Strategi og struktur – høyring og styrebehandling i januar 2017

Delar av styret for Høgskulen i Volda under møtet 8. desember 2016.
Høgskulen i Volda nærmar seg ein strategiplan. Direktøren sende ut eit høyringsnotat like før jul og svarfristen er kort: Alt 13. januar må svar ha kome tilbake for at dei skal bli råd å vedta strategiplanen på styremøtet 26. januar.
Vi er ein sjølvstendig høgskule og har eit styre som høgste organ – og strategiplanen blir difor det viktigaste styringsreiskapet for styret – og dermed for høgskulen.
På styremøtet i desember var det definitivt strukturdebatt styret var mest opptatt av. Mange av styremedlemene hadde mykje på hjarta i denne saka og eg meiner det var rett å bruke god tid på den kanskje viktigaste saka styret kan arbeide med. Orientering om strukturprosessane har vore fast tema på alle styremøte både i 2015 og 2016.

Både i styret og i andre forum håper eg struktursaka blir diskuterert som ein del av strategiplanen – og ikkje som ei sak for seg. Eller for å seie på det ein annan måte: Først må vi vite kva som er våre strategiske utfordringar – deretter må vi vurdere om vi er rett rigga for å nå måla. Og endå meir spissformulert: Er det betre for Høgskulen i Volda å bli styrt av eit anna styre – eit styre der tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda er i mindretal?

Dei strategiske utfordringane til Høgskulen i Volda for dei komande fire åra kan oppsummerast slik:
  • Studentrekrutteringa må betrast.
  • Det er for dårleg gjennomstrøyming på fleire masterprogram.
  • Det er krevande å bygge opp den femårige grunnskulelærarutdanninga (GLU)
  • Vi har for låge bidrags- og oppdragsinntekter (BOA) frå eksterne kjelder.
  • Vi må bli endå betre på kompetanseheving og rekruttering av fagfolk.
  • Vi har for få kvinner i toppstillingar.
  • Den nye finansieringsordninga gjev oss strammare økonomi.
  • Det er uvisse knytt til det å vere ein liten aktør i det nye UH-landskapet.
  • Bergen Media By kan bli ein hard konkurrent til våre medieutdanningar.
Kva set oss best i stand til å styrke oss på desse områda dei neste fire åra? Fortsatt sjølvstende med samarbeid med andre aktørar? Fusjon med ein annan aktør? Kan vi rekne med å få større ressursar om vi slår oss saman med nokon andre? Vil regionale politikarar betre tale vår sak om vi blir ein del av ei større eining?
Fusjon vil uansett medføre at Høgskulen i Volda ville få eit styre der tilsette og studentar i Volda er i mindretal. Vi styrer ikkje lenger oss sjølve.
Dei to fusjonsalternativa som direktøren peikar på i si saksutgreiing er nordover mot Molde – eller sørover mot Universitetet i Bergen. Som eg sa på styremøtet i desember så talar regionale omsyn for å orientere seg mot Molde. Faglege omsyn talar for orientering mot Bergen. Det er få nye faglege gevinstar å hente i Molde. Og det er uvisse omkring mediefaga og Bergen Media By ved å gå til Universitet i Bergen. Det framstår også som høgst usikkert om dei to institusjonane ønskjer fusjon med Volda, men røyster i styret ønskjer nok at Høgskulen i Volda skal ta ei meir aktiv rolle – ja eitt styremedlem har i ein protokolltilførsel også presisert at han meiner at Høgskulen i Volda må forlate sjølvstendelina.
Uansett kva styret landar på i strukturspørsmålet håper eg styret kan vere samde om at Høgskulen i Volda ikkje er i ein tvangssituasjon – vi MÅ ikkje fusjonere.
Dei svakaste høgskulane fekk eit klart ultimatum frå Kunnskapsdepartementet om å slå seg saman – med nokon andre. Ein slik beskjed har ikkje vi fått – og ville heller ikkje vere ein rett beskrivelse av Høgskulen i Volda.
Den mest konkrete bekymringa frå departementet si politiske leiing har vore om vi ville klare akkreditering av grunnskulelærarutdanning – og der har vi fått tilsagn og venteleg ganske snart den endelege godkjenninga. Nedskjeringane i budsjettet vårt i åra som kjem kunne også vore kopla til strukturprosessen. Det kunne vore tolka som straff for at vi har vore ulydige. I så fall har også fusjonert høgskular vorte straffa så det er vanskeleg å tru på det. Vi har også fått ei ny stipendiatstilling i statsbudsjettet for 2017.
Det ville også vere eit nokså dårleg utgangspunkt for eventuelle fusjonsforhandlingar om ein plasserte seg i ein tvangsposisjon: At ein MÅ fusjonere. Med nokon.
Strukturprosessen må koplast til dei strategiske utfordringane våre. Konklusjonane bør ikkje dragast ut frå tankegangen at mange andre har fusjonert, at mange politikarar ønskjer seg større høgskular eller at det er risikabelt å stå aleine. Diskusjonen bør konkretiserast og koplast til dei strategiske utfordringane. Og det er fusjonsalternativa som først og fremst må bli avkrevd potensiale når det gjeld å løyse våre strategiske utfordringar på ein betre måte enn i dag.
Pr i dag framstår begge dei to fusjonsalternativa som problematiske for Høgskulen i Volda. Men det blir feil å sette sjølvstende opp mot fusjon, sidan dei to fusjonsalternativa framstår som så vidt forskjellige. Og det går godt an å vere tilhengar av ein fusjon i ei retning – og motstandar av fusjon i den motsette retninga. Ja til Bergen og nei til Molde. Eller omvendt.
I førre styremøte var det fleire som tok til orde for å halde fram på sjølvstendelina men å halde seg løpande orientert om utviklinga. Eg trur ikkje det er ein dårleg strategi og eg er heilt sikker på at vi i den komande fireårs-perioden kan klare oss minst like godt som sjølvstendig høgskule som ein del av ei større eining.
For meg er det viktig kva dei tilsette og studentane meiner om desse og andre strategiske spørsmål, så eg håper avdelingane, studenttinget og fagforeningane kjem med gode innspel til styret før det komande møtet.
Når alt er lagt på bordet i denne saka, er det sjølvsagt til slutt styret som styrer. Styret skal seinare i vår også vedtak kva  styringsmodell vi skal ha – valt eller tilsett rektor – og det vil kanskje ha like stor verknad i arbeidskvardagen som ny strategiplan.
Difor er det særleg viktig å medverke til at alle synspunkt kjem fram, og at flest mogleg engasjerer seg i ei sak som er svært viktig for vidare utvikling av HVO.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar