Fjordkonferansen 2016 – og 2017, og -18 og -19 ..?

Deltakarar på Fjordkonferansen 2016. Foto: Panorama/Arild Waagbø
Fjordkonferansen 2016. Foto: Panorama/Arild Waagbø

Fjordkonferansen vart i juni 2016 arrangert i Loen for fjerde gong. Etter konferansen i 2015 var eg litt spent på kva som ville bli framtida for konferansen, men med 95 deltakarar i 2016 så har i alle fall fagfolka synt at dei er interesserte i å vidareføre konferansen, og då håper eg vi som institusjonar kan klare å løfte dette prosjektet vidare i godt samarbeid med næringsliv, arbeidsliv og offentelege instansar i fjordfylka.

Her har den nye Høgskulen på Vestlandet ein innarbeidd og nødvendig møteplass for forskarar på tvers av institusjonane.

Konferansen for 2017 er i alle fall tidfesta og temaet blir: Det regionale i det internasjonale. I grunnen burde alle fagfolk ved Høgskulen i Volda kunne bidra på det temaet!

På årets konferanse var det nesten 100 deltakarar. Over 40 frå Sogn og Fjordane. Under 10 frå Volda. Vi burde hatt fleire. Interessant er det også å sjå at det i år har vore fleire deltakarar frå Bergen: Høgskolen i Bergen, Norsk Lærerakademi og Universitetet i Bergen. Eg trur det blir endå fleire derifrå neste år.

I år var det Høgskolen i Sogn og Fjordane som var arrangør, men alle dei fire høgskulane har ansvar for at det blir eit godt arrangement – inkludert å spreie informasjon om at Fjordkonferansen kjem, kva som er tema – og ikkje minst fristane for innlevering av samandrag (abstract) og innlegg.

Vi har også kome inn i ein god stim med publisering av antologiar etter konferansane, og antologiane bør definitivt også halde fram!

Før neste konferanse i 2017 kjem truleg antologien som byggjer på innlegga på konferansen i 2016. Det blir den femte antologien i rekkja.

Antologiane frå Fjordkonferansen er tilgjengelege som bokserie i nettbokhandelen.

Arrangørar og hovudtema i åra som kjem:

  • 2017: Det regionale i det internasjonale. Arrangør: Høgskolen i Molde
  • 2018: Arrangør: NTNU Ålesund
  • 2019: Arrangør: Høgskulen i Volda

Høgskolen i Moldes nettavis Panorama har omtala prisutdeling på 2016-konferansen til beste innlegg i 2015.

Fjordkonferansen tidlegare år:

Omtale av Fjordkonferansen 2015 på rektorbloggen: Kva med framtida?