Opningshelsing til Vestlandshøgskulen

Til alle studentar, tilsette og inviterte gjester: Gratulerer med dagen! Dette er ein stor dag for alle oss som driv med forsking og høgare utdanning i Noreg.

Eg er spesielt glad for at den nye høgskulen heiter nettopp det: Høgskulen – på Vestlandet. Vestlandet og nynorsk heng i hop – og eg er glad for at høgskulen lar dette syne både i namnet og i kvardagen. Slik har vi det naturlegvis også i Volda.

Vi Volda er noko så sjeldsynt som ein høgskule som berre held til på ein stad – Volda – og med eit skarpt fagleg fokus på samfunnsfag og humaniora. Vi har også med alle fusjonar på alle nes vorte ein av dei minste statlege høgskulane i landet.

Erna Solberg sa i si opningshelsing at den nye Høgskulen var for heile Vestlandet. Det er naturlegvis litt rart å høyre for oss i Volda og Møre og Romsdal som også reknar oss som vestlendingar. Så vi i Volda er også ein høgskule for Vestlandet.

Eitt av opningsinnslaga var ei flott framføring av «Mellom bakker og berg» av Ivar Aasen.

Ivar Aasen hadde også mykje å seie om det å vere stor – men kanskje mest om å vere liten?

Blant anna seier Ivar Aasen i eitt av ordtaka han hadde samla inn:

– Alle vil store vere; ingen vil sekken bere.
– Eit stort hus tar lang tid å sope.

Og kva sa han om å vere liten?

– Det små kan smette der det store står fast.

Og så seier han det så vakkert:

– Småfuglane syng best.

***

Høgskulen på Vestlandet hadde ikkje blitt til utan Torbjørn Røe Isaksen og Bjørn Haugstad, så det var veldig passande at dei deltok på denne opninga. Eg vil slutte meg til deira oppmodingar og helsingar.

Elles fann eg eit manuskript som Torbjørn Røe Isaksen hadde forkasta – det var noko han hadde fått litt hjelp frå Bjørn Eidsvåg med:

Eg ser at du e fusjonert
Men eg kan ikkje sitte i alle komiteane for deg
Du må sitta der sjølv
Men eg vil sitta på deg
Eg vil sitta på deg

***

Det er no arbeidet tek til. Det å vere stor er ingen garanti for å lukkast.

Men eg er heilt sikker på at med godt samarbeid internt og eksternt så vil sjansane for å lukkast bli større, og det eg har sett på denne flotte opninga har vore ein veldig god start!

Så til slutt vil eg seie med Ivar Aasen – som ei oppmoding både til dykk som skal arbeid med fusjonen framover – og med samarbeid med andre institusjonar, som til dømes gjennom UH Nett Vest:

«Godt lag gjer langevegen lett.»

Lukke til med å byggje Høgskulen på Vestlandet!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar