Forskarskulen WNGER II – viktig for Høgskulen i Volda

Voldaforskarar på WNGER-opningskonferanse 2018. Frå venstre Kjartan Leer-Salvesen, Peder Haug, Henriette Hafsaas og Tor-Johan Ekeland.

Helsing på opningskonferansen til forskarskulen WNGER II, Bergen, 23.08.2018.

Nettsida til opningskonferansen.

Høgskulen i Volda har brått vorte ein liten høgskule, sjølv om vi ikkje har minka. Det er berre det at dei fleste av de andre har vorte så store. Men vi har passert 4.000 studentar, og Volda er ein ikkje heilt liten studiestad.
I vårt fagmiljø har vi litt over 200 fagleg tilsette. Litt over halvparten av dei har førstekompetanse og vi har ca 40 som arbeider med doktorgrad. Halvparten av dei er stipendiatar. Den andre halvparten arbeider med doktorgrad innanfor stilling – mange etter ei femårig ordning vi har innført for fast tilsette lektorar som ønskjer å ta doktorgrad.

Vi er fagleg spissa og fokusert ved at det meste av vår verksemd fell innanfor tre hovedområde: Lærarutdanning og humaniora, sosialfag og samfunnsfag og kultur- og mediefag – som vi nok er mest kjent for. Vi driv altså ikkje med sjukepleieutdanning, ingeniørutdanning eller dei klassiske øk.adm-faga som alle andre DH-skular enn DH-skulen i Volda hadde.
Satsingsområda er lærarutdanning, mediefag og phd i helse- og sosialfag.
Så WNGER er innertiar i høve til alle våre fag- og satsingsområde.
Både før vi vart små og i åra framover så er vi både interesserte i – og avhengig av samarbeid med andre UH-institusjonar for å utvikle oss fagleg – på alle plan. Og eg håper og trur det er til felles nytte og kanskje også glede?
Og WNGER har i grunnen gitt mykje glede så langt, har eg inntrykk av!
WNGER passar godt inn i samarbeidet innanfor UH Nett Vest – men også vår samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen, der forskarutdanning er særleg nemnt.
Forskarskular er eigentleg eit nytt fenomen i norsk akademia, som vi har fått høyre før i dag. Det er også eit nytt fenomen at høgskulane skulle drive med forsking, forskarutdanning, doktorgradsutdanning.
Før 1994 måtte vi i Volda improvisere og finne alternative framgangsmåter for å tilby tilsette ein veg fram mot forskarutdanning. Det fekk vi til gjennom eit samarbeid med det dåverande Universitetet i Trondheim og fått låne den svenske professoren Urban Dahlløf, som på få år fekk fram eit knippe  doktorandar ved Høgskulen i Volda, der dei fleste disputerte i Trondheim. Vi brukte vårt regionale forskingsinstitutt Møreforsking som verktøy for å gjere det som ikkje høgskulen sjølv kunne eller fekk lov til å gjere.
I 1997 tok eg sjølv til på mitt doktorgradsarbeid, og no var det Universitetet i Bergen som var samarbeidsparten etter ein konstruksjon som Gudmund Hernes var opphav til: Norgesnettet. Her hadde Høgskulen i Volda fått status som knutepunkt i mediefag og på nynorsk, og fekk dermed tilgang på stipendiatar på desse områda. Og stipendiatstillingane låg ved Universitetet i Bergen. Så eg var  stasjonert ved Høgskulen i Volda, men resten stod Universitetet i Bergen for: Der fekk eg opptak som doktorgradsstudent og fekk dermed rettleiar og tilbod om doktorgradskurs. Ja eg fekk til og med litt lønn!
Då eg disputerte skjedde det i 2003 ved Høgskulen i Volda – vi hadde faktisk to disputasar i Volda. Men det tykte ikkje Universitetet i Bergen var høvelege lokale for stipendiatar frå UiB, så det vart med dei to Norgesnettstipendiatane i mediefag. Men i 2019 eller 2020 håper eg vi får vår første, eigne disputas i Volda. På vårt felles program i lag med Høgskolen i Molde. Kanskje kan vi då reknast som vaksne, sånn i akademisk forstand?
Vi har altså gått frå improvisasjon og hybridløysingar til å bli ein partnar. Og vi vil arbeide for å bli ein positiv og fagleg god partnar i doktorgradsutdanning.
Vi er framleis i utvikling – og gler oss til vidare fagleg utvikling i framtida.
Professor Tor-Johan Ekeland, leiar i det felles doktorgradsutvalet for Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda seie meir om vårt eige doktorgradsprogram seinare.
Men våre stipendiatar reiser til Bergen, Oslo, Trondheim, Stavanger eller Agder. Både for å få rettleiing og gjennomføre disputas. Vi i rektoratet får med oss alle disputasar – for det er framleis ei storhending på Høgskulen i Volda når ein av våre tilsette disputerer.
Korleis passar så forskarskulen inn hos oss?
  • Eg vil for det første seie at det er utruleg spennande å få vere med på å sjå korleis ideene i  forskarskulen har utvikla seg, og vi har frå første dag kjent oss som ein part som blir sett pris på i samarbeidet, og vi høyrde at Bård Mæland frå VID hadde akkurat det same opplevinga. Bra!
  • For det andre vil eg seie at den generiske og dermed tverrfaglege tilnærminga i WNGER er svært verdifull. For oss som driv med samfunnsfag og humaniora, særleg inn mot profesjonsutdanninger har tverrfagleg arbeid og tverrprofesjonelt samarbeid vore ein sjølvsagt del av kvardagen. Men det sjølvsagde kan vere farleg om det blir ein vane. Eg håper at arenaene til WNGER kan verke som ein stimulerande og utviklande arena for tverrefagleg læring. På tvers av fagområde, profesjonar og vitskapssyn.
  • For det tredje så er eg glad for at vi integrert i forskarskulen – og også i ettermiddag har fokus på rettleiarrolla – i takt med at vi har fått større og større mulegheiter og dermed også faglege krav er det å utvikle rettleiararne nødvendig for å utvikle doktorandane.
Vi har ei anna kompetansebyggande ordning i Volda: Tilsette kan få professor- eller dosentstipend, og får då inntil 3 års FoU-tid fordelt på 5 år for å kvalifisere seg til professor eller dosent. Det er svært aktuelt for oss å kople desse ambisiøse fagfolka på WNGER – vi ønskjer jo at dei skal rettleie stipendiatar i framtida, og då er rettleiarkurs svært aktuelt.
Det gjer Volda bedre – og då kan vi vere med på å gjere andre betre.
Avslutningsvis så vil eg seie nokre ord til dei som lurer på om det verkeleg trengst eigne forskarskular og rettleiarkurs. Er ikkje det å studere på høgste nivå ein einsam jobb og sært prosjekt noko sært som ingen andre kan ellet bør involverast i? Og gjeld ikkje det også rettleiarane og leiarar for forskingsgrupper?
Øystein Lund frå NOKUT sa det i grunnen veldig fint: Vi må bort frå stress- og redselsstyrt læring. Også på doktorgradsnivå. Rune Krumsvik understreka også støtteperspektivet i sitt innlegg. Det er betryggande.
Når det gjeld behov for kurs til forskingsleiarar og rettleiarar, så kan det passe å minne om det gamle jungelordet:
Om du trur du er utlært,
så er du ikkje lærd,
men ute.
Det burde vere nok å nemnde den digitale utvikling for å forstå at det skjer ting rundt oss som også dei med høgast formell kompetanse kan trenge å få påfyll på. Og også her viser WNGER lovande takter. Også på denne opninga.
Lukke til vidare med WNGER – både de som er ansvarlege – og dei mange som kjem til å følgje forskarskulen i åra som kjem.
Tor-Johan Ekeland (t.v.) og Rune Krumsvik i Universitetsaulaen i Bergen.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar