Partnarskap og berekraftig samarbeid mellom Høgskulen i Volda og kommunar og skular på Sunnmøre

Som de kanskje veit er det svært stor byggeaktivitet i området vi no er på. Huset vi står i har vorte rehabilitert for ca 75 millionar kroner. Studentsamskipnaden i Volda er halvvegs i bygginga av 200 nye studentheimar, ca 200-300 meter frå inngangsdøra til høgskulen. Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har nett vedtatt å bygge fylkets høgste idrettshall vegg i vegg med høgskulen. Den skal stå ferdig om eit par år og har namnet Volda Campus Sparebank1 Arena. Vi gler oss. Til den står ferdig. For det blir ei krevande byggetid. Samtidig som idrettshallen blir bygd skal vi også bygge nytt hus til mediefaga. Dette prosjektet er på nippet til å bli endeleg godkjent i regjeringa og så snart det skjer startar gravinga. Alle planar er klare og ferdige. Volda kommune har frå før bygd ny barneskule praktisk talt inne på høgskuleområdet. Når mediebygget står ferdig kan vi vonleg opne Kunnskapspark i Volda. Vi håpar og trur at det der skal bli rom for ca 80 personar som skal skape framtidas næringsvegar i skjeringspunktet mellom kultur, media, pedagogikk og teknologi. Utruleg spennande!

I vårt nærområde kjem også ny ungdomsskule om eit par-tre år, kanskje ny symjehall om 3-4 år – og muligens også kulturhus for Volda. Vi har også private aktørar som ønskjer å byggje næringsbygg i området. Og då har vi ikkje ein gong snakka om E39 og tunnell til våre gode naboar i Ørsta.
Så høgskuleområdet er  svært attraktivt for utbygging i Volda og av institusjonar med regional betydning. Spesielt interessant og viktig for oss med denne nærleiken er at den gjer det muleg for oss å få til gode koplingar til praksisfeltet – vi har ein av lærarutdanningsskulane praktisk talt inne på høgskuleområdet. 

Men det gir oss også  betydelege utfordringar for å kunne samordne all aktiviteten. Vi har difor sett ned eit forum for utvikling av høgskuleområdet. Medlemmer er i utgangspunktet Volda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Helse Møre og Romsdal, Studentsamskipnaden i Volda, Sunnmøre kulturnæringshage og naturlegvis høgskulen.  Den største avdelinga – eininga – hos oss er Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Avdelinga har ca 40 prosent av dei tilsette og studentane våre og kan litt forenkla seie å vere framhald av den gamle Volda lærarhøgskule. Vi tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning 1-7 og grunnskulelærarutdanning 5-10. Vi har høg søking på PPU og har full breidde av praktisk estetiske fag slik at du kan bli lærar både i kroppsøving, kunst/handverk, teater/drama og meir til i Volda. Du kan også ta mastergrad i nynorsk skriftkultur og få lektorkompetanse gjennom PPU. Her vil vi også utvide til engelsk. 

Av andre nye tiltak kan vi nemne at vi søkjer om akkreditering av mastergrad i barnehagelærar og vi har teke opp doktorgradsstipendiatar som tek doktorgrad i Volda på det profesjonsretta phd-programmet vi driv i lag med Høgskolen i Molde. Det er også muleg at vi hausten 2019 går i gang med å planlegge ein ny doktorgrad innan for  undervisning, skriftkultur og kultur/mediefag. Men det er knapt nok i startgropa. Men de høyrde det først her. 


Dei siste åra har høgskular og universitet vore gjennom nok ein fusjonsbølgje. Namnet på den er strukturreformen i høgare utdanning, og har i vårt fylke ført til at våre venner og kolleger i Ålesund har vorte overtekne av NTNU i Trondheim. Strukturreformen og fusjonane har så langt ikkje ført til endringar i studiestader, altså stader der det vert drive høgskule- eller universitetsutdanning. Men det er no i ferd med å endre seg. Nord Universitet med hovudkontor i Bodø har aktivitetar på 9 stader i Trøndelag og Nordland, men vil no konsentrere aktiviteten i Bodø og Levanger. Eg reknar med at det ikkje berre er innanfor sektoren at dette har vorte lagt merke til. 

I vårt fylke er vi mot straumen når det blir satsa så sterkt på å bygge opp nye studietilbod og eit campus Kristiansund. Det er fantastisk å merke og sjå den lokale viljen og driven som dei legg for dagen i å utvikle eit høgskulemiljø og kor sterk regional støtte det er til å starte noko nytt der oppe. Og den same fortvilinga ein kan merke når Nesna og Namsos er i ferd med å miste sine utdanningstilbod. Vi lever i same land. Men utviklinga er heilt ulik. Siste ord er neppe sagt når det gjeld Nord Universitet og nedlegging av mange av studiestadene, og ingen kan vite om høgskulesatsinga på sjukepleie og barnehagelærar i Kristiansund blir meir enn eit blaff. Men for meg er det sjølve viljen og iveren etter å få eller beholde høgskuletilbod i regionane som er mest interessant.  Noko liknande kan ein kanskje sjå ved i Ålesund der kommunen også brukar omgrepet universitetskommune svært aktivt og heilt tydeleg arbeider i partnarskap med NTNU Ålesund for å bli meir attraktiv for studentar og fagfolk. Det er rosverdig. 

Høgskulen i Volda har ikkje fusjonert med andre institusjonar men held fram som ein regional høgskule med same namn, nedslagsfelt og fagmiljø som før. Det betyr ikkje at vi ikkje endrar oss og utviklar oss, men det er høgskulestyret i Volda som styrer utviklinga. Frå hausten 2019 har vi fått eit nytt styre der blant andre Roar Tobro og Bodil Palma Grønningsæter er medlemmer – begge utpeika av Kunnskapsdepartementet. Styret med 11 representantar har i alt fire representantar peika ut av Kunnskapsdepartementet, to er studentar ved høgskulen, dei tilsette har valt fire representantar, og så er rektor valt og då er ordninga slik at rektor også er styreleiar. 

Så vi håper at vi på godt sunnmørsk vis skal vere raske til å snu oss og kunne både svare og respondere raskt når behov melder seg. 


Men både høgskulen og kommunane som er representerte her i dag er nok likevel kjenneteikna av at vi helst likar å tenkje langsiktig og kanskje også forsiktig – og så vil eg legge til: Regionalt. Både ein kommune og ein høgskule ligg der dei ligg og begge er avhengige av godt naboskap og gode relasjonar for å kunne utvikle seg. 

Og på same måte som kommunar er mangfaldige og det sunnmørske næringslivet er bygd på mangsysleri, så er også høgskulen mangfaldig – med mange ulike faggrupper – i somme høve ganske små og dermed sårbare fagmiljø. Kombinasjonen av grunnutdanning – gjerne å bruke kompetanse på tvers av ulike utdanningar – vidareutdannig og grunnutdanning er viktig for at vi skal få ein viss storleik på fagmiljøa. 

Og då er vi inne på det som var oppgitt som tema på denne økta: Partnarskap og berekraftige samarbeid mellom høgskule og kommunar og skular på Sunnmøre. 

Korleis ser dette ut sett frå høgskulens side? La meg presentere det som nettverk og personrelasjonar på alle nivå: 

  • I mange år har vi i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunar i regionen arrangert Karrieredagar og Utdanningsdagar ved Høgskulen i Volda. Tusenvis av 16-åringar og 19-åringar går då gjennom høgskulen. Kanskje for første gong. Kanskje er det der dei første tankefrøa blir sådd: Kanskje eg skal studere? Kanskje eg skal studere på Høgskulen i Volda? 
  • 20.august i haust er det semesteropning ved Høgskulen i Volda. Mange av dykk har fått invitasjon til å kome. Mange har kanskje alt svara? Kjem de dit vil de på opningshøgtida møte tusenvis av unge studentar som har valt å studere i Volda – dei har valt å studere på Sunnmøre. Statistikken fortel at ca 50 prosent av voldastudentane kjem frå Møre og Romsdal. Ca 15 prosent frå Sogn og Fjordane. Og resten frå resten av landet. Innanfor lærarutdanningane har vi nok klart fleire enn 50 prosent frå Møre og Romsdal og Nordfjord. Lærarutdanningar finst mange stader i landet – studentar vel enten si næraste utdanning – eller dei reiser til Oslo – Bergen – Trondheim. 
  • Dei ca 4.000 studentane ved Høgskulen i Volda tek altså si utdanning ved Høgskulen i Volda. Det betyr både at dei blir verande i regionen – og mange dag- og vekependlar og blir verande her. Men studentane får også i stor grad praksisplassar i regionen. Lærarstudentane og barnehagelærarstudentane får kanskje sitt første møte med yrkesutvøinga på ein av våre 20-30 praksisskular og barnehagar rundt om på Sunnmøre. 
  • Praksisrettleiarar ved skular og barnehagar og i andre felt i arbeidslivet får i møtet med studentar og lærarane deira også faglege impulsar i sin kvaradag – og bidreg til fagleg styrking i kvardagen. Og det burde nesten vere unødvendig å seie at læringa også går andre vegen. Samskaping er eit fint ord å bruke om vellukka slike prosessar. Eg vart veldig glad for å høyre det ordet brukt i går. 
  • Når studentane så er ferdige med utdanninga så veit vi frå forsking at kandidatar som både er frå regionen og har teke utdanning i den same regionen i svært stor grad blir verande i regionen etterpå – og får seg jobb og stiftar familie og blir verande i regionen. 
  • Og når ein så treng fagleg påfyll i utdanninga si så er vi der igjen. Ca 1.000 av våre studentar er inne på etter- eller vidareutdanningskurs. Anten som heiltidsstudium, eller deltidsstudium. Som regel i ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar. Regjeringa har god tilgang på utdanning som eit overordna mål for kunnskapspolitikken. Det er i grunnen det same målet som låg til grunn då DH-skulane vart oppretta i 1969: Utdanning i regionane. 
  • Dei nye veg- og tunnelprosjekta i regionen har også gjort det lettare å jobbe ved Høgskulen i Volda, sjølv om ein bur i Stryn, Eid, Herøy, Ulstein, Hareid eller på Nordre Sunnmøre. Vi har tilsette med heimeadresse over det meste av Sunnmøre. 
  • I går fekk vi ein presentasjon frå Ole Frank Bakken der han blant anna snakka om eitt av våre samarbeidsprosjekt i regionen: Digital kompetanse i læring – oppdatering på digital kompetanse for lærarar i skulen. Det starta i Ulstein kommune og Volda kommune, og som det vart sagt i går har vi også vorte kopla på andre kommunar. Det har vel fått namnet Ulsteinmodellen. Innanfor DeKomp/ReKomp har vi om lag 110 lærarar som skal ta Kompetanse for kvalitet ved HVO i 2019-2020. Og det er veldig flott at vår nye tilbod; Spesialpedagogikk, Kunst og handverk og programmering har vorte godt mottatt ute i kommunane.
  • Av andre samarbeidstiltak er vil veldig glade for at Barnehagekonferansen kvart år samlar 500 deltakarar i konferanse-sunnmøres storstove på Parken i Ålesund.
  • Men vi har også skuleleiarkonferansen som samla over 200 rektorar i Ålesund i 2018 og som er under planlegging for 2020.

Så både for den einskilde student og fagfolk er utdanning og kompetansearbeidsplassar i nærområdet viktig – sjølv om fleire og fleire vel å studere på nett. 

Derfor er eg også glad for at ordførarane på Søre Sunnmøre har same vurdering som høgskulen: Om Statped blir flytta ut frå Trøndelag – så bør det kome til Søre Sunnmøre. Det burde vere ei god sak for heile Møre og Romsdal. Og det finst også andre slike gode saker å samarbeide om. 

I sum framstår dette for meg som eit samanhengande og potensielt sett solid partnarskap: Vi er i regionen. Vi er til for regionen. Vi har vore her i 160 år. Vi flyttar ingen stad. Og vi er gensidig avhengig av kvarandre. 

Men partnarskapet – fellesskapet – vil bli svekka om desse samarbeidspunkta blir svekka, endra eller fell bort. Vi håper ikkje det skjer. Vi ønskjer å gjere vårt for det motsette: For å styrke partnarskapet. 


Høgskulen i Volda har altså utvikle seg og vokse både i tal studentar, tal tilsette og å tilby nye etter- og vidareutdanningstilbod. Ein viktig grunn til det er etter- og vidareutdanningstilboda, ikkje minst på skulefeltet. Det er mange viktige ordningar for å tilby vidareutdanning for lærarar. Og vi veit at Møre og Romsdal er eit fylke som ligg lågt på nasjonale statistikkar når det gjeld utdanningsnivå generelt, og spesielt når det gjeld somme kompetanseområde i vidaregåande skule – der ligg vi aller lågast i landet. 
Høgskulen i Volda ønskjer å vere ein del av løysinga av slike utfordringar og å samarbeide med skular og skuleeigarar, kommunar og fylket, om å gjere Sunnmøre og Møre og Romsdal ikkje berre til eit meir konkurransedyktig fylke, men til eit berekraftig fylke. Berekraftsmåla er mange og store – men ein ting er sikkert: Utan folk klarer vi ikkje å oppfylle dei. Og unge folk med god kompetanse og bulyst er det vi treng aller mest. 

Som fylkesstatistikken syner så er det jamn utflytting av folk frå Møre og Romsdal, og særleg i aldersgruppa 20-40 år. Og særleg kvinner. Kvifor reiser dei ut? Kva er det dei saknar her, som dei finn andre stader? 

Vi har ikkje geniale svar på slike spørsmål. Men det vi veit er at ca 70 prosent av studentane ved Høgskulen i Volda er kvinner. Vi er svært glade for at våre studietilbod er interessante for kvinner – og dei fleste er mellom 20 og 30 år. Det er ei viktig motvekt til utflyttinga. 


Høgskulen i Volda har ei positiv utvikling på mange måtar. Men med dei mange endringane som skjer i vår sektor og rundt oss er vi langt frå sikre på korleis framtida vil bli. Vi møter stadig strengare krav til kompetanse, til dokumentasjon av kvalitetsarbeidet vårt. Og for somme studentgrupper har det kome skjerpa karakterkrav for opptak. Frå hausten 2019 må du ha mastergrad for å kome inn på PPU i store skulefag som norsk, engelsk og matematikk. Slike endringar kan i sum utfordre dei fleste mindre studiestader og i verste fall utarme dei og føre heile regionar inn i ein negativ spiral: På grunn av høge og strenge krav får ein ikkje drive lokal lærarutdanning og dermed blir det færre frå regionen som tek lærarutdanning og dermed får du ikkje rekruttert kompetente lærarar. Ein slik spiral har ingen lysteleg slutt. 

Vi har alltid vore den største studiestaden i Møre og Romsdal og vi har hatt ei veldig klar arbeidsdeling mellom dei tre tradisjonelle studiestadene i Møre og Romsdal. 

  • Volda har lærarutdanning, sosial- og samfunnsfag og kultur- og mediefag.
  • Ålesund har teknologi, økonomi og sjukepleie – eller hav, helse, handel som det står i strategiplanen 
  • Molde har logistikk, økonomi og sjukepleie/vernepleie. 

Eg håper og trur at alle dei tre studiestadene og etterkvart også Kristiansund kan vekse og utvikle seg og styrke seg på sine område. For alle fagmiljøa er det mest realistisk og økonomisk berekraftig å bli sterkare på sine etablerte område. Som til dømes når vi får ein mastergrad i barnehagelærarutdanning oppå bachelorgraden. Det er dyrt  og risikabelt å starte studium på heilt nye område. Dei komande åra kan vi ikkje vente oss særleg vekst i den statlege finansieringa av universitet og høgskular. Vi må i stor grad klare oss med det vi har og gjere det beste ut av det. 

Kva består ein kommune av? Kva fagområde driv ein kommune med? De kjenner alle detaljar mykje betre enn meg, men her er ei lita liste: 
BarnehageSkule og oppvekstKultur og idrettVelferd/sosiale tenester Planlegging, administrasjon, kommunikasjonHelse, omsorgTeknisk (veg, vatn og kloakk)
Denne rekkjefølgja er ikkje tilfeldig. På dei 6 kanskje 7 første nemnde områda vil de finne relevante fagmiljø ved Høgskulen i Volda. Det er berre å gå i kva kommune som helst på Sunnmøre og spørje – og så vil de finne tilsette som har studert i Volda på dei fleste fagområda. Slik bør det vere – og slik bør det vere også i framtida. 

Det er heller ikkje snargjort å bygge opp eit truverdig fagmiljø. Det kan kanskje ta 10 års tid på ein høgskule eller eit universitet for å få fram ein doktograd, kanskje 20 år å få fram ein professor. Ein må altså legge stein på stein over mange, mange år for å kunne få fram eit levedyktig fagmiljø med styrke og breidde til å kunne utvikle seg også i mange år framover. De som arbeider med å slå saman kommunar og å bygge nye strukturar vil nok merke det same: Det er fort gjort å gjere sjølve vedtaket om samanslåing. Men det vil ta mange år å bygge eit fellesskap og ein sams kultur. 

Samfunnet blir meir og meir komplisert og krevjande. Kunnskapsnivået til alle som skal jobbe med barn og unge blir heile tida utfordra av media og den teknologiske utviklinga, av globalisering og mangfald, men også av andre store sosiale- og kulturelle endringar. 

Så eg vil slutte med ei aldri så lita oppmoding: I Volda har vi drive med lærarutdanning i ca 160 år. Vi har eit breidt fagmiljø – og vi ønskjer å utvikle oss vidare. Det kan vi berre gjere ved å vere nær andre delar av arbeidslivet – anten det no er praksisfeltet – kommunar eller andre. 

Så eg håper vi kan tenkje og agere langsiktig som region og arbeide i lag til felles utvikling. Forsking og utvikling er ikkje eit tre som uansett klarer seg sjølv. Det må vernast mot ver og vind og få både sol og regn og plass. 

Så til slutt: Vi er her. Og vi er her for kvarandre.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.