Mellombels tilsette: Er Volda ein versting?

Nybø i Khrono, 25. mars 2019.
Khrono, 25. mars 2019.

Det var vel som venta at Khrono-overskrifta var at rektorar må inn på Kunnskapsministerens teppe for å svare for utviklinga i talet på mellombels tilsette i sektoren.

Det kunne fort bli trangt på teppet med 8-10 rektorar på plass. Høgskulen i Volda var også innkalla, men når Widerøe ikkje kunne fly så gjekk den reisa fløyten. 

Men kva er status? Er Volda ein versting? Kva kan gjerast? 

Studiebarometeret: Tid til å studere? (oppdatert)

I Studiebarometeret oppgir studentane kor mykje tid dei brukar på å studere i løpet av ei veke. Er dette tal vi kan stole på? Og kva fortel dei eigentleg?

Voldastudentane har dei siste åra oppgitt dei studerer knapt 30 timar pr veke. Dette er gjennomsnittstal for alle studentar, og naturlegvis med variasjon mellom studieprogramma.

Gjennomsnittleg tidsbruk for alle bachelorstudentar er 33 timar i veka for bachelorstudentar, går det fram av eit oversyn frå Studenttorget.no. Men det er store skilnader mellom ulike typer av utdanningar. Kunnskapsminister Iselin Nybø meiner institusjonane bør ha høgre forventningar til studentane – at studentane bør få høgare krav og studere fleire timar i veka. Noko liknande har også tidlegare kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sagt – blant anna tilbake i 2016.

Dette er altså viktige tal for Kunnskapsdepartementet: «Fagleg tidsbruk (timar pr veke)» er eitt av såkalla Nasjonale styringsparameter som alle UH-institusjonar blir målte på.

Orientering til høgskulestyret, 7. mars 2019

Styremøtet 7. mars 2019 i opptak.

Styremøtet ved Høgskulen i Volda vart også omtala på førehand i fleire nettaviser:

Khrono (7.mars 2019): Roppen: Selvstendighet et tydelig førstevalg for Volda
Forskerforum (6.mars 2019): Skal Høgskulen i Volda fortsatt stå alene? Styremedlemmer er uenige med rektor

Nei til campus: Ja til høgskuleområde

Språkrådet har vorte spurt av Møre-Nytt om namnet på Campus Volda Sparebank1 Arena. Og Språkrådsdirektør Åse Wetås likar ikkje det ho høyrer. – Dette er eit namn som er alt for langt til at nokon klarer å huske det, spår Wetås.

Arenaen med det lange namnet: «Volda Campus Sparebank1 Arena»:
Ideskisse frå 2016.

I artikkelen peikar også Wetås på at Høgskulen i Volda bruker ordet campus om høgskuleområdet. Det har ho rett at vi har gjort, men det bør vi slutte med: Når vi snakkar om høgskuleområdet så bør vi seie akkurat det og ikkje campus.

Vi bør seie høgskuleområdet i staden for campus.

Vi har no starta med å luke ut «Campus» frå nettsidene våre, altså frå overskrifter, lenkjer, kart og bilde. Og det viser seg at også på høgskulen har campus vorte teke i bruk i mange samanhengar.

Språkrådet har omtala opphavet til ordet campus og fortel at det kjem frå latin og kan kanskje omsettast til slette, eller ein stad der ein slår leir. Det er altså i slekt med camping. Høgskuleområde kan nok av og til likne på ein campingplass, men det er vel ikkje noko mål å trå etter. Universitetsområde som låg for seg sjølv utanfor ein by tok i bruk same omgrepet. Seinare har det vorte teke i bruk om universitetsområde meir generelt, fjernt frå den opphavlege tydinga, slik det ofte er. Store Norske Leksikon omtalar Campus som «Universitetsområde» – og det same gjer Wikipedia (bokmål) – så det er støtte for det alternativet på norsk.

Etter mi meining er «Campus» eit engelsk ord som ikkje seier noko meir enn det norske ordet høgskuleområde eller universitetsområde og då er det ikkje noko stort poeng å bruke det engelske ordet – tvert i mot skaper det avstand og uvisse.

Studiebarometeret 2018: Betre, men bra?

NOKUTs nasjonale undersøking Studiebarometeret har vorte lagt fram med resultat for 2018

Så har resultata for Studiebarometeret for 2018 kome – og i år er det fjerde året på rad at vi har høg svarprosent i Studiebarometeret og dermed bør ta tala på alvor. Og det har vi gjort – spesielt etter i fjor då vi hadde ein klar nedgang i studentane si vurdering av Høgskulen i Volda. Det verste med dette var eigentleg at vi fekk få eller ingen forvarsel – det var lite i kvalitetssystemet som tyda på at studentane brått hadde gått frå å vere nokså nøgde til i grunnen misnøgde med mykje.

NOKUT genererer ei rekkje rapportar for Studiebarometeret. Fagmiljøa har fått tilgang til alle rapportar på avdelings- og programnivå for Høgskulen i Volda.

Her er to rapportar med resultat frå Studiebarometeret for heile HVO.

For 2018 ser vi framgang – men vi er ikkje tilbake på tala for 2015 og 2016 – enno?

www.hivolda.no la vi ut eit første oversyn over resultata i Studiebarometeret same dag som dei nasjonale resultata blei kjende.

Strukturkonferanse: Større, sterkare, betre?

Ei lita gåte: Det blir færre institusjonar – men kvifor blir det då stadig fleire deltakar på seminar i sektoren?

NTNU har invitert til seminar om fusjonar, 11.2.2019. Her er den første omfattande løypemeldinga frå strukturprosessen. Kva fekk vi vite? Korleis tenkjer dei store aktørane?

(Dette blogginnlegget er skrive frå ein strategisk diskret posisjon på bakerste benk – fusjonsprosessane sett utanfor. Og så er dette nok meir av eit kommentert referat enn eit tradisjonelt siterende referat. Så er det sagt. )

Nettavisa Khrono følgjer naturlegvis debatten.

På veg inn til møtet fekk eg spørsmål på om Kåre Heggen var med på møtet? Bakgrunnen for spørsmålet er at Kåre Heggen har skrive ein kronikk i Klassekampen, som også har blitt publisert i Forskerforum. Kåre Heggen er no – som i 2015 kritisk til tankegangen bak fusjonsiveren og ikkje minst kunnskapsgrunnlaget bak.

Fusjonskronikk av Kåre Heggen.

(Ordstyraren på seminaret sa det ville bli råd å stille spørsmål frå salen, og kanskje var det til og med rom for kommentarar.

Undervegs tok han ein kjapp kommentar: «Vi har ein samstemt sektor»)

Gunnar Bovim opna møtet: Det er for tidleg å kome med ei endeleg vurdering av strukturreformen no. Det ville vere som å gi stilkarakterer når hopperen forlot hoppkanten, sa Bovim. Så dette er eit seminar for å gjere institusjonane betre, var beskjed frå Bovim.

Steinar Stjernø presenterte dei lange linjene i strukturprosessen. Sett på spissen sa han at Gudmund Hernes hadde suksess med å redusere talet på institusjonar. Men bomma ved at det blei fleire universitet og at det ikkje blei ei tydeleg arbeidsdeling mellom universitet og meir praktisk retta høgskular.

Studentrevyen 2019 – X3MT moro!

Helsing til Studentrevyen 2019

Kjære revysjef, skodespelarar, musikarar, scenearbeidarar og alle andre som det siste året, siste månaden, siste vekene – og ikkje minst det siste døgnet – har hatt revyen som hobby, sideaktivitet, deltidsjobb – og etterkvart heiltidsjobb: 

Eit stort GRATULERER! Til dykk alle!  De har laga ein revy som verkeleg fortener fulle hus på alle framsyningane!

Overselling av studentheimane på Heltne – eit innslag som godt kan framførast på nytt når dei nye studentheimane står ferdige i 2020!

Somme på Høgskulen i Volda kallar studentanes revyarbeid for utanomfagleg aktivitet. Det er veldig feil ordval. 

Tvert i mot bør vi omtale revyen som tverrfagleg arbeid av beste sort: På tvers av fag, program og avdelingar. 

Med revyen viser studentane veg – at det går an å få det til med framifrå resultat av tverrfagleg arbeid. Her har vi lærarene og veldig mange andre mykje å lære av studentane!

Ein god revy skal treffe på så mange plan, og årets revy skuffar ikkje i så måte. Dei som var på revyen veit kva eg meiner med å seie at Dovregubbens hall er endra for alltid. Skodespelarane er ein uredd gjeng som byr på seg sjølv, og meir til. Dei må ha hatt det veldig kjekt på øvingane – og det fekk vi som var blant publikum merke til fulle på premieren!

Min favoritt var nok innslaget med Senkveld – ein feministisk inspirert mediekommentar som passa fantastisk bra i ein revy!

Musikarane og musikken må særskilt nemnast. Profesjonell framføring, også med uventa instrument som trekkspel og blekkfløyte. Eg veit musikarane har øva så det har dryppa av veggane i dei nye øvingsromma på Kaarstad! Det er bra dei vert brukt – og så får vi skru på meir ventilasjon neste år.

Dette er altså fullstendig studentanes revy, og revygjengens revy. Vi som sat i salen er takksame for at vi fekk ta del i energien, engasjementet og dykkar revyblikk på … verda.

Og eg håper at det blir tre utselde framsyningar dei komande dagane. Det fortener revyen verkeleg! 

Revyen er eit høgdepunkt for studentmiljøet i Volda, og det seier ikkje lite. Vi er alle utruleg stolte over det de har fått til – de kan verkeleg vere nøgde med årets revy. 

Lukke til også med dei neste framsyningane!
Eg har alt begynt å gle meg til revyen 2020!

Revysjef Ingrid Alice Mortensen og regissør Beate Haugsdal i fri dressur etter vel gjennomført premiere!

Helseføretaket bør lære av Nordøyvegen

Helse-Midt Noreg, Stjørdal

Budsjettmodellen til Helse Midt-Noreg bør vurderast av eksterne fagmiljø. Drakampen om Nordøyvegen viste verdien av å la ulike fagmiljø kome med alternative vurderingar.

Helse Møre og Romsdal hadde dialogmøte i Ålesund fredag 1. februar. Den ikkje så fengande tittelen på møtet var: «Orientering og dialog kring HMR sin omstillingsprosess knytt til oppfølging styresak for budsjett og operasjonalisering av utviklingsplan.».

Diskuterte helseproblema (Sunnmørsposten 1. februar 2019)
Sterk auke i overtid og vikarløn i Helse Møre og Romsdal (Sunnmørsposten 1. februar 2019)

Alle som deltok på møtet visste godt at dette handla om å spare. Og spare. Og spare. Og no forventar Helse Møre og Romsdal at kommunane skal hjelpe Helse Møre og Romsdal med å spare. Ingen bør vere overraska over at kommunane er skeptiske til det. Ballen kom raskt tilbake til helseføretakets banehalvdel frå godt over hundre ordførarar, rådmenn, kommunalsjefar, legar, tillitsvalde og andre helseleiarar som deltok på møtet. Kva kan helseføretaket gjere sjølv?

Administrerande direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Noreg tok den pedagogisk oppgåve med å forklare korleis finansierings- og fordelingsmodellen i Helse Midt-Noreg fungerer. Det er naturlegvis ikkje lett å gjere på dei få minutta han hadde til rådvelde, og det var heilt sikkert rett alt han formidla. Kort sagt handlar desse modellane om korleis pengane frå staten vert fordelt internt i Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal ut frå eit komplisert reknestykke som handlar om folketal, aldring, avstandar – og mange andre ting. Dei store tala i budsjetta til Helse Møre og Romsdal er altså vedtatt av Helse Midt-Noreg ut frå ein overordna modell. Det er rammevilkår som styre og leiing i Helse Møre og Romsdal i liten grad kan gjere noko med – og difor eit sparemøte.

Er det pasientane eller modellane som er problemet?

Slørdahl forsikra forsamlinga om at helseføretaket alltid var viljug til å diskutere fordelingsmodellen og at målet er å unngå skeivfordeling internt i regionen. Det er eit godt utgangspunkt for ein grunnleggande og fordomsfri debatt. Den er alt for viktig og komplisert til å bli teken av legar, økonomar og modellar aleine. Eller som Astrid Eidsvik sa på møtet: Modellane har så mange fasettar at det er vanskeleg å sjå heilskapen i dei. Eller kanskje også konsekvensane?
Det er få personar som har god innsikt i modellane – og dermed er det også ein skeiv maktbalanse.

Ein bør stille spørsmål ved om finansieringsmodellen gjennom dei siste 8-10 åra faktisk kan vere ei forklaring på problema ein opplever. Har modellane innebygd eigenskapar eller utilsikta konsekvensar som premierer stor pasienttransport ut av fylket? Er det sider ved modellen og praktiseringa som gjer at 16 prosent av pasientane får behandling i Trondheim? Og at sjukefråveret i hundrevis av einingar i Helse Midt-Noreg ligg over 10 prosent?

Eller sagt på ein annan måte: Gjev modellen eit berekraftig resultat for pasientar, for tilsette i Helse Møre og Romsdal og dermed for regionen?

Einskilde sider ved modellen har vore framme i debatten. Blant anna har professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda i ein kommentar i Dag og Tid teke opp ideen om å skilje mellom drift og investeringar i sjukehusbygg. Ordførar Jørgen Amdam har lang erfaring frå høgskulesektoren og han har peika på at pengar til forsking vert teke av det som blir kalla basisløyvinga i modellen.

Anders Riise og Kommunanes sentralforbund meiner at dei økonomiske modellane til helseføretaket bør vurderast kritisk av fagmiljøa i regionen.

Men kven bør vurdere modellane? Her har vi både eit bukken og havresekken og eit svingdør-problem: Det aller meste av forsking i Helse Midt-Noreg vert utført i Trondheim – i nært partnarskap med NTNU og då særleg ved fakultet for medisin og helsefag. Der arbeider også professor Jon Magnussen som har gjeve namn til fordelingsmodellen som helseføretaket brukar. Det er svært tette samarbeid og personutveksling på toppnivå mellom Helse Midt-Noreg og NTNU. Gunnar Bovim var direktør i Helse Midt-Noreg då dagens modell vart tatt i bruk. Han kom frå NTNU og gjekk tilbake til NTNU som rektor etter nokre år i helseføretaket. Stig Slørdahl er midt i same løype og har permisjon frå stillinga som professor på NTNU medan han er direktør i Helse-Midt Noreg.

Eg er heilt sikker på at fagfolk og leiarar på NTNU og Helse Midt-Noreg har etikk og integritet på stell. Men kvar ein står og går bestemmer også kva ein ser.

Det kan hentast fersk erfaring frå drakampen om Nordøyvegen. Det er vel kjent at i arbeidet med Nordøyvegen kom ulike økonomiske fagmiljø kom med alternative reknemåtar som gav vidt forskjellige resultat. Det kom av at ulike økonomiske modellar legg vekt på ulike ting. Det finst ikkje rette eller feil modellar i seg sjølv. Det kjem an på kva spørsmål som blir stilt og kva ein legg vekt på – altså kva som er mål og føresetnader for modellane. Og dermed blir det ei politisk eller skjønsmessig vurdering som til slutt må gjerast. Det veit alle som arbeider med modellar.

Det er valår i 2019 og mange politikarar kjem til å meine mykje om helseføretaka, men styra bestemmer. Det vil vere fornuftig av styret i Helse Midt-Noreg å hente inn uavhengige vurderingar av dei økonomiske modellane som legg til grunn for fordeling av 20 milliardar skattekroner. Det er tre-fire Nordøyvegar – kvart år.

Orientering til styret, styremøte 7/2018, 6. desember 2018 *)

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

Fleire tilsette – færre i fellesadministrasjonen
Statistikkken frå DBH (Database for høgare utdanning) viser at vi pr 1.10.2018 har 339 årsverk på HVO. Det er fleire enn nokon gong tidlegare og 12 fleire årsverk enn i fjor. Tala viser også at fellesadministrasjonen igjen har minka i tal årsverk – frå 78 til 74. Avdelingane har altså auka med 16 årsverk – av desse ca 8 årsverk ved at Nynorsksenteret vart overført til Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Campusutvikling 2.0
Nybygget for medieutdanningane sprang ut av det første samla Campusutviklingsprosjektet ved Høgskulen i Volda. Vi skal no i gang med eit nytt campusutviklingsprosjekt og har nett tilsett prosjektleiar. Vi kallar det nye prosjektet 2.0 for å skilje det frå det førre prosjektet frå 2015.

Det nye campusprosjektet vil ha to innretningar: For det første ein innomhusdel der særleg nye undervisnings- og arbeidsformer vil stå i fokus. Men for det andre vil vi også ha ein utomhusdel der eg sjølv meiner det er heilt nødvendig å sjå høgskuleområdet i samanheng med våre naboar og naboinstitusjonar. Både fordi det begynner å bli knapt med plass, det skal byggjast store vegprosjekt i området vårt og vi må dele på fellesressursar og utvikle oss i lag. Til dømes våre utfordringar når det gjeld parkering vil våre naboar merke – same kva vi gjer eller ikkje gjer.

Og då tenkjer eg i tillegg til høgskulen på Studentsamskipnaden, Statsbygg, Volda kommune, Sunnmøre kulturnæringshage og kunnskapsparken, fylkeskommunen med Volda vidaregåande skule og Helse Møre og Romsdal med Volda sjukehus. Private aktørar har også vorte sterkt interesserte i høgskuleområdet. Eg tenkjer då på idrettshall-planane til Volda Campus Sparebank1-arena, men også andre store næringsprosjekt. Så her må mange aktørar samordnast.

Dei samla utbyggingane på og ved høgskuleområdet frå 2015 og fram til ca 2025 blir på ca 1 milliard – og i tillegg kjem tunnel mot Ørsta som vil koste 1 milliard. Tunnelløp nummer to vil måtte byggjast få år etter, og då blir det nok ein milliard. Så i år 2030 har vi antakelig fire-felts veg mellom Høgskulen og flyplassen. Nesten.

Utvikling av høgskuleområdet 2015-2025. Status ved årsskiftet 2018/2019

Fortsett å lese Orientering til styret, styremøte 7/2018, 6. desember 2018 *)

NIFUs studieporteføljerapport: Presentasjon og kommentarar til rapporten

På styreseminaret 22. oktober 2018 diskuterte høgskulestyret, leiinga og representantar frå tilsettes organisasjonar og studentane NIFUs rapport om høgskulens studieportefølje.

Nedanfor står mi innleiing til diskusjonen om rapporten generelt og om struktursaka spesielt. Teksten har vorte litt omarbeidd for å passe til nettformatet, den har vorte utvida med lenkjer og illustrasjonar elles litt oppdatert ut frå ting som har skjedd og elles mindre justeringar i den endelege versjonen av NIFU-rapporten som vart lagt fram etter seminaret.

NIFU-rapporten er tilgjengeleg både frå Høgskulen i Voldas nettsider, og på NIFUs nettsider. Rapporten har også vorte omtala av Møre-Nytt (krev innlogging) og artikkelen i Møre-Nytt har vorte vidareformidla av Sunnmørsposten (krev innlogging) og NRK Møre og Romsdal 8.11.2018.

I samband med styreseminaret i fjor la direktør Karen Lomeland Jacobsen fram ein plan for vidare strategisk arbeid med struktursaka. Vi har no kome til eit spennande punkt i dette arbeidet der vi skal drøfte den eksterne utgreiinga, altså NIFU-rapporten. NIFU-rapporten er også innom spørsmål som strategisk utvikling av studieportefølja og naturlegvis også det såkalla «nye institusjonslandskapet» – og det skal vi drøfte i dag. Så det er dei store tinga vi skal snakke i lag om.

Høgskulestyrets plan for behandling av struktursaka 2018-2019.

Høgskulen har frå tid til annan drege inn eksterne forskingsmiljø for å få hjelp til å styre verksemda. Som student ved Distriktshøgskulen tilbake i 1989 var det Statskonsult som vart henta inn for å vurdere og foreslå samanslåing av DH-skulen og Volda lærarhøgskule. Rapporten fekk ublid omtale internt: «Den var for dårleg». Men samanslåing vart det.

Rokkan-rapporten 2012

Rokkan-senteret har tidlegare vurdert høgskulens interne avdelings- og styringssstruktur.

Rokkan-rapporten 2012: Evaluering av ny organisasjonsmodell ved Høgskolen i Volda. (Rokkaninstituttet har seinare vorte ein del av forskingsselskapet Norce).

No har altså NIFU på oppdrag frå oss kome med ei brei undersøking av oss ut frå tilgjengeleg data – både NIFUs eigne data – som vi sjølve har bidratt til – og frå andre data som var levert frå oss for ymse andre føremål.

Fortsett å lese NIFUs studieporteføljerapport: Presentasjon og kommentarar til rapporten