Internasjonal studentutveksling: Vi treng fleksibilitet

Det er veldig kjekt å få ønskje minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø med følgje velkomen til Volda og til Sunnmøre. Dette er det første statsrådsbesøk til Høgskulen i Volda på fleire år. Velkomen også til stortingsrepresentant Marianne Synnes. De er begge alltid velkomne til oss.

Høgskulen har ca 4.000 studentar, ca 350 tilsette og på og ved høgskuleområdet vil det i åra 2015-2025 bli investert for ca 1-2 milliard i offentleg og privat byggeverksemd. Så dette er eit område med sterk vekst og nyskaping.

I valår så har politikarar på tur gjerne med seg litt valflesk i skreppa. Vi er ikkje så kravstore her i Volda. Vi kan nøye oss med nokre små millionar til utstyr i nytt mediehus. Det hadde vore ein passande lekkasje før valet i haust.

Den førre statssekretæren i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, sa at Volda måtte ha meir å by på enn sveler og fantastisk natur. Og det har vi. Naturen håper eg de fekk nyte på flyet og på turen hit til Volda. Og svelene venta på deg då du kom.

Men vi trur du kjem hit nettopp fordi du har sett at Volda og Sunnmøre faktisk har meir å by på.

Så kva er Høgskulen i Volda? Kva er vårt DNA?

Høgskulen i Volda vart grunnlagt som ein utdanningsinstitusjon for lærarar i 1861 av framsynte folk frå Volda som såg at kunnskap for framtida ikkje var noko ein kunne lite på at andre skulle bringe til regionen. Ein sikra best framtida ved å starte ting sjølv. Slik vart det også tenkt då distriktshøgskulen vart etablert i 1969. Og slik er det framleis.

Huset vi er inne i heiter Henrik Kaarstad-huset. Det stod ferdig i 1922.

Det materielle fundamentet for huset var lokalt: Heilt konkret i form av stein frå steingardar og røyser som småbrukarane rundt oss kom med.

Det åndelege fundament for lærarskulen i Volda vart kristendom, fråhaldssak og nynorsk – norskdomsrørsla hadde sin hovudstad i Volda.

Men det var danske handverkarar som pussa ytterveggane på dette huset og dermed gav det sitt særpreg. Og danskane drakk visst til og med øl. Så sjølv om dei ikkje snakka norsk og hadde andre idear enn høgskuleleiinga om alkohol, så hadde dei kunnskapar og dugleikar vi trengde – og vi tok imot.


Dei øldrikkande danske murarane har fått selskap. Dei tilsette på høgskulen kjem frå fleire enn 20 ulike land.

Voldingane har altså teke imot framande, lærevillige ungdomar sidan 1861. Dei har sett sitt preg på bygda og regionen. Og omvendt. Når fleire og fleire av våre studentar er utanlandske er det kanskje berre ei lita justering.

Høgskulen i Volda har ein høg andel utreisende studentar på våre bachelorutdanningar. Om dei mange mediestudentane som dreg på internasjonal utveksling ikkje nødvendigvis tek leiarutdanning slik NHH-studentane gjer, så er det godt muleg dei blir opinionsleiarar.

Og vi har like mange innreisende som utreisende studentar. Dette kjem av at vi i mange år har hatt entusiastiske folk på internasjonalt kontor – og fagmiljø med eldsjeler som er interesserte i å legge til rette for både innkomande og utreisende studentar.

Dette handlar i veldig stor grad om personlege kontaktar fagfolk imellom. Om eldsjeler. Fagfolk ved høgskulen har gjennom arbeid med flyktningar, misjonsarbeid, forsking og arbeid i internasjonale organisasjonar i fleire tiår knytt kontaktar. Kontaktar som seinare har ført til utvekslings- og samarbeidsprosjekt som har gjort både våre eigne og våre internasjonale partnarar sine utdanninger betre.

I våre største bachelorutdanningar i mediefag, sosialfag har vi hatt sterke internasjonale innslag i snart 20 år. Når lærerutdanninga no har blitt femårig vil internasjonalisering bli mykje viktigare også der.

Ikkje alle desse samarbeida er innanfor rammene av det som vi får tilskot til eller som blir telt i statistikk. Når sosialfagstudentar har praksis i Kenya er det innanfor det ordinære studiet og blir neppe telt i nokon statistikk. Men vi meiner no det er viktig likevel.

I sum kan vi seie at det som vi ser fungerer best er at vi er romslege og fleksible og ser på kva som faktisk fungerer. Romsleg og fleksibel kan handle både om studiestader og om land – og når det gjeld innpassing av fag. Det kan vere stikkord for at ting skal fungere også i framtida. Kva som faktisk fungerer handlar blant anna om tolmod og å følgje opp institusjonar og einskildstudium.

Det er flott og spennande at det no kjem ei melding til Stortinget om utveksling. Måtte den også bli fleksibel og romsleg.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.