Helsefag for sosialarbeidarar – opningshelsing på nytt studium

Jan Einar Flø og Anne-Sofie Egset – sentrale personar bak helsefag for sosialarbeidarar.
Det splitter nye studiet «Helsefag for sosialarbeidarar» ved Høgskulen i Volda blir gjeve for første gong i vårsemesteret 2017 som eit vidareutdanningstilbod til sosialarbeidarar. Undervisninga blir gjeven i form av nettundervisning, samlingar og sjølvstudium. Studentane hadde si første samling på studiet 1. februar og her er mi opningshelsing:
 
På vegne av alle på Høgskulen i Volda tykkjer eg de skal gratulere kvarandre med at vi står her i dag og offisielt kan markere starten på det splitter nye studiet i helsefag for sosialarbeidarar.
Studiet har vore ønska av fagfolka ved Avdeling for samfunnsfag og historie – der institutt for sosialfag høyrer til. Men studiet involverer også andre fagområde på høgskulen – i seg sjølv er det spennande for oss! Det er også verdifullt at studiet har vorte utvikla i nært samarbeid med praksisfeltet og studiet i seg sjølv skal bli praksisnært.
Eg har blant anna høyrt at de skal lære å sette sprøyter.
Eit særleg spenningsmoment når det gjeld vidareutdanning i helsefag for sosialarbeidarar er at det truleg er den første utdanninga av denne typen i Noreg. Det er sikkert ein innovasjon – sjølv om ordet innovasjon kanskje ikkje er så innovativt å bruke lenger. Innovasjonar vil alle ha – men det kan koste meir enn det smakar. Men det er mange teikn på at dette kan bli ei vellukka nyvinning.

Blant anna har det kome svært positive signal frå Helsedirektoratet. Det er viktig og eit teikn på at dette fagleg sett er rett studium til rett tid – og eg trur det er eit teikn på at også arbeidsmarknaden ser at dette studiet kan gje nødvendig og ettersuprt tverrfagleg kompetanse.
Dette er også spennande fordi vi vil drive utdanninga på ein utradisjonell måte – gjennom ein kombinasjon av nettstudium og med samlingar. Dette er det første tilbodet på sosialfag etter ein slik modell. Høgskulen i Volda har i mange år hatt slike fleksible utdanningstilbod på andre fagområde, og nærare ein fjerdedel av dei ca 4.000 studentane våre er primært nettstudentar. Det er mange studentar ein høg andel for høgskular. Så vi bør ha eit godt grunnlag for å gi eit godt tilbod også på denne vidareutdanninga.
Eg håper at de vil oppleve det som andre studentar på andre nettstudium hos oss har oppevd: Personlege, fagleg gode tilbakemeldingar frå engasjerte lærarar framfor overflatiske knappar og blinkande glansbilde.
Dette er også spennande fordi vi som utdanningsinstitusjon har få tilsette med helsekompetanse. Men vi har mange, mange års erfaring med å utdanne sosialarbeidarar og har utdanningar på bachelor, master, og doktorgradsnivå. Gjennom dette studiet vil vi tilsette fagfolk med helsekompetanse og utvikle nettverka våre med utdanningsinstitusjonar og andre institusjonar på helseområdet.
Eg vil her særleg nemne at vi i 2015 starta vår første doktorgradsutdanning netopp på helse og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Molde. Det fulle namnet på utdanninga er «Ph.D. i helse- og sosialfag: Vilkår for profesjonsutøving.» Vi har i dag til saman 16 doktorgradsstudentar på studiet – og den første skal faktisk disputere i vår.
Gjennom samarbeid med helseorienterte fagfolk på andre institusjonar har dei ansvarlege for studiet sett saman ei spennande vidareutdanning med gode faglege krefter.
Så for meg som rektor på Høgskulen i Volda ser det i dag ut til at dei som har stått bak studietilbodet har lukkast godt.
De som no har vorte studentar har vore entusiatiske – og det er avgjerande for at vi står her i dag: De har vore vakne først og fremst på Facebook og i lag med mange andre gitt oss utruleg rask respons – studiet vart fullt på rekordtid. Vi måtte stenge søkinga etter få dagar. Og det før vi eigentleg hadde starta marknadsføringa på andre kanalar enn Facebook. Det trur eg ikkje har skjedd hos oss tidlegare! Så vi kan vel seie at vi vart tatt litt på senga av den enorme interessa.
Men vi har heller ønska litt færre enn for mange studentar i det første kullet. Fordi vi ønskjer å ta oss best muleg av dykk som no tek til på eit heilt nytt studium. Eg håper de vil vere aktive studentar på alle måtar – ikkje minst fagkritisk slik at vi kan vere trygge på at vi for komande kull kan få ein meir fasttømra modell som vi kan tilby til fleire studentar – og gjerne på fleire stader.
Etter at eg har sett på studieplanen er eg sikker på at den legg godt tilrette for at kvar einskild av dykk kan bli ein betre sosialarbeidar. Samtidig blir de ein verdifull tilvekst for organisasjonane eller institusjonane de skal arbeide på. Anten der du arbeider no – eller der skal arbeide i framtida.
Så til slutt vil eg seie lukke til – til alle involverte – eg trur dette både blir spennande, utfordrande, lærerikt – og kjekt!
Meir om studiet / kontaktpersonar:

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *