FoU-pris 2022 ved Høgskulen i Volda: Helga Synnevåg Løvoll

Her er statuttane for FoU-prisen og oversyn over tidlegare prisvinnarar.

Årets prisvinnar vart foreslått i ein svært grundig og velgrunna søknad som svarte godt på alle dei åtte kriteria som er sett opp for individuelle prisvinnarar.

Så forskingsutvalet og høgskulestyret var ikkje tvil om at årets pris er vel fortent.

Prisvinnaren disputerte i 2016 ved psykologisk fakultet, Universitetet i Bergen. I åra etter har ho hatt ei fin utvikling og stor breidde i forskingsverksemda si. Alt i 2022, seks år etter disputas, vart ho tilkjent professorkompetanse, og er den einaste i Noreg som er professor på sitt fagområde. Det kan Høgskulen i Volda vere svært stolte av.

Eg skal her kort seie litt om prisvinnarens bidrag på nokre av dei mange kriteria for FoU-prisen

  • Dei siste åra har prisvinnaren publisert 12 artiklar og bokkapittel, fleire av dei på nivå 2. Sjå oversyn over publiseringar i Cristin.
  • Mange av publiseringane har handla om Framtidsferdigheiter og «Kreativt velvære» (Creative wellbeing) som forskingsomgrep – dette er omgrep som også er omtala i høgskulens utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet, og på desse områda har også prisvinnaren bidrege til internasjonalt forskingssamarbeid.
  • Prisvinnaren har vore prodekan på Avdeling for kulturfag, som har hatt ei god utvikling i forsking og vitskapleg publisering dei siste åra. Ho har også vore seksjonsleiar i sitt fagmiljø og rettleia kolleger både på doktogradsprosjekt og i andre samanhengar. 
  • Nettavisa Forskning.no hadde eit kjempefint oppslag med prisvinnaren – eit oppslag som har vore blant dei mest leste på nettstaden og som i seg sjølv har ført til nasjonale og internasjonale kontaktar. Kommunikasjonsavdelinga ved HVO gjorde også ein god jobb med dette bidraget.

Det er også eit poeng for høgskulen at prisvinnaren gjennom opprykket til professor tidlegare i år har bidrege til at Høgskulen i Volda har fått ein betre kjønnsbalanse blant professorane og dosentane, noko som har vorte etterlyst både av oss sjølve og av Kunnskapsdepartementet. Saman med tre andre nye kvinnelege professorar berre i 2022 har Høgskulen i Volda gått frå å vere verst i klassen for få år tilbake til å ha ein respektabel andel kvinnelege professorar og dosentar.

Det er også eit poeng i seg sjølv det i år ei kvinne som er vinnar av FoU-prisen. Dette er den fjerde kvinnelege prisvinnaren sidan prisen vart delt ut for første gong i 2006. Det skulle faktisk gå 10 år – til 2016 – før vi fekk den første kvinnelege prisvinnaren – men sidan då har vi faktisk hatt menn og kvinner som prisvinnarar annakvart år.

Denne utviklinga viser at Høgskulen har gått fleire steg i rett retning. Eg håper årets prisvinnar kan vere eit «førebilete og ein modell» for andre, både for kvinner og menn. Både gjennom sitt faglege arbeid no og i framtida, men også gjennom tildelinga av denne FoU-prisen.

Eg gratulerer årets prisvinnar: Professor Helga Synnevåg Løvoll.

Foto: Marius Beck Dahle.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar