram at Høgskulen i Volda er ein av 5 institusjonar som uteksaminerer fleire PPU-kandidatar enn måltala. I 2021 var det 80 som fekk PPU-vitnemål, medan måltala var 72.

UH Nett Vest

UH Nett Vest hadde seminar for leiarar på Solstrand i september, og det var unison stemning for å halde fram med dette arrangementet innanfor denne ramma også i åra framover.

Deltakande institusjonar utanom Volda er Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet. Assosierte medlemmer er VID og NLA.

Andre saker:

Søknaden om ph.d.-utdanning Utdanning, språk og kultur vart sendt innan fristen 1. november.

Vi har også sendt framlegg til satsingar utanfor ramma for 2024 som oppfølging av styrevedtak i denne saka.

Øyralangs 2022: Også i år deltok også HVO-studentar frå AKF på denne lysfesten langs Øyraelva i Volda sentrum.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar