Orientering til høgskulestyret, styremøte 11. juni 2020

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på våre nettsider.

Den førre orienteringa vart gitt 28. mai, så eg skal vere kort i denne orienteringa:

  • Handtering av koronasituasjonen på HVO
  • Akkreditering av master i barnehagelærarutdanning
  • Aktuelle spørsmål i UH-sektoren

Når det gjeld korona så var det ei eiga styresak om dette i styremøtet i april og var også omtala i orientering frå rektor på førre møte. Det har ikkje vorte meldt om nye koronasmitta i Volda eller på Søre Sunnmøre dei siste månadene. Planlegging av haustsemesteret vil vi halde på med i vekene framover, og det er eit stort, viktig og vanskeleg arbeid. Kriseleiinga har vedtatt å utvide dagen for studentane i begge retningar. Undervisninga vil starte kl 08.30, tre kvarter tidlegare enn det som har vore vanleg dei siste åra. Undervisninga kan halde til klokka 18. På denne måten får vi fleire timar tilgjengeleg i dei største undervisningsroma. Idrettsbygget kjem til å bli brukt til klasseromsundervisning i delar av semesteret. Vi vurderer løpande å leige endå fleire lokale. Skulestart klokka 08.30 og kvar time framover er også ideelt for korrespondanse med buss og ferje og vil vonleg bidra til mindre press på parkering. Sjølve semesteropninga vil vi fordele over to dagar; 18. og 19. august; og det blir også motta av studentar på to eller tre ulike stader på høgskulen der innhaldet i opninga blir ein fjernsynsproduksjon som blir synt fram for dei nye studentane. Vi deler opp studentgruppene på denne måten for å vere sikker på at vi vil vere innanfor smittevernkrava.

Orientering til høgskulestyret, 28. mai 2020

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.


I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på våre nettsider.

I denne orienteringa vil eg seie litt om følgjande tema

  • Samordna opptak
  • Bygg og anlegg
  • Korona-situasjonen
  • Aktuell politisk debatt om finansiering og dimensjonering av høgare utdanning

Styret får ein eigen presentasjon av resultata frå samordna opptak seinare i møtet. Vi er svært glade for at vi har auke i søkartala for fjerde året på rad, og det er også veldig positivt at vi som ein av svært få institusjonar har auke i søking til lærautdanningane.

Arbeidet med nybygget til mediefaga er 12 dager forsinka, men vi trur det skal vere muleg å hente dette inn att.  Vi har nettopp lyst ut ein intern namnekonkurranse for huset, og det skal styret i seinare møte skal ta beslutninga på.

Volda kommune har ikkje vedtatt skiltplan for det utvida høgskuleområdet så det svært usikkert om det blir betalingsparkering på høgskuleområdet frå hausten 2020.

Koronakrisa:

Koronakrisa har igjen dominert det meste av den daglege verksemda vår også sidan førre styremøte.

Nettundervisning: Det starta med historie

Historisk: Classfronter anno 2004

Korona har gjort nettundervisning til den nye normalen. Men på Historisk institutt ved Høgskulen i Volda har nettundervisning alt vore normalen i 20 år. Dosent em. Arnfinn Kjelland var ein nøkkelperson då historie tok steget ut på nettet i 1999. På eit Cafe Zoom-møte gav han eit tilbakeblikk på starten i 1999-2000 og utviklinga som har vore på desse åra. 

Ein ting eg lurte særleg på var om historie i 1999 gjekk på nett av lyst eller nød? Svaret eg fekk ut av nettøkta er:

Institutt for historie starta med nettundervisning mest av lyst, men det viste seg å vere eit godt grep også for å halde nøda frå døra.

Arnfinn Kjelland kom til Høgskulen i Volda som ny lærar på historie i 1992. Han var interessert i ny teknologi blant anna i retning av dataverktøy for bokproduksjon, databasar og historiske persondata. Hausten 1999 sette Kjelland i gang kurset «EDB i historiefaget» der nyordet «nettleksjon» vart teke i bruk om pedagogiske tekstar på nettet – i kombinasjon med diskusjonsforum på nett og i tillegg skriftlege oppgåver og førelesingar. Eller: Ikkje så mykje førelesingar. – Eg var nokså lei av førelesingsformatet og tradisjonell undervisning, seier Kjelland. Så dei nye dataverktøya og det nye systemet Classfronter gav eit spennande nytt rom for nye undervisningsformer.

Orientering til høgskulestyret, 23. april 2020

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på våre nettsider.

Første styremøte på Zoom for Høgskulen i Volda: Torsdag 23. april 2020.

Lenke til styrepapira til møtet.
Video frå møtet (er tilgjengeleg i ca 2 veker etter møtet).

I denne orienteringa vart tre tema omtala:

  • Koronakrisa
  • Studentrekruttering våren 2020
  • Byggeprosjekta på høgskuleområdet

Koronakrisa

På førre styremøte 5. mars vart korona berre kort nemnt – men vi hadde alt då hatt ein viss beredskap. Ei veke etterpå, torsdag 12. mars, vart det slått full nasjonal alarm og vi hadde då stengt høgskuleområdet og få dagar seinare var all undervisning over på nett og alle eksamenar var gjort om til netteksamenar. Det gjaldt 200 av 400 eksamenar og er naturlegvis eit svært krevande arbeid for alle som har vore involverte i det. Vi ser no også framover mot studiestart i august 2020 og haustsemesteret 2020. Vi er veldig usikre på om det blir studentutveksling hausten 2020, og eventuelt i kva omfang.

Hos oss og andre høgskular og universitet er det jo slik at dei overordna rammene for undervisning og eksamen i haust må vere på plass alt no. Men tilsette er bekymra over kva som er faktisk muleg å gjennomføre og det er kanskje vanskelegare å gjennomføre eit 100 prosent digitalt haustsemester enn eit vårsemester der vi var kome ca halvvegs gjennom semesteret då krisa traff oss.  

Like før påske kom det melding frå regjeringa om at UH-institusjonane kunne delvis opne opp for studentar . Det gjeld berre på nokre medie- og kunstfag og berre studentar som er i sluttfasen av sine gradsstudium og er avhengige av til dømes spesialrom for å fullføre. Vi har denne veka behandla interne søknader om tilgang og ca 20 studentar på to avdelingar får tilgang frå 27. april. Dette er også godkjent også av smitteverntenesta i Volda kommune. 

Studentrekruttering våren 2020

I pandemiplanen har avsluttande eksamenar førsteprioritet. Andreprioritet har opptak av nye studentar. Og rekruttering av studentar er ein viktig del av dette arbeidet – utan rekruttering – ikkje noko opptak. Eg skal difor seie litt om kva rekrutteringstiltak vi har gjort i vår. På neste møtet i juni vil styret få ein rapport om samanhengen mellom rekrutteringstiltak og faktisk søking. Tala frå samordna opptak blir offentleggjorde fredag 24. april og vi kjem til å legge ut informasjon om våre lokale tal så snart vi har lov til det på www.hivolda.no.

Koronakrisa (2) Når heime blir jobb

Vi jobbar heimanfrå – men vi kan faktisk jobbe.

Kjære alle tilsette på Høgskulen i Volda:

Først av alt må eg på vegne av kriseleiinga få takke alle tilsette for at dei så hugheilt deltek i dugnaden mot korona og dermed for framtida: Det at HVO-tilsette er så påkopla frå heimekontor og gjer ein kjempejobb i ein kvardag heilt utanom det vanlege – det står det stor respekt av!

Vi som er med i kriseleiinga har i utgangspunktet høve til å arbeide også frå våre vanlege arbeidsplassar på høgskulen. På dei daglege krisemøta på Zoom er det ca 15 deltakarar. Dei fleste deltek heimanfrå: Der partnar, barn – og kanskje ein og annan katt av og til dukkar opp i (lyd)bildet.

Det er også oppmuntrande å høyre og sjå at folk er kreative og brukar Zoom til fagleg/sosial aktivitet, anten det no er Kafe Zoom på Avdeling for kulturfag, 10-kaffi på IPAS på ASH, eller kveldsmøte-etter-leggetid-for-småbarn for andre. Det er både godt og nødvendig å snakke i lag om anna enn vanskelege ting som hastar og som må avgjerast raskt.

Det kom nettopp statistikk for bruk av Zoom, og det viser at Høgskulen i Volda står for knapt 3 prosent av all bruk av Zoom i UH-sektoren. Det kan høyrest lite ut, men vi har ca 1 prosent av budsjettet for sektoren og knapt 2 prosent av alle UH-studentar. Så akkurat når det gjeld bruk av Zoom så har vi langt større bruk enn størrelsen skulle tilseie. Men vi må vel også ta høgde for at også andre digitale verktøy er i bruk for å gjennomføre undervisning: Skype, Teams og Adobe Connect for å nemne nokre.

Campusutviklingsplanen har kome (eller: var det Rekketunplanen?)

10. februar 2020 fekk høgskulen tilsendt Statsbygg sitt framlegg til Campusutviklingsplan for Høgskulen i Volda. Arbeidet har halde på ca i eitt år og planen skal no på høyring internt og eksternt på Høgskulen i Volda. Eg håper at mange studentar og tilsette og andre finn noko interessant i planen – gjerne noko dei er usamde i – og aller helst at det kjem framlegg til korleis ein kan gjere planen betre, meir spennande eller viktig.

Her er planen med vedlegg.

I planen vert heile høgskuleområdet presentert og diskutert, og for meg var det eit nyttig, gammalt nyord å hente: Høgskuleområdet i Volda er som vi veit langstrekt, men samanhengande. Statsbygg seier det kan minne om eit «rekketun». Eit rekketun med spektakulært utsyn mot fjord og fjell.

Vi har jo frå før Nedretun, men no altså: Rekketun? Det er i alle fall eit mykje meir spennande ord enn campusutviklingsplan. Kanskje planen kan kallast «Utvikling av det akademiske rekketunet» i staden for «Campusutviklingsplan» 

Statsbyggs «masterplan» for Rekketunet – høgskuleområdet i Volda.

I lokalhistoriewiki.no står det at i eit rekketun var husa på ein eller fleire gardar plasserte i rekke etter kvarandre. Og på husmannsplassar var det gjerne berre ei rekke – på større gardar fleire rekker. Så dette er jo ein heldig parallell for ein høgskule som i si tid hadde sitt eige småbruk og som bokstavleg tala har vokse ut av den skrinne vestlandsjorda her i Volda. No er vi som ein liten høgskule i lag med store universitet litt som ein husmannsplass å rekne. Men som vi veit har sunnmøringar og andre vestlendingar klart seg med lite og overlevd gjennom mangsysleri, kreativitet, hardt arbeid og inkluderande samfunn.

Ulstein/Volda-modellen for digitalisering i skulen

Utdanningspolitisk toppmøte 2019.

Regjeringas utdanningspolitiske toppmøte 11.11.2019 handla om «Teknologiutvikling og læring gjennom heile utdanningsløpet». Toppmøtet er ei årleg samling der høgskular og universitet blir inviterte inn til Villa Parafina for å drøfte felles spørsmål som er relevante for forsking, høgare utdanning, arbeidslivet, studentar og elevar – i tillegg til interesseorganisasjonar og tilgrensande statlege etatar.

Meir om toppmøtet.

Både innleiarane og dei to ministrane Iselin Nybø og Jan Tore Sanner la for dagen store ambisjonar for Noreg som kunnskaps- og teknologinasjon. Og då må vi satse på teknologi i skulen, ikkje sant? Det blir brukt mykje pengar på teknologi i skulen, både i Noreg og andre land. Men forskinga på feltet tyder på at det er vanskeleg å sjå at dei enorme teknologiske framstega har ført til vesentlege endringar i læring hos elevane. Det var slik den amerikanske professoren Robert Slavin frå Johns Hopkins-universitetet oppsummerte forskinga på feltet.

Hans forklaring på dette er at det ikkje blir vurdert godt nok kva teknologi som faktisk gir resultat. Og at det ikkje vert brukt nok tid og pengar til å integrerer teknologien i planlegging og gjennomføring av undervisninga i skulen. Kort sagt manglar skuleeigarar og skular kompetanse i å vurdere kva undervisningsteknologi som bør kjøpast inn.

John Slavins nettside.

Mange av innleiarane og bidraga frå deltakarane på møtet var innom kva ansvar institusjonar som utdannar lærarar har for å gjere skulen, barn og unge og dermed framtida betre i stand til å bruke teknologi på gode måtar i framtida. Vi fekk nok meir og mindre tydelege oppmodingar om  å gjere ein større og betre jobb. Diagnosane som vart stilt var både at det var strekk i laget – både mellom kommunar, skular og mellom lærarar. Det vart også etterlyst sterkare tiltak for å kople forsking og høgare utdanning på den eine sida og praksisfeltet – eller skulen om du vil.

Orientering til høgskulestyret 25.10.2019

Tre sentrale kvinner for HVO: Alle med røter i Rogaland og samla på styremøtet 25.10.2019: Frå venstre: Høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen, forsking og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og styremedlem Inger Østensjø.

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda og viktigast er våre nettsider: www.hivolda.no.
Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på denne nettsida:
https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/nyhendebrev

Nybygget

Framlegget til statsbudsjett for 2020 inneheld ikkje noko om dei 25 millionane vi treng for medieteknisk utstyr til mediehuset, men vi håper det vil kunne kome i revidert budsjett eller i budsjettet for 2021.

Det er også bra at plan for arbeidsplassar for tilsette har løyst seg og vi håper det vil fungere godt i praksis.

Som tidlegare meldt vil entreprenør PEAB Nordang ta til på arbeidet i månadsskiftet oktober-november no i 2019. Statsbygg har no fått på plass ein avtale med eigar av ei nabotomt til høgskulen slik at det vil bli laga nye parkeringsplassar i staden for dei som blir borte på grunn av husbygginga. Vi vil også få nye vegar på høgskuleområdet – vi må altså ut av vante spor.

Volda kommune har fått skiltplanen for området til vurdering, og det vil bli gjort eit politisk vedtak om det. Men det blir antakelig ikkje gjort før etter jul.

Struktursaka

Vi har ikkje klart å få på plass eit møte med leiinga ved Universitetet i Bergen for å gjennomgå og forlenge samarbeidsavtalen. Avtalen frå 2016 var for tre år og gjekk ut tidlegare i haust. Vi vil kome tilbake til dette seinare. 

Høgskolen i Molde har også fått eit nytt styre og ser an situasjonen no når NTNU ikkje ser det som aktuelt med fusjon. Blant anna har Høgskolen i Molde fått invitasjon til å bli med i UH Nett Vest, og eg ser ikkje bort frå at det kan vere meir aktuelt for Molde å bli med der no.

Grunnskulelærautdanning

Vi er godt i gang med det tredje året og jobbar hardt med å få på plass planane for det 4. og 5. året. Det er sett ned ei arbeidsgruppe for gjennomføring av masteren og samkøyring av GLU og det nye erfaringsbasert masterløpet.

Arbeidsmiljøsakene

På dagsorden i styremøtet i dag står arbeidsmiljøsaka på Avdeling for mediefag, så den saka skal eg ikkje gå nærare inn på her. Nettavisa Khrono har for nokre dagar sidan også omtalt ei anna arbeidsmiljøsak frå 2017 ved Høgskulen i Volda. Det førre høgskulestyret var godt informert også om denne saka som altså vart avslutta i 2017.

Eg er glad for at vi no har eit ope og konstruktivt samarbeid med fagforeningane om arbeidsmiljøspørsmål. Eitt av spørsmåla vi drøftar med når vi skal ta ein ny runde med den generelle arbeidsmiljøkartlegginga, ARK. Den vart utført i 2015 og 2018, men det kan hende vi bør ta ein ny runde i 2020 i staden for den treårige syklusen vi har lagt opp til.

Regionale samarbeid

Høgskulen har alltid hatt mange regionale samarbeidsmåtar og -arenaer. Ikkje minst på området vidareutdanning av lærarar.  Det held fram. Blant anna går vi vidare med etter- og vidareutdanning av lærarar innan digital kompetanse. Vi starta i Ulstein, Volda og Ørsta, og går no vidare til Ålesund kommune.

Vi har denne veka underteikna ein generell samarbeidsavtale med Nye Ålesund kommune. Den handlar om at både kommune og høgskule ønskjer å samarbeide om utvikling på område av felles interesse. Fagmiljøa ved Høgskulen i Volda dekker svært mykje av det ein kommune driv med: Barnehage, skule, familie, integrering, kultur, kommunikasjon, planlegging – og meir til. Vi har alt sendt ein søknad om forskingsmidlar på planleggingsområdet og tek sikte på å opne kontor i Ålesund om kort tid.

I Ulsteinvik samarbeider vi med mange andre aktørar om det såkalla Skaparhuset – blant anna er iKuben i Molde ein av dei samarbeidande aktørane. Vi er glade for at Sparebanken Møre og Møre og Romsdal fylkeskommune dei siste dagane har gått inn med 2,5 mill til prosjektet.  

Frå nyttår av blir også Regionalt Forskingsfond for Møre og Romsdal oppretta. Tidlegare har Møre og Romsdal og Trøndelag vore i lag, men no ser vi altså ei regionalisering eller ein fisjon om ein vil.

NOKUT-tilsynet.

Det statlege kvalitetsorganet NOKUT skal vurdere kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda. Dei skal blant anna ta stikkprøver på bachelor, master og phd-programmet vårt.  Dei utplukka studia er altså: Bachelor i musikk og journalistikk (avis/nett), master i kulturmøte og Ph.d. i helse- og sosialfag (fellesgrad).

Høgskulen har tilsett ein koordinator for arbeidet og alle avdelingar er i arbeid for å levere alt materiale som vert etterspurt av NOKUT. 31. januar skal alle dokument vere levert frå høgskulen. Vi får besøk frå ein kommisjon mars/april, og så vil NOKUTs styre ta avgjerd til hausten.

FoU-prisvinnar 2019, Jan Inge Sørbø

Professor Jan Inge Sørbø fekk Høgskulen i Voldas FoU-pris for 2019. Her er prorektor Odd Helge Tonheims helsing i høve overrekkinga og Jan Inge Sørbøs takketale. Sjå også oppslag på våre nettsider.

Helsing til prisvinnar Jan Inge Sørbø.

Av Odd Helge Tonheim

Med musikk frå Høgskulen sine eigne tilsette, Øystein Salhus og Stein Helge Solstad har Forskingsdagane 2019 ved Høgskulen i Volda vorte offisielt opna. Året sitt tema er høgaktuelt og vedkjem oss alle, nemleg miljø.

Det er veldig kjekt for Høgskulen å vere del av ein så stor og landsomfattande festival, der våre gode og kompetente fagmiljø, i samarbeid med samfunnet rundt oss får vere med på å gje ein skjerv tilbake til lokalsamfunnet i form av mange og varierte programpostar i løpet av ei vekes tid. Forskingsdagane er ein landsomfattande festival, men mange arrangement rundt om i landet, og det er kjekt å sjå at Høgskulen i Volda har eit særs godt bidrag også i år. Vi har over 20 arrangement på planen, og her er noko for einkvar smak. Så sjekk ut programmet og delta du også.

Helsing til doktorand Kjetil Vaage Øie, disputas 6.9.2019

Frå venstre: Førsteamanuensis Anders Fagerjord, UiB, prodekan Sara Brinch, NTNU, Kjetil Vaage Øie, professor Aud Sissel Hoel, UiO, førsteamanuensis Anders Sundnes Løvlie.

Omtale av disputasen til Kjetil Vaage Øie på www.hivolda.no.

Kjære Kjetil. Opponentar. Rettleiarar. Familie, venner, kolleger.

På vegne av Høgskulen av Volda vil eg gratulere deg Kjetil så mykje med vel gjennomført disputas. Det var ein fin disputas, og det var veldig god stemning mellom kandidat og opponentar heile vegen. Slikt er kjekt! 

Og så må eg for eigen del takke NTNU for at de fekk tak i norske opponentar slik at både opposisjon – og ikkje minst helsingstalane her på middagen! – kan gå på norsk! Med eit så gjennomført internasjonalt opplegg på heile forskingsprosjektet, avhandlinga og publiseringa så var det slett ikkje opplagt at vi skulle få ein norskspråkleg disputas. 
Men på den andre sida så hadde det vore litt rart å gjennomført ein disputas på engelsk når den viktigaste empirien vart samla inn på Voss og i Volda! 

Dette var den sjette disputasen frå tilsette ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda dei siste seks åra. Og faktisk har tre av dei seks disputasane gått i regi av NTNU, 2 har vore i Bergen og 1 i Oslo. Som ein liten, sjølvstendig høgskule både ønskjer og må vi på Høgskulen i Volda samarbeide med andre institusjonar, og det er doktordisputasar eit godt døme på. 

På disputasen vart eg sjølv kanskje mest fasinert over at både kandidat og opponentar var samde om at doktorgradsprosjektet handla om ein ikkje-eksisterande journalistisk praksis der journaliststudentane – altså prøvekaninene – streva med å avlære det dei hadde lært på studiet, og denne ikkje-eksisterande journalistikken vart formidla på ei teknologisk plattform som det aldri var meininga å sleppe fri til bruk for andre – og som kandidaten var ytterst tvilande til om den faktisk kunne ha fungert i praksis for å oppfylle virkelige behov. Muligens med unntak av å lokalisere nakenløpet på Roskilde-festivalen. 

Elles vil eg på bakgrunn av et eg var lokalavisjournalist for 30 år sidan vere sterkt uenig i at det ikkje er viktige nyhende kven som har køyrt på hagegjerdet mitt, den farlege ferjeveien, kvar det er mest rotter og den styggaste utsikta i mitt nærmiljø hadde eg gjerne villa visst!  

Høgskulen brukar å vere representert med ein frå rektoratet på disputasar fordi det er viktig for oss at dei tilsette arbeider for å få høgare kompetanse, så det er ei stor glede å gi deg ei lita gåve som markering av at du no har kome i mål med mange års godt arbeid, Kjetil. 

Lukke til vidare!