Partnarskap og berekraftig samarbeid mellom Høgskulen i Volda og kommunar og skular på Sunnmøre

Innlegg på Sunnmøre Regionråds representantskapsmøte, Høgskulen i Volda, 7. juni 2019.

Kjære representantskapsmøte, ordførarar og rådmenn!

Velkomne til Høgskulen i Volda og til vårt signalbygg frå 1922: Henrik Kaarstad-huset.  Det har dei siste åra vorte pussa opp for ca 75 millionar kroner. Eg håper de likar resultatet. Høgskulen i Volda tel sine røter heilt attende til 1861 då det vart starta lærarskule på eit lokalt initiativ. Vi nærmar oss altså snart 160 år med lærarutdanning i Volda. Og når ein er så gammal så melder det seg rikeleg med høve til å feire jubileum. 

Om eit par veker, 20.juni 2019, skal vi feire både eit femti- og eit 25-års jubileum: Då er det på dagen 50 år sidan Stortinget i 1969 vedtok å starte prøvedrift med DH-skular, og blant anna sa at at Ørsta/Volda høvde godt som skulestad for det nye skuleslaget. Det er også eit 25 års jubileum som blir feria same dag: Då er det 25 år sidan Gudmund Hernes i 1994 fekk fusjonert ærværdige Volda lærarhøgskule med nykomlingen Møre og Romsdal Distriktshøgskule i Volda. 

Status for Høgskulen i Volda er at vi har hatt ca 4.000 studentar dei siste åra. Søkartala for hausten 2019 har ei lita auke samanlikna med i fjor. Den nasjonale trenden er nedgang i søkjartala. Det er også tredje året på rad vi aukar søkartala. Vi har også auka talet på fagleg tilsette mykje dei siste åra og har no ca 340 årsverk i alt. Av desse er ca 230 i faglege stillingar. Ca 100 årsverk er på doktorgradsnivå. Professorar og dosentar utgjer ca 25 årsverk. Alle desse tala er rekordhøge. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar