GLU-akkreditering (2): Julegåve i november – men no startar arbeidet

GLU-akkrediteringa har fått si velfortente feiring - men no startar arbeidet.

GLU-akkrediteringa har fått si velfortente feiring – men no startar arbeidet for alvor.

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning hadde for lenge sidan planlagt seminar på Sæbø for å planlegge vidare arbeid med grunnskulelærarutdanningane. Tanken var nok å ta høgde for vidare arbeid med akkrediteringssøknaden av GLU.
Sjølv deltok eg på seminaret 30. november og føler at eg lærer stadig vekk noko nytt om utfordringane i lærarutdanninga. Men det som slo meg mest både på seminaret og i den hektiske innsendingsfasen dei siste vekene var entusiasmen overfor faget og profesjonen som dei tilsette la for dagen – og som  har vore heilt nødvendig for å kome i mål med akkrediteringssøknaden. Vel blåst! Så langt.

Eg trur den femårige grunnskulelærarutdanning i Volda kan bli ei svært god utdanning som både studentar og framtidige arbeidsgjevarar vil verdsette. Det er også veldig kjekt å vere først ute blant utdanningane som har fått NOKUTs kvalitetsstempel.

Vi vil frå hausten 2017 tilby desse masterfaga i grunnskulelærarutdanninga:

 GLU 1-7  GLU 5-10
Norsk
Matematikk
Spesialpedagogikk
Norsk
Matematikk
Spesialpedagogikk
Samfunnsfag
Engelsk

Vi har skaffe oss mange gode professor II for å få høg nok kompetanse på somme fagområde. Men vi har gode erfaringar med at professor II klarer å løfte fagmiljøa våre, og i mange tilfelle også knyter våre forskarar saman med spennande fagmiljø i inn- og utland. Når det blir gjort opp status for 2016 vil det syne at Høgskulen i Volda har tilsett seks professor II og ein dosent II som i ulik grad vil styrke våre framtidige grunnskulelærarutdanningar. Av desse sju har tre sin hovudarbeidsplass ved Universitetet i Bergen, to ved Universitet i Stavanger, ein ved Høgskolen i Oslo og Akershus og ein ved Universitetet i Helsinki.

Framtidsutsiktene når det gjeld kompetansebygging er gode. Over tid har Høgskulen i Volda – til liks med dei fleste andre høgskular fått stadig høgare kompetanse i staben. Vi passerte i 2015 den magiske grensa med 50 prosent førstekompetente – og i 2016 er andelen endå høgare. Utviklinga har vore fantastisk sidan 1994 då Høgskulen i Volda vart skipa og vi truleg kunne telje på eit par hender alle tilsette som hadde doktorgrad.

Dette betyr ikkje at vi har høg nok kompetanse på alle våre fagområde, og det vil bli ei utfordring å oppretthalde og vidareutvikle toppkompetansen på alle dei fem fagområda som grunnskulelærarutdanninga vil tilby masterfag på.

Men den førstkomande utfordringa når det gjeld GLU er å marknadsføre dettte nye tilbodet overfor framtidige studentar, samarbeidspartar og framtidige arbeidsgjevarar. Det er nok nytt for mange 19-åringar at dei no kan ta lektorutdanning i Volda – ja, det er vel heller ikkje heilt rett å kalle grunnskulelærarutdanninga for lektorutdanning.

Det er også nytt for praksisstadene – skulane – der våre GLU-studentar skal få viktige delar av av si undervisning. Det som vert kalla «forskarblikket» skal inn i undervisninga, studentane skal skrive masteroppgåver – og også på praksisstadene skal forskingsorienteringa tydeleggjerast. Det blir ein spennande prosess i åra som kjem.

Sjølv trur eg at samfunnet vårt framleis har mykje å gå på når det gjeld kunnskapar og utdanningsnivå. Det er store regionale variasjonar i gjennomsnittleg utdanningsnivå i noreg. Oslo har ein langt høgare andel høgt utdanna enn i dei fleste andre delar av landet. Ingen har etter det eg kjenner til hevda at utdanningsnivået i Oslo er for høgt – at det er for mange akademikarar og forskarar i hovudstaden.

Også i Møre og Romsdal fylke er det store skilnader mellom kommunane, og det ser ein blant anna ved at det slett ikkje er alle som arbeider i skulen i Møre og Romsdal som har rett eller høg nok utdanning. Når utdanninga til grunnskulelærarar på få år har vorte heva frå tre til fire og no til fem år betyr det også at behovet for og forventningane til etterutdanning vil auke. Det vil vere eit stort og veksande behov for utdanningane ved Høgskulen i Volda i åra som kjem. Vi gler oss!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *