Orientering til høgskulestyret, 13. juni 2019

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på denne nettsida: https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/nyhendebrev

Idrettsanlegg på og ved høgskuleområdet

Kommunestyret i Volda kommune har vedteke å seie ja til framlegget om å bygge ein ny idrettshall ved høgskuleområdet: Volda Campus Sparebank1 Arena. Bygginga startar om kort tid og byggetida er ca 1,5 år.

Vi er spente både på byggetida og kva denne hallen får å seie for høgskulen og høgskuleområdet. Pr i dag har høgskulen ingen avtalar om bruk av den nye idrettshallen. Volda kommune eig grunnen og parkeringskjellaren under huset. Der vil det kome ca 120 parkeringsplassar og vi reknar med det vil kome på plass ein avtale mellom kommune og høgskule om bruk av desse plassane.

Høgskulen stengde symjebassenget i Idrettsbygget måndag den 13.mai. Det gjorde vi etter at vi fredag den 10. mai fekk eit brev frå Statsbygg der vurderingar i ein konsulentrapport frå selskapet Rambøll vart formidla. Det var ut frå ei vurdering av tryggleik hallen vart stengt. Rapporten frå Rambøll ligg på våre nettsider. Dette er ikkje kjekt. Korkje for studentar, tilsette og ikkje minst barn og unge i Volda og andre stader som har brukt symjehallen mykje i nesten 60 år.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *