Orientering til høgskulestyret, 13. juni 2019

Leigekontrakta skulle i utgangspunktet gå ut år 2020, og vi har førebels ikkje diskutert med Statsbygg korleis vi skal bli kompensert for at symjehallen no måtte stengast meir enn eit år før tida.

Symje- og livredningsundervisning ved høgskulen vil vi løyse ved å leige oss inn andre stadar. Men det er lite slik undervisning hausten 2019, så vi har litt tid på å finne alternativ.

Leiinga ved Høgskulen foreslo tilbake i 2017 at Volda kommune og Høgskulen i Volda skulle dele kostnadene med å forlenge levetida til hallen, men dette framlegget vart diverre avvist av Volda kommune. Høgskuleleiinga gjorde det der klart at vi ville starte planlegging av riving og ombygging av symjehall og idrettshall om det blei nei, så vi var veldig tydelege på det punktet.

Om Volda kommune ønskjer å ta over symjehallen frå Statsbygg så skal ikkje høgskulen vere i mot det. Men det er ei sak mellom dei to partane, men ikkje ei sak for høgskulen.

Vi håper no Volda kommune vil kunne starte bygginga av ein ny symjehall og at den kan vert bygd i forlenginga av Volda Campus Sparebank1 Arena både reint fysisk slik det er planlagt – men også som prosjekt – ved at bygginga av symjehallen tek til kort etter at idrettshallen er ferdig. Både fordi det trengst symjehall, men også fordi bygginga er krevande for dagleg bruk av høgskuleområdet.

Nybygget

Dei tilsette, leiinga, entreprenørar og konsulentar står no midt oppe i ein intens fase med svært stor møteverksemd. Husteikningane skal bearbeidast i ein såkalla optimaliseringsprosess. Dei tilsette har gjennom avdelingsråd og tillitsvalde bidrege mykje og konstruktivt. Alle arbeider no hardt for å prøve å få på plass alle planar og teikningar før ferien, og vi håper det går bra.

Eksternt så må vi melde til styret at den siste vurderinga vi har fått frå Kunnskapsdepartementet er at det ikkje er sikkert at det blir fremja regjeringsnotatet med godkjenning av prosjektet på denne sida av sommarferien. Det vil i så fall vere svært beklageleg. Både fordi det utset prosjektet, men også fordi det blir mindre tid og fokus på å arbeide for ei ekstraløyving på 25 millionar til medieteknisk utstyr i statsbudsjettet for 2020.

Vi har likevel ikkje gitt opp håpet om dette, og håper at prosjektet blir prioritert av politikarar frå Møre og Romsdal.

Struktursaka

Vi har ein treårig samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen, og tek sikte på å fornye og forlenge den for tre nye år frå hausten 2019. For å få til det vil vi ha eit møte med faglege leiarar ved Universitetet i Bergen i midten av oktober. Dette blir eit møte på dekan og instituttleiarnivå mellom dei to institusjonane.

Vi har som før løpande kontakt og samarbeidsprosjekt også med andre institusjonar, og då naturlegvis Høgskolen i Molde, NTNU Ålesund, Høgskulen på Vestlandet og dei andre institusjonane i UH Nett Vest.

19.-20.juni blir Fjordkonferansen 2019 arrangert i Loen, med Høgskulen i Volda som arrangør. Dette er eit årleg arrangement. Fjordkonferansen er ein forskingskonferanse som tradisjonelt har hatt forskarar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som deltakarar, men dei seinare åra har det også kome deltakarar også frå andre høgskular og universitet.

Saker til oppfølging

Vi har eit utval som arbeider med evaluerer ordninga med avdelingsråd. Status i dette utvalets arbeid er diverre at dei ikkje har kome så langt som vi og dei hadde håpa på, og vi har difor ikkje noko resultat å legge fram for styret på dette møtet. Vi kjem naturlegvis tilbake til saka seinare.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.