Likestilling og mangfald: Status og utvikling ved Høgskulen i Volda

Men ved at vi er ein liten sjølvstendig høgskule bidreg vi til instusjonsmangfaldet. Kanskje har vi også fått ei god utvikling fordi vi har fått halde på med det daglege arbeidet og ikkje har fått store fusjonsprosessar å arbeide med. 

Det er tre ting eg vil fortelje om oss som eg håper skal vere lett å huske om Høgskulen i Volda når vi snakkar om mangfald: 

  1. Vi er veldig stolte av at vi 2018 kunne sjå hundrevis av studentar og tilsette bidra i i verdas første Bygdepride –  i Volda. 
  2. I haust går vi inn i ein ny fireårig dekan- og rektorperiode. Vi vil då ha klart kvinneflertall i leiinga.
  3. Vi får stadig fleire kvinnelege toppkompetente. Dette er eit punkt vi har fått kritikk for tidlegare. 

1 Bygdepride

Det vart ei nokså uventa massemønstring i Volda fjor. I ei Volda bor det ca 8.000 fastbuande og 2-3.000 studentar. Og heile 4.000 valde å gå i tog – for å støtte ideane bak Pride-rørsla. Den lokale bakgrunnen var velplasserte provokasjoner og ein herleg krangel i lokalavisa. På den eine sida stod ein konservativ pastor. På den andre sida var yngre frilynte – mange av dei tilsette og studentar på høgskulen – og med vår komande prorektor som ein av dei mest aktive i debatten.

Bygdepride i Volda 2018

Men resultatet vart altså ei folkeleg massemønstring med brei støtte til landets første Bygdepride. Det var altså i Volda det skjedde.  
Volda er ei bygd som i over 150 år har vore ein lærestad – sterkt prega av ungdom og studentar. Her har nye tankar kunne få vekse fram, kanskje, slå rot og spreiast. Men også der ulike tankar kan bryne seg mot kvarandre.


2 Fleire kvinnelege leiarar 

Lærararstudentar – ca 1861

Sidan 1920 har  kvinnene vore i fleirtal blant våre studentar. I dag utgjer kvinner ca 70 prosent av våre studentar. 

Men kva år vart kvinner i fleirtal blant dei tilsette? Først i 2012. Det høyrest veldig seint ut – men vi skil oss faktisk ikkje frå universiteteta på det området. 

Men den største utviklinga ser vi på leiarsida. Til hausten vil kvinner bekle 7 av dei 10 fremste leiarstillingane på høgskulen. Tre av fire dekanar er kvinner. Høgskuledirektøren og dei administrative mellomleiarane er alle kvinner. For 10-12 år tilbake var forholdstala var motsett. 

To av mange kvinnelege leiarar ved Høgskulen: Til venstre økonomidirektør Ingunn Welle og høgskuledirektør karen Lomeland Jacobsen. Foto: Johann Roppen / HVO

UiT-rektor Anne Husebekk snakka i si innleiing på konferansen om at det mange stader berre er menn å sjå i  bilderekka av rektorar – og som de ser så har høgskulen framleis ein kvit mannleg rektor. Eg vart attvald for fire nye år like før jul. Og både min noverande og den nye prorektoren er menn. 

Rektor-rekka ved Høgskulen i Volda. Somme er finare på håret enn andre.


3 Fleire kvinner i faglege toppstillingar

Den overordna kjønssstrukturen på fagleg side har vi også i Volda: Kvinner utgjer 70-80 prosent av stipendiatane, men berre litt over 20 prosent av professorar og dosentar. Men for 10 år sidan hadde vi så godt som ingen kvinner i toppstillingar. Så ting skjer. 

Vi er no midt inne i ei brytningstid der fleire etablerte professorar takkar for seg. Det vil skape rom for fleire dyktige yngre kvinner til å ta faglege leiarroller. Men dei må nok snakkast fram – og her håper eg utvalet for likestilling og mangfald er eit viktig bidrag. 

Om ikkje utvalet for likestilling og mangfald har så stort budsjett eller skarpe maktmiddel, så skal ein slett ikkje undervurdere verknaden av at spørsmål faktisk blir diskutert. Kanskje det er lettare for kvinner å søke på stillingar og å tenkje seg inn i leiande stillingar og i faglege toppstillingar fordi vi diskuterer desse spørsmåla? 

Framtida?

Men kva ventar oss rundt neste sving? Kan vi sjå for oss at likestillings- og mangfaldsarbeidet må få eit anna fokus? Kva skal vi vere opptatt av i den nye handlingsplanen som vi får neste år? 

  1. Det er vel kjent i skulen og barnehagen at barn nesten ikkje møter menn før dei kjem til vidaregåande skule eller høgskule. Kva gjer det med oppveksten? Må vi kvotere inn fleire menn? 
  2. Vi har ca 20 nasjonalitetar representert blant dei tilsette på høgskulen – men undervisningsspråket er stort sett norsk.  Bør vi endre på det? Eller vil vi redusere det nasjonale mangfaldet og norsk særpreg om vi blir meir engelske og internasjonale og i mindre grad profilerte som nynorsk-institusjon? 
  3. I noverande handlingsplan står det at vi skal «gjere grundige vurderingar knytt til likestilling og mangfalds-perspektiva ved tilsetjingar». Det har vi gjort ved å ha det som eit sjekkpunkt ved tilsettinger, blant anna i malen som alle skal bruke. Det har vi på plass. Men korleis fungerer det i praksis? Skal vi stille strengare krav til kompetanse i likestillings- og mangfaldskompetanse til leiarar og fagleg tilsette? Det blir nok eit spørsmål for neste handlingsplan.

Om vi skal løfte kompetanse om likestilling og mangfald inn som eit kompetansekrav så bør vi nok ikkje gjere det aleine. Det er behov for samarbeid i sektoren, og då vil eg særleg peike på at til hausten startar Universitets- og høgskolerådet opp på nytt det som vert kalla dekanskulen. Fram til no har ikkje kompetanse i likestilling og mangfald vore særleg vektlagt på dekanskulen, men det bør det bli i framtida. Eg reknar med at dette også vil verte tema på institusjonanes eigne leiarkurs.  

Så igjen vil eg takke for invitasjonen til konferansen. Saman med besøk frå KIF-komiteen i fjor trur vi det vil vere til god hjelp til å lage ein endå betre handlingsplan for komande periode. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Likestilling og mangfald: Status og utvikling ved Høgskulen i Volda»

Legg igjen en kommentar