Helsing på juristlunsj – Høgskulen i Volda 7. juni 2019

Så av dei klassiske universitetsprofesjonane har vi presteutdanna, vi har ikkje medisinarar. Men: Vi har juristar! Og i dei siste åra har vi fått fleire og fleire juristar, og både på fagleg og administrativ side. Så vi blir altså fleire og fleire og meir og meir lovlege på høgskulen.

Er det bra? I eit fagleg/administrativt perspektiv ser eg på inntoget av juristar, økonomar og andre som eit teikn på at høgskulen på alle område får meir profesjonelle fagfolk og dermed blir ein meir profesjonell aktør enn tidlegare. 

Som samfunnsvitarar med eit kritisk oppdrag under huda og fremst i panna kjenner eg meg likevel forplikta til å spørje om ikkje den auka rettsleggjeringa i samfunnet kanskje et seg inn på område som tidlegare har vore dominert av kommunikative prosessar der etikk og profesjonelt skjønn har fått råde. Dette er ein type debattar som vi også treng bidrag frå juristar på for å kunne diskutere på kvalifisert vis.

Sjølv har eg hatt gleda av å jobbe i eit juristdominert miljø eit intenst år i mitt tidlegare liv, då eg tok ein pause frå doktorgradsarbeidet. Oppgåvene vi arbeidde med låg i ein periode delvis under Medietilsynet, men er no eigentleg borte. Konkurransetilsynet har ein bit av det. 
Eg lærte to ting om juristar dette året: 
Det første eg lærte var at det kan vere utrulig praktisk å ha ein jurist i nærleiken. Dei gav ofte raske og tydelege svar på spørsmål som virka svært innfløkte for meg som ikkje-jurist. 

Det andre eg lærte var at når to juristar sette i gang med sine spissfinde diskusjonar, så var det nyttelaust å få dei til å stoppe. Innspel som at spørsmåla utelukkande var teoretisk interessante vart møtt uforståande blikk. Så eg lærte fort at det var berre å få la dei halde på. 

Høgskulen i Volda er ein liten høgskule med eit stort samfunnsoppdrag som handlar om å vere i konstant dialog og utveksling med sitt omland – som regel vår region – ofte det nasjonale – alltid det internasjonale. 
Men vi er framleis ein sjølvstendig institusjon med eit styre som øvste organ og med lokal leiing. Dei siste åra har vi opplevd sentralisering, både i offentleg verksemd og i private bedrifter. Og eitt av fellestrekka er at leiing og spesialiserte funksjonar som regel blir lagt til hovudkontor eller spesialerte divisjonskontor – som regel blir dei plasserte i dei største byane. Eg går ut frå at dette er ei utviklilng som også juristar ser innanfor sin profesjon. 
Vi er ein statleg institusjon i eit fylke der det er nokså få statlege arbeidsplassar. Akkurat i Volda og til dels Ørsta er det mange statlege arbeidsplassar, men vi håpar det kan bli fleire.

Og vi håper defintivt ikkje det blir færre. Og då tenkjer eg naturlegvis i dag særskilt på Tingretten. Eg oppfattar Tingretten som eit nav i det juridiske miljøet i området, og eg lurer i grunnen mest på korleis og om vi kan bidra til å styrke den. Kanskje kan denne samlinga vere eit bidrag?

Av andre prosjekt så er vi og politikarar på Søre Sunnmøre samde om at om Statped skal flyttast ut av Midt-Noreg og over til fylka, ja så bør det leggast til Søre Sunnmøre. Vi snakkar då kanskje om 40 stillingar. I løpet av 2019/2020 veit vi meir om kva som skjer med dette. Og grunnen til at vi kan håpe på at dette skjer er naturlegvis at vi har ein høgskule med eit stort fagmiljø og stor kandidatproduksjon innnfor spesialpedagogikk, barnehagelærarutdanning, barnevern og sosialfag.  
Vi ligg her vi ligg – og har gjort det sidan 1861. Og vi har tenkt å vere her også framtida. 

Så kjære møtelyd: No er det opp til dykk å finne ut om dette er eit forum som de ønskjer å halde fram med og kva de skal halde på med. Eg håper eg blir invitert til fleire møte i Juristforum for Søre Sunnmøre.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar