Rekordmange forskarar ved Høgskulen i Volda

Det har aldri vore så mange tilsette i forskarstillingar ved Høgskulen i Volda som i dag. Det er viktig å hugse på når det måndag 6. februar vart kjent at Møreforsking Volda AS ikkje lenger har aktivitet i Volda.
Sunnmørsposten 6. februar
Det som var lettast å sjå i Sunnmørspostens papirutgåve var overskrifta «Ingen forskarar i Volda». At det i tillegg står ein stikktittel med «Møreforsking» var ikkje så lett å sjå – og kunne også tolkast som at dette var ein rapport frå Møreforsking. Det blir ikkje lettare å forstå saka når ingressen kan tolkast som at dei tilsette ved Møreforsking var tilsette ved Høgskulen i Volda.

 

Database for høgare utdanning (DBH) har tal på tilsette i alle typer stillingar ved Høgskulen i Volda – og alle andre institusjonar for høgare utdanning i Noreg. Kva tala om utviklinga i talet på forskarar ved Høgskulen i Volda?

 

Tala frå DBH syner at i 2016 hadde Høgskulen i Volda 206 årsverk i forskarstillingar – som er fleire enn nokon gong tidlegare og meir enn 10 fleire i 2015. Eller for å bruke terminilogien til DBH: Høgskulen i Voldas tilsette i Undervisnings, forskings og formidlingsstillingar (professorar, dosentar, førstelektorar, førsteamanuensar og stipendiatar) utførte til saman 206 årsverk i 2016.
Desse tala vil også bli presenterte i FoU-meldinga for Høgskulen i Volda når den kjem seinare i år. Her er FoU-meldingane for tidlegare år.
Dette er også viktig å få med seg i det samla bildet av forskingsaktiviteten i Volda.
Årsverk i Undervisnings-, forskings- og formidlingsstillingar ved Høgskulen i Volda. 
År Årsverk
2016
206
2015
194
2014
195
2013
192
2012
199
2011
199
2010
204

Høgskulen i Volda – godt synleg i media – heldigvis

2016 var eit år med mange store endringar i høgre utdanning og auka fokus på høgskulane og universitet. Vi har også fått fleire aktive nettaviser som skriv mykje meir om vår sektor enn tidlegare. Dette syner også godt igjen i talet på medieomtalar av Høgskulen i Volda og andre høgskular og universitet: Vi blir stadig meir omtala i media. Og det er viktig og nødvendig.

Databasen Retriever (A-tekst) omfattar dei fleste norske media, både papiraviser, nettaviser og delar av kringkasting. Ved å telje opp treff i Retriever får ein eit overordna bilde på den samla medieomtalen av til dømes Høgskulen i Volda – eller sagt på ein annan måte: Artiklar der Høgskulen i Volda er nemnt på papir, nett og i kringkasting.

Tal frå Retriever tyder på at også i 2016 viste Høgskulen i Volda godt igjen i norske media. Retriever gir i alt nesten 2.500 treff på mediebidrag. Litt forenkla tyder tala på Høgskulen i Volda vart omtala ca 6-7 gonger pr dag – kvar dag – heile året. *)

Vi er dermed den klart sterkast profilerte høgskulen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og det har vi truleg vore i mange år. På denne nokså uvitskaplege rangeringa kjem Høgskulen i Sogn og Fjordane på ein andreplass med litt over 1.500 omtalar – noko som tilsvarer 4-5 omtalar dagleg medan Høgskolen i Molde og Høgskulen i Ålesund/NTNU Ålesund ligg litt under 1.000 omtalar i 2016. Det tilsvarer ca 2-3 medieoppslag pr dag.

Pdf-versjon av fila: retriever-hogskular-mogr-sogf-2.

Fortsett å lese Høgskulen i Volda – godt synleg i media – heldigvis

Helsefag for sosialarbeidarar – opningshelsing på nytt studium

Jan Einar Flø og Anne-Sofie Egset – sentrale personar bak helsefag for sosialarbeidarar.
Det splitter nye studiet «Helsefag for sosialarbeidarar» ved Høgskulen i Volda blir gjeve for første gong i vårsemesteret 2017 som eit vidareutdanningstilbod til sosialarbeidarar. Undervisninga blir gjeven i form av nettundervisning, samlingar og sjølvstudium. Studentane hadde si første samling på studiet 1. februar og her er mi opningshelsing:
 
På vegne av alle på Høgskulen i Volda tykkjer eg de skal gratulere kvarandre med at vi står her i dag og offisielt kan markere starten på det splitter nye studiet i helsefag for sosialarbeidarar.
Studiet har vore ønska av fagfolka ved Avdeling for samfunnsfag og historie – der institutt for sosialfag høyrer til. Men studiet involverer også andre fagområde på høgskulen – i seg sjølv er det spennande for oss! Det er også verdifullt at studiet har vorte utvikla i nært samarbeid med praksisfeltet og studiet i seg sjølv skal bli praksisnært.
Eg har blant anna høyrt at de skal lære å sette sprøyter.
Eit særleg spenningsmoment når det gjeld vidareutdanning i helsefag for sosialarbeidarar er at det truleg er den første utdanninga av denne typen i Noreg. Det er sikkert ein innovasjon – sjølv om ordet innovasjon kanskje ikkje er så innovativt å bruke lenger. Innovasjonar vil alle ha – men det kan koste meir enn det smakar. Men det er mange teikn på at dette kan bli ei vellukka nyvinning.

Fortsett å lese Helsefag for sosialarbeidarar – opningshelsing på nytt studium

Strategiplanen er vedtatt – kva no?

Strategiplanen for Høgskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av høgskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde på styremøtet.

Og det er ein strategiplan berre for Høgskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til å minne om.

Det kom inn mange endringsframlegg i løpet av styremøtet. Dei skal innarbeidast i den reviderte planen av høgskuledirektør Jacob Kjøde. Deretter skal planen sendast styret for ein sjekk. Etter det vil planen bli signert av to styremedlemmer og offentleggjerast. Vonleg vil dette skje i løpet av første veka i februar og etter det blir planen lagt ut på nettsidene våre. Skulle det ha skjedd mistydingar kan også styret i neste møte rette dei opp når protokoll for styremøtet 26. januar skal godkjennast.
Slik er rutinen for styresaker ved Høgskulen i Volda.

Oppfølgjing

Strategiplanen skal så følgjast opp i åra som kjem – og då tenkjer eg på heile planen – ikkje berre det som handlar om struktur og eventuelle fusjonar.
Gjennom strategiplanen og oppfølgjinga skal bli  i stand til å svare både internt og eksternt på kva vi tenkjer og vil gjere med utfordringane vi står overfor. Mykje er bra – spesielt er det viktig at vi har fått akkreditert grunnskulelærarutdanninga og at arbeidet med «Sivert» – nybygget for media og formidling er godt i gjenge og er viktige tiltak i åra 2017-2020.

Fortsett å lese Strategiplanen er vedtatt – kva no?

Styremøte torsdag 26. januar: Strategi og struktur

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr har lagt fram nytt framlegg til strategiplan for styret.

Framlegg til ny strategiplan for Høgskulen i Volda for 2017-2020 blir lagt fram for styret på det komande styremøtet torsdag 26. januar.

NB! Styremøtet blir ikkje strøyma på grunn av kollisjon med undervisning. 

Strategiarbeidet har vore undervegs i tre-kvart år og godt over 100 tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda har bidrege i arbeidet gjennom deltaking på strategiverkstader, allmøte og innspel på framlegget til strategiplan.

På nettsidene våre finn du styrepapira med saksutgreiing i strategisaka frå direktøren.

Fortsett å lese Styremøte torsdag 26. januar: Strategi og struktur

Opningshelsing til Vestlandshøgskulen

Til alle studentar, tilsette og inviterte gjester: Gratulerer med dagen! Dette er ein stor dag for alle oss som driv med forsking og høgare utdanning i Noreg.

Eg er spesielt glad for at den nye høgskulen heiter nettopp det: Høgskulen – på Vestlandet. Vestlandet og nynorsk heng i hop – og eg er glad for at høgskulen lar dette syne både i namnet og i kvardagen. Slik har vi det naturlegvis også i Volda.

Vi Volda er noko så sjeldsynt som ein høgskule som berre held til på ein stad – Volda – og med eit skarpt fagleg fokus på samfunnsfag og humaniora. Vi har også med alle fusjonar på alle nes vorte ein av dei minste statlege høgskulane i landet.

Erna Solberg sa i si opningshelsing at den nye Høgskulen var for heile Vestlandet. Det er naturlegvis litt rart å høyre for oss i Volda og Møre og Romsdal som også reknar oss som vestlendingar. Så vi i Volda er også ein høgskule for Vestlandet.

Eitt av opningsinnslaga var ei flott framføring av «Mellom bakker og berg» av Ivar Aasen.

Ivar Aasen hadde også mykje å seie om det å vere stor – men kanskje mest om å vere liten?

Blant anna seier Ivar Aasen i eitt av ordtaka han hadde samla inn:

– Alle vil store vere; ingen vil sekken bere.
– Eit stort hus tar lang tid å sope.

Og kva sa han om å vere liten?

– Det små kan smette der det store står fast.

Og så seier han det så vakkert:

– Småfuglane syng best.

***

Høgskulen på Vestlandet hadde ikkje blitt til utan Torbjørn Røe Isaksen og Bjørn Haugstad, så det var veldig passande at dei deltok på denne opninga. Eg vil slutte meg til deira oppmodingar og helsingar.

Elles fann eg eit manuskript som Torbjørn Røe Isaksen hadde forkasta – det var noko han hadde fått litt hjelp frå Bjørn Eidsvåg med:

Eg ser at du e fusjonert
Men eg kan ikkje sitte i alle komiteane for deg
Du må sitta der sjølv
Men eg vil sitta på deg
Eg vil sitta på deg

***

Det er no arbeidet tek til. Det å vere stor er ingen garanti for å lukkast.

Men eg er heilt sikker på at med godt samarbeid internt og eksternt så vil sjansane for å lukkast bli større, og det eg har sett på denne flotte opninga har vore ein veldig god start!

Så til slutt vil eg seie med Ivar Aasen – som ei oppmoding både til dykk som skal arbeid med fusjonen framover – og med samarbeid med andre institusjonar, som til dømes gjennom UH Nett Vest:

«Godt lag gjer langevegen lett.»

Lukke til med å byggje Høgskulen på Vestlandet!

Strategi og struktur – høyring og styrebehandling i januar 2017

Delar av styret for Høgskulen i Volda under møtet 8. desember 2016.
Høgskulen i Volda nærmar seg ein strategiplan. Direktøren sende ut eit høyringsnotat like før jul og svarfristen er kort: Alt 13. januar må svar ha kome tilbake for at dei skal bli råd å vedta strategiplanen på styremøtet 26. januar.
Vi er ein sjølvstendig høgskule og har eit styre som høgste organ – og strategiplanen blir difor det viktigaste styringsreiskapet for styret – og dermed for høgskulen.
På styremøtet i desember var det definitivt strukturdebatt styret var mest opptatt av. Mange av styremedlemene hadde mykje på hjarta i denne saka og eg meiner det var rett å bruke god tid på den kanskje viktigaste saka styret kan arbeide med. Orientering om strukturprosessane har vore fast tema på alle styremøte både i 2015 og 2016.

Fortsett å lese Strategi og struktur – høyring og styrebehandling i januar 2017

Aviskommentar: Campus Kristiansund – eit maratonløp (oppdatert)

Høgskulesenteret i Kristiansund.

Denne aviskommentaren stod på trykk i Sunnmørsposten og Tidens Krav 21. desember 2016. Kommentaren er i denne bloggen oppdatert med vedtak i Stortinget om Høgskulesenteret i Kristiansund – sjå nederst. 

Per Vidar Kjølmoen i Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal har i eit lesarinnlegg i ei rekkje lokalaviser i fylket fortalt om Fylkestinget i Møre og Romsdal sitt vedtak om å bruke 4 millionar kroner til planlegging av Campus Kristiansund i samarbeid med høgskulane i Volda og Molde.

Fortsett å lese Aviskommentar: Campus Kristiansund – eit maratonløp (oppdatert)

Velkomen 2017: Året blir innhaldsrikt, spennande, utfordrande – og godt?

Vi er i ferd med å legge bak oss 2016. Det viktigaste stikkordet for Høgskulen i Volda i 2016 kunne kanskje vore strukturprosess. Men framfor alt meiner eg akkreditering var årets ord i 2016.
Strukturprosessen – men særleg akkreditering av grunnskulelærarutdanningane har gjeve mange på høgskulen mykje ekstraarbeid. Resultatet har så langt vore at vi får halde fram mest som før: Som sjølvstendig høgskule med gode grunnskulelærarutdanningar – og mange andre spennande fagtilbod.
2016 hadde nok bydd på svært mykje større utfordringar og vanskelege val om både strukturprosess og akkreditering hadde gjeve eit anna utfall.
Strukturprosessen går vidare inn i 2017 og inn i den komande strategiperioden. Vi skal starte opp og levere resultat på dei nye grunnskulelærarutdanningane. Begge deler stiller oss overfor store utfordringar.
Men 2017 vil bli eit rikt og mangfaldig år! Det er ikkje småtteri av spennande oppgåver som står i kø. Dei mange oppgåvene vil påverke alle tilsette og studentar i større og mindre grad. Men mange av oppgåvene er skikkeleg spennande og gjev etterlengta oppgraderingar – så vi bør vente oss eit skikkeleg kvalitetsløft i løpet av året. Men som vi veit: Omorganiseringar og ny teknologi treng slett ikkje vere berre sol og glede og framsteg – ein må rekne med gråversdagar også.
Her er mi liste over ting som skal skje i 2017. Lista er ikkje i prioritert rekkjefølgja eller sortert etter omfang – og eg er sikker på at det også finst fleire andre prosjekt eller prosessar som også burde stått på ei slik liste:
  • Ny strategiplan skal opp på styremøtet i januar og gje prioriteringar for dei neste åra. Der vil det stå viktige ord om satsingsområde, om avdelingsstruktur om forskingsgrupper. Og om sjølvstende og fusjon.
  • Strukturprosessen rullar vidare. Styret vurderer dette i lag med resten av strategien og alle tilsette og studentar bli inviterte med til å meine noko om dette i desember 2016 og januar 2017.
  • Nye nettsider skal opp å stå våren 2017 og vil gje oss eit heilt nytt andlet for  oss sjølve og omverda. Dei kjem ikkje på plass før etter 15. april.
  • «Ny» Fronter må velgjast i 2017 – og det vil påverke arbeidsdagen og studiekvardagen til alle studentar og fagtilsette – og truleg også mange i administrative stillingar. Eg veit mange er glade for at Fronter skal få kvile – og håper at avløysaren blir ein kveik.
  • Nytt system for pensumlister er i kjømda og kjem kanskje til hausten 2017. Det vil påverke kvardagen både til fagtilsette og mange administrativt tilsette.
  • Planlegging av nytt mediehus vil gå heile året og alle avdelingane skal delta i arbeidet.
  • Start av to nye grunnskulelærarutdanningar: Akkreditering var første steget – no skal studentar rekrutterast og gjevast ein god start – og der tre avdelingar skal løfte i lag.
  • Akkreditering og start av engelskspråkleg mediemaster – saka ligg hos NOKUT – og når den blir akkreditert blir det vår første engelskspråklege grad – og blir ei spennande utfordring for dei to avdelingane som er involvert.
  • Vurdering av fortsatt vald eller tilsett rektor – som styret har tinga og der tilsette blir inviterte til seminar 1. februar for å diskutere saka.
  • Tilsetting av ny direktør – utlysinga kjem truleg på styremøtet i mars etter at styret har diskutert spørsmålet om vald eller tilsett rektor.
  • Programevaluering av sosialarbeidarutdanningane.
  • Evaluering av Høgskulen i Voldas kvalitetssystem: Etter NOKUTs vanlege rytme skal dette skje i 2017.
  • Vurdering av framtida til idrettsbygget og symjehallen – Statsbygg kjem vonleg med ein rapport om kort tid – noko som vil vere særleg viktig for idrettsfaga og alle som har kroppsøving som ein del av undervsninga – og for studentvelferd i Volda.
  • Volda Campus Arena: Det er store planar i nabolaget på ei tomt som vi trudde var sikra for vidare utbygging av Høgskulen. Kva blir konsekvensane for Høgskulen i Volda? Skal vi ha ei rolle i prosjektet?
  • Det første store prosjektet for Studentsamskipnaden i Volda er inntil 120 nye bueiningar ved blokkene på Heltne. For studentsamskipnaden blir dette det største byggjeprosjektet i Volda på 20 år. Når dei nye bustadene er på plass vil også dei fem blokkene på Porse og Heltne bli renoverte og oppgraderte.
Så mi julehelsing til alle tilsette og studentar: Takk for eit godt 2016!
Vi kan alle gle oss til eit spennande, utfordrande 2017 som vil gjere Høgskulen i Volda til ein endå betre stad å lære, leve og oppleve!
God jul og godt nytt 2017!
Med helsing
Johann Roppen, rektor

GLU-akkreditering (2): Julegåve i november – men no startar arbeidet

GLU-akkrediteringa har fått si velfortente feiring - men no startar arbeidet.

GLU-akkrediteringa har fått si velfortente feiring – men no startar arbeidet for alvor.

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning hadde for lenge sidan planlagt seminar på Sæbø for å planlegge vidare arbeid med grunnskulelærarutdanningane. Tanken var nok å ta høgde for vidare arbeid med akkrediteringssøknaden av GLU.
Sjølv deltok eg på seminaret 30. november og føler at eg lærer stadig vekk noko nytt om utfordringane i lærarutdanninga. Men det som slo meg mest både på seminaret og i den hektiske innsendingsfasen dei siste vekene var entusiasmen overfor faget og profesjonen som dei tilsette la for dagen – og som  har vore heilt nødvendig for å kome i mål med akkrediteringssøknaden. Vel blåst! Så langt.

Fortsett å lese GLU-akkreditering (2): Julegåve i november – men no startar arbeidet