Orientering til høgskulestyret 23. oktober 2018

Skriftleg versjon av den munnlege orienteringa som rektor gav til høgskulestyret, på styremøtet 23. oktober 2018. Sakslister og sakspapir til møtet.

Opptaket 2018: Fleire enn 4.000 studentar også i 2018
Vi har no levert oversyn over tal studentar på Høgskulen i Volda hausten 2018. I fjor hadde vi for første gong over 4.000 studentar med 4.184. I 2018 har vi for andre gong og andre gong på rad over 4.000 studentar, så det offisielle talet studentar ved Høgskulen i Volda er no 4.095 studentar. Vi har faktisk også fått oppjustert talet på studentar for 2015 i den nasjonale databasen DBH. Den viser at vi hadde nøyaktig 4.000 studentar i 2015 – tidlegare har vi trudd at det skulle vere to færre. Så vi har hatt 4.000 studentar eller fleire tre av dei fire siste åra.
Studiestart 2018 ved Høgskulen i Volda.
Struktur og samarbeid

Strukturprosessane landet rundt nærmar seg ein normalfase der dei nyfusjonerte skal over i vanleg drift. Høgskulen på Vestlandet gjennomfører fusjonen på instituttnivå i 2018. NTNU har gått ned 100 plassar på ein av verdsrankingane av universitetet, og det er vel rimeleg å tru at ei forklaring på det er både innfusjonerte institusjonar og elles mykje ekstraordinært arbeid på grunn av fusjonane. Men det er viktig å hugse på at dette var berre ein av mange konkurrerande rangeringar.

I framlegget til statsbudsjett for 2019 har regjeringa kutta fusjonsstøtta frå 125 millionar kroner i 2018 til 15 millionar i 2019. Naturleg nok er dei nyfusjonerte institusjonane skuffa over dette beløpet.

Fortsett å lese Orientering til høgskulestyret 23. oktober 2018

Tidleg innsats i skule og barnehage – på norsk

Kunnskapsdepartementets utdanningspolitiske toppmøte 2018.

Kunnskapsdepartementet held år om anna såkalla «utdanningspolitiske toppmøte» – og i 2018 skjedde det 16. oktober.

I 2018 var temaet: «Tidlig innsats og samspillet mellom forskning, høyere utdanning, barnehager og skoler». Eller sagt på ein annan måte: Alle er samde om at det trengst meir og betre tidleg innsats i skule og barnehage – det er antakelig eit viktig tiltak for å få ein kvalitativt betre skule – og barnehage.

For meg var det ein stor skilnad på årets toppmøte og tidlegare toppmøte: Alle innleiarane – og dermed møtedeltakerane – snakka på norsk. Vi får tru at statsråd Nybø med dette også har gjort ei aldri så lita språkpolitisk markering.

Fortsett å lese Tidleg innsats i skule og barnehage – på norsk

Trippelmarkering på sommaravslutninga 20. juni 2019

Mykje HVO-historie samla på seminar om HVO-historie. Frå venstre Harald Tafjord, Anne Øie, Arne Myklebust, Ketil Jarl Halse, Jan Driveklepp, Odd Ragnar Hunnes, Kåre Heggen og Jon Tvinnereim.

Historisk institutt arrangerte torsdag 6. september ope seminar om historieskriving for UH-institusjonar generelt, og HVO spesielt.

Program for seminaret.

På seminaret argumenterte Oddbjørn Melle for at ein viktig dato for Høgskulen i Volda er 20. juni 1969. Då vedtok Stortinget å opprette dei første DH-institusjonane som ei prøveordning, så det er antakelig det næraste vi kjem ein fødselsdato for DH-skulen i Volda.

Vedtaket aleine kan vere litt forvirrande – det står slik:

Stortingsvedtaket om oppretting av prøveordning med distriktshøgskular, 20. juni 1969

… men her står jo ingenting om nokon DH-skule i Volda. Berre Molde er omtala. Men av debatten i Stortinget går det klart fram at det var føresett at det skulle starte prøvedrift med DH-skule også i Volda.

Fortsett å lese Trippelmarkering på sommaravslutninga 20. juni 2019

Statsbudsjettet 2019 – Langtidsplanen 2019-2028

Iselin Nybø og Venstres første stortingsmelding: Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

Kunnskapsminister Iselin Nybø slo to fluger i ein smekk då ho 8.oktober både var med på å leggje fram regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2019 og regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning for åra 2019-2028.

For statsbudsjettet har det kome mest høfleg klapping frå sektoren, medan langtidsplanen vekte meir åtgaum. Ein viktig skilnad på dei to dokumenta var at statsbudsjettet i grunnen ikkje gjev særleg økonomisk auke til UH-sektoren, men langtidsplanen ser ut til å gje meir pengar i åra som kjem. Ja, ein del av av dei kjem faktisk i 2019-budsjettet.
For Høgskulen i Volda har leiinga ikkje klart å finne så mange positive signal i budsjettframlegget, om ein då ikkje skal rekne stabile kutt som eit teikn på ein føreåtseieleg politikk.

Statsbudsjettet for 2019 for Høgskulen i Volda (www.hivolda.no).

Eit tiltak som ikkje vart innført, men som mange i sektoren pustar letta ut over er at det ikkje har kome økonomiske insentiv til utviklingsavtalane som alle UH-institusjonar i desse dagar innfører.
Fortsett å lese Statsbudsjettet 2019 – Langtidsplanen 2019-2028

Nynorsk kultursentrum 25 år: Helsing til ein ung 25-åring frå ein gammal 24-åring *)

Ottar Grepstad heldt kanskje sin siste store tale som direktør ved Nynorsk kultursentrum, 28. september 2018.

Applaus til Grepstad frå festlyden, fredag 28. september 2019 (video).

Høgskulen i Volda var i 1993 med blant stiftarane av Nynorsk kultursentrum. Vi var då to institusjonar. Volda lærarhøgskule og Distriktshøgskulen i Volda. I 1994 vart dei to slått saman til Høgskulen i Volda. Det skal vi markere neste år. Vi har litt å lære av Nynorsk kultursentrum når det gjeld feiring!

I 2019 skal vi også feire at det er 50 år sidan fødselsdagen til DH-skulen i Volda. Datoen er 20.6.2019. Då er det 50 år sidan Stortinget vedtok å etablere dei første DH-skulane – blant dei Volda.

Men vi er likevel eldre enn som så – lærarskulen vart skipa i 1861 og sidan då har det vore drive høgare utdanning i Volda.

Så denne helsinga går frå ein nokså gammal 24-åring til ein ung og vital 25-åring!

Blogginnlegg: Jubileumsåra 2019-2022: Her trengst det ei bok! Og ein fest

Fagfolk ved Høgskulen i Volda stod sentralt i grunnarbeidet som førte fram til etableringa av Nynorsk kultursentrum og det som på folkemunne vert kalla Aasentunet i Hovdebygda. Særleg avdøde historieprofessor Jostein Nerbøvik har fortent nok vorte minna litt ekstra på denne jubileumsfeiringa. Mange andre kunne vore nemnde.

Fortsett å lese Nynorsk kultursentrum 25 år: Helsing til ein ung 25-åring frå ein gammal 24-åring *)

SHOT-undersøkinga: Litt bra – mange spørsmålsteikn

SHOT: Studentenes helse- og trivselsundersøkelse

Studentane ved Høgskulen i Volda har i 2018 for første gong delteke i SHOT-undersøkinga som handlar om studentanes helse og trivsel. Kva fortel SHOT-undersøkinga om korleis voldastudentane har det når det gjeld helse og trivsel?

I ein første kommentar som vart publisert på våre eigne nettsider så var eg sjølv mest oppteken av at vi låg bra an i høve til andre studiestader, og då var tala ikkje så verst. Særleg glad vart eg for å sjå at våre studentar er veldig nøgde med studentmiljøet i Volda. 69 prosent av dei som deltok i undersøkinga tykte at studentmiljøet i Volda er godt. Det er eit svært bra tal. Faktisk er dette sjette beste scoren av dei 42 studiestadene som deltok i SHOT i 2018. Det skal vi vere glade for.

Omtale av SHOT på www.hivolda.no:
Men dette kan absolutt ikkje vere ei sovepute – vi både må og skal bli betre. Ein betre høgskule, ein betre studiestad – og då må fleire studentar oppleve at at Volda er ein bra plass og ein bra høgskule for dei.
Kva kan vi så bli betre på? På mange område ligg Volda ikkje godt an i høve til landsgjennomsnittet, men kva det kjem av og korleis vi kan bli betre er vanskelege spørsmål.
Fortsett å lese SHOT-undersøkinga: Litt bra – mange spørsmålsteikn

Fou-prisen 2018: Siv Måseidvåg Gamlems takketale

Siv Måseidvåg Gamlem: Vinnar av FoU-prisen i 2018.

Takketale for FoU-prisen 2018: av Siv Måseidvåg Gamlem

Tusen takk! Eg er både glad og audmjuk over å verte nominert og få tildelt denne gjeve prisen. Det er ei ære å få stå her i dag.

Dei som kjenner meg har nok høyrt korleis eg snakkar om at det er viktig med «dialog og støttestrukturar» i læringsarbeid. Ingen kan løyse oppgåver eller prestere noko som ligg utanfor vår eiga forståing. Såleis vert teamsamarbeid, erfaringsdeling, dialog, spørsmål og støtte til utvida forståing viktig i lærings- og utviklingsprosessar. Denne tilnærminga til læring har nok prega mitt arbeid som lærar, stipendiat og forskar ved Høgskulen i Volda.

Fortsett å lese Fou-prisen 2018: Siv Måseidvåg Gamlems takketale

FoU-prisen 2018: Siv Therese Måseidvåg Gamlem

Gratulantar og prisvinnar: Frå venstre Sverre Måseidvåg, Thelma Måseidvåg, Siv Therese Måseidvåg Gamlem, Stein-Ivar Gamlem og Johann Roppen.

Helsingstale frå rektor til prisvinnar Siv Therese Måseidvåg Gamlem: 

Med musikk frå Elizabeth Oltedal og Øystein Salhus har Forskingsdagane 2018 ved Høgskulen i Volda vorte offisielt opna, og det er her i biblioteket – slik vi har gjort det dei siste åra.

Forskingsdagane er ein nasjonal forskingsfestival, og årets tema er Oppvekst.

Høgskulen i Volda har i 2018 over 25 arrangement under forskingsdagane og er i år som tidlegare ein av dei norske universitets- og høgskuleinstitusjonane som satsar mest på fagleg formidling ved å ha mange og mangfaldige arrangement under Forskingsdagane. Dermed både formidlar vi fag og forsking – men ønskjer også å kome i fagleg dialog, i samtale om fag og forsking på ein tilgjengeleg måte.

Eg vil i samband med det nemne to førpremierar for Forskingsdagane i Volda, to arrangmenet frå onsdag denne veka. Den første i var konferansen: «Inkluderande fellesskap – universell utforming». Altså tilgang for alle. Det andre arrangementet hadde tittelen «Nynorsk digital oppvekst», og var eit debattmøte i samarbeid med Volda mållag, Nynorsk kultursentrum og det nynorske digitale oppslagsverket Allkunne. Igjen kan vi seie at tilgang for alle var eit underliggande tema. Ved døra til biblioteket finn de ei utstilling med interessante bidrag til dette temaet.

Men så har vi det som skal skje her i biblioteket. No. Nemleg utdeling av den årlege FoU-prisen ved Høgskulen i Volda.

Fortsett å lese FoU-prisen 2018: Siv Therese Måseidvåg Gamlem

Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Styremedlemmer og tilhøyrarar på møtet i Høgskulestyret (skjermdump).
Høgskulestyret ønskjer på alle styremøte å få ei kort orientering frå rektor om saker som styret reknar som særleg viktige. Struktursaka og grunnskulelærarutdanningane blir det orientert om på alle styremøte.
Nedanfor står orienteringa frå styremøtet 13. september 2019.

Struktursaka og samarbeidsavtalen med UiB

Samarbeidsavtalen mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda vart signert i 2016 og skulle vare for tre år, med opsjon på forlenging i tre nye år. Det må altså vi og UiB ta stilling til våren 2019. Det kan antakelig passe å forlenge avtalen på Solstrand-seminaret i mars 2019. Avtalen er inngått på rektornivå på dei to institusjonane og styra har fått avtalen til orientering.
På fellesnivået så har prorektor i Volda hatt møte med prorektor for utdanning i Bergen. Leiinga i Volda skal også ha eit møte med våre felles professorar, altså II-arane i Volda som er tilsette ved UiB den 21. september.
På fagleg nivå melder Avdeling for samfunnsfag og historie om nye aktivitetar innanfor eller i tilknytning til samarbeidsavtalen. Det er samarbeid om metodeundervisning, barnevernssamarbeid der også Høgskulen på Vestlandet er med. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har rigga forskingsprosjektet DigiGLU – altså digitalisering av grunnskulelærarutdanninga – slik at professor Rune Johan Krumsvik er prosjektleiar i lag med professor Peder Haug. Krumsvik er som kjent II-ar ved Avdeling for kulturfag.

Fortsett å lese Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Helsing til doktorand Torhild Erika Lillemark Høydalsvik

Ingen tvil – Høydalsvik tek tak i disputasen. Frå venstre dekan Arne Myklebust, 3.opponent Margareth Sandvik, 2. opponent Bjørn Stensaker, prodekan for forsking (OsloMet) Halla Bjørk Holmarsdottir og rettleiar Liv Gjems.

OsloMet sin omtale av disputasen.
Høgskulen i Volda sin omtale av disputasen.

Helsing frå rektor til doktoranden på doktormiddagen, fredag 14. september 2019:

På vegne av alle tilsette ved Høgskulen i Volda vil eg som rektor nytte høvet til å gratulere Torhild og alle andre involverte med vel gjennomført disputas.
Torhild har på ein engasjert og klarspråkleg måte levert eit forsvar som syner kor viktig ho meiner det er med barnehagelærarutdanning og rolla som lærarutdannar.
Kommisjonsmedlemmene har tydeleg synt at avhandlinga har trigga dei på mange måtar. OsloMet skal ha ros for å ha fått fram nok ein kandidat – og eg ser at mange frå fagmiljøet i Oslo også har møtt opp her.

Fortsett å lese Helsing til doktorand Torhild Erika Lillemark Høydalsvik