Yksnøya 40 år: Lære, leve, oppleve – og overleve

Yksnøya: Base for studiar i friluftsliv

-Yksnøya er Høgskulens finaste klasserom, erklærte dekan Aud Folkestad under lita markering av at høgskulen har drive undervisning og utvikling av kystfriluftsliv på Yksnøya i 40 år. Det var velvalde dekanord!

Kva er Yksnøya? Yksnøya er ei lita øy mellom fire-fem fjordar: Voldsfjorden, Ørstafjorden, Vartdalsfjorden og Rovdefjorden. Og øya ligg også i innløpet til det oppstykka og mangfaldige farvatnet mellom Ulstein og Herøy med sine hundrevis av holmar og båar og skjer. Og på Yksnøya ligg altså høgskulens base for kystfriluftsliv. I 40 år har Yksnøya vore ein nær, tenleg og relevant arena for studentar og fagfolk i friluftsliv. Og Yksnøya burde ha potensiale til å bli brukt også av andre fagmiljø på Høgskulen i Volda. Kanskje alle? 

Litt forenkla kan ein seie at kystfriluftsliv er eitt av tre geografiske nedslagsfelt eller øvingsarenaer for utdanningane i friluftsliv i Volda. Dei to andre områda er fjordbotnane og låglandet. Den tredje er det alpine. Volda og Sunnmøre har alt!

Basen på Yksnøya starta som eit eksperiment på lærarutdanninga i 1979. Det meste måtte improviserast. Og mykje har vokse til: Eit naust/båthus/undersvisningslokale, 6-7 trebåtar, teltplass, vasskjelde, stiar, tenlege båtplassar og kaier og meir til. Litt var der frå før – mykje har kome til desse 40 åra. 

Typisk for haldninga til dei som har arbeidd med og på Yksnøya var Ola Einangs innlegg på 40-årsmarkeringa: – Vi har no mest lyst å sjå framover heller enn å sjå bakover! 

Det er inga tvil om at det var arbeidet til svært engasjerte fagfolk på høgskulen som har gjort at kystbasen har fått utvikle seg til det den har blitt. Men kva no? Kva med framtida? Som ordførar og tidlegare HVO-rektor Jørgen Amdam sa på 40 års markeringa: – Det er ofte ein kritisk fase når eldsjeler og etablerarar overlater roret til nye folk som skal syte for vanleg drift.

Sjølv har eg godt håp om at denne overgangen skal bli vellukka. Det er både fordi det er lagt eit svært godt grunnlag dei første 40 åra, så dei nye fagfolka som skal ta meir og meir over i åra som kjem er ikkje akkurat nye på Yksnøya. 

Ein dansk student på friluftsliv fortalde om korleis ho tenkte før ho valde Volda og Yksnøya: – Kva var spesielt med tilbodet i Volda? Jau, å lære å segle med lokalt bygde trebåtar! Det var det ingen andre som tilbaud! Mange andre friluftsaktivitetar kan ein få lære og utvikle mange stader – men akkurat trebåtar: Det er spesielt. 

Det er ikkje feil at også årsrapporten til Høgskulen i Volda for 2018 har nettopp ein trebåt med spent segl på framsida.

Eit kanskje uoffisielt motto for Høgskulen i Volda er: Lære, leve, oppleve. Men når det gjeld friluftsliv så kan ein legge til: Å overleve. For tryggleik, risikovurderingar og å tilpasse seg og deltakarar til ver og vind og verktøy – som båtar – er sentrale tema i faget. 

På 40-årsmarkeringa fortalde Frode Sætre om korleis fagmiljøet hadde starta med kanoar, men av mange grunnar fann dei ut at det var sikrare og gav betre læring om studentane fekk lære seg å meistre hav og vind med sunnmørske trebåtar. Det er jo ein meir enn tusenårig tradisjon for at akkurat slike båtar høver godt på våre trakter. Og at båtane har vorte bygde i Bjørkedalen gjer ikkje den lokale tilknytninga svakare. 

Så eg vil nytte også denne bloggplassen til å ønskje alle involverte på Yksnøya lukke til med det vidare arbeidet – og eg håper eg blir invitert til 50-årsmarkeringa! 

Historikk om Yksnøya

  • Spor etter liv frå yngre steinalder
  • Frå ca 1600: Kontinuerleg gardsdrift
  • Ca 1900: 6 bruk – ca 40 personar bur på Yksnøya
  • 1910: Skulehuset blir bygd – på dugnad
  • 1938: Brevhus opnar på Yksnøya: Postnr 6117 Yksnøy
  • 1954: Skulen på Yksnøya blir lagt ned – skuleborna går på skule på Lid
  • 1957: Ferjesamband med to daglege avgangar
  • 1976: Ferjesambandet til Yksnøya blir lagt ned – øya får bygdebåtrute
  • 1979: Høgskulen i Volda startar sine aktivitetar på Yksnøya.
  • 1986: Brevhuset blir lagt ned.
  • 1999: Bygdebåtruta blir lagt ned.
  • 2004: Yksnøya får sikker grunnvasskjelde
  • 2005: Friluftsbasen blir avduka
  • 2006: Forskingsdagane held arrangement på Yksnøya
  • 2008: Høgskulen overtek skyssbåten Ina Kristin og nyttar den i ein periode som skulebåt
  • 2010: Høgskulen kjøper trerøring frå Bjørkedalen – og døyper den i kornøl
  • 2013: Friluftsbasen blir rekna som ferdig utbygd
  • 2018: Straumkabelen til Yksnøya blir øydelagd – men Tussa legg ny kabel
  • 2019: 40-årsmarkering av friluftsbasen

Les meir om Yksnøya på Wikipedia.

40-års markeringa.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.