Ulstein/Volda-modellen for digitalisering i skulen

Høgskulen i Volda har vore svært aktiv på digital kompetanse i læring dei siste åra både gjennom forskingsprosjekt, nye tilbod i den femårige grunnskulelærarutdanninga og gjennom læringslaboratorium i biblioteket. Men det er kanskje eitt prosjekt som særleg bør nemnast i denne samanhengen, og det er det såkalla Ulsteinprosjektet.

Sidan 2016 har Høgskulen i Volda samarbeida tett med Ulstein kommune om å gje lærarar etter- og vidareutdanning i Profesjonsretta digital kompetanse. Initiativet kom frå Ulstein kommune og handla eigentleg om eit meir avgrensa spørsmål, men i dialogen med kommunen voks det etter kvart fram ei forståing av at om Ulstein kommune skulle gjennomføre eit teknologiløft så måtte lærarane i ulsteinskulen opp på eit høgare nivå i digital kompetanse. Og ja, det gjaldt alle lærarar.  Dei fleste kommunar i landet har nok den same vurderinga av sine lærarar, kanskje gjeld dette i grunnen alle delar av arbeidslivet.

For Høgskulen i Volda som ein regional institusjon er det sjølvsagt å søke samarbeid med regionalt arbeidsliv, og i Ulsteinprosjektet var det opning for eit samarbeid på to av høgskulens satsingsområde: Lærarutdanning og mediefag.

I 2017-2018 har så godt som alle lærarar i skulen i Ulstein teke studiepoenggjevande kurs i profesjonsfagleg digital kompetanse. Seinare har Volda og Ørsta også vorte kopla på same opplegget, og i alt har ca 400 lærarar og skuleleiarar teke desse kursa – og 1.500 fleire står for tur.

Kva går så opplegget ut på? Det kan oppsummerast slik:

  • Lærarane får opplæring i arbeidstida og på arbeidsplassen. Alle lærarane har fått tilbod om å vere med. Dermed får ein større effekt enn om berre ein eller nokre få lærarar blir sende på kurs aleine, og lærarane får eit felles fundament for undervisninga.
  • Innhaldet har vorte delt opp i små, overkomelege bitar på  5 studiepoeng som igjen er stykka opp i nettleksjonar. Dette er noko som blant anna Virke har etterlyst
  • Innhaldet i undervisninga er praksisnær. Mykje av det praktiske innhaldet i kursa kunne lærarane ta direkte i bruk i eiga undervisning.

Kva er nytt med dette? Snakkar vi her om ein innovasjon? Ulstein kommune var kanskje den første i landet der kommunen som skuleeigar tok initiativet til at alle lærarane skulle ta eit felles utdanningsopplegg i arbeidstida. Dermed vart også kostnadene klart lågare enn med alternative opplegg. Høgskulen som samarbeidspart bestemte seg for å prioritere Ulsteinprosjektet – og hadde også rett kompetanse til å møte kommunens ønske om innhaldet i kursa. I Ulsteinprosjektet var også Møre og Romsdal fylkeskommune ein viktig samarbeidsaktør. Så samarbeidet mellom fylke, skuleeigar, høgskule og lærarkorpset var kanskje den viktigaste nyvinninga ved prosjektet.

Kommunane Volda og Ørsta følgde etter Ulstein med opplæring av lærarar, men her var det forskingsprosjektet Digiglu som var med på å legge til rette for at det var muleg å gjennomføre kursa.

Ulsteinprosjektet er eit pilotprosjekt for høgskulen. Vi har ikkje gjennomført grundige evalueringar av prosjektet, som til dømes kva prosjektet har hatt å seie på lengre sikt for lærarane – eller for undervisninga elevane møter. Eller om lærarane og kommunane har vorte flinkare til å satse på teknologi som virkar slik professor Slavin etterlyser.


Men leiinga i Ulstein kommune har vore svært nøgde med prosjektet  som ein del av det større prosjektet – Læringsarena Ulstein.

Les omtale av prosjektet:
Høgskulen i Voldas nettsider.
Avisa Vikebladet.

Ulstein kommune vart også nominert til ein nasjonal nyvinningspris på grunn av prosjektet.

Meir anekdotisk er det berre å slå fast at for somme lærarar har kursa i profesjonsfagleg digital kompetanse løfta dei frå eit nivå der dei ber om hjelp til å skru på ein datamaskin og sjekke e-post, til at dei tek i bruk video eller andre verktøy i undervisninga.

Som pilot er det også andre utfordringar for vidareføring og vidareutvikling av prosjektet. Ulsteinprosjektet starta som eit pilotprosjekt og var knytt til eit forskingsprosjekt. For alle andre kommunar som det er naturleg for Høgskulen i Volda å samarbeide med trengst det meir langsiktig finansiering, blant anna for å kunne rekruttere rett kompetanse. Slik det er i dag er det inga nasjonal finansiering av slike tilbod, med unntak av at det blir produsert studiepoeng, men studiepoenga dekkjer berre delar av kostnadene og er inga langsiktig finansiering. Dette pressar også den administrative kapasiteten hos høgskulen til å handtere tusenvis av lærarar på mange mindre kurs.

Høgskulen er fleksibel i diskusjonar med andre kommunar og skuleeigarar i Møre og Romsdal og vil dei næraste åra utvide samarbeidet, gitt at finansieringa kjem på plass.

For kommunane som er involverte i slike prosjekt er det også krevande å ta initiativ til og å gjennomføre slike prosjekt. Det krev ei klar prioritering frå kommunale leiarar, det er tidkrevande å gjennomføre opplæring av eit heilt lærarkorps.

Iselin Nybø oppmoda både skuleeigarar og lærarutdannarar til å ikkje vente på statleg finansiering, men å ta konsekvensane av at digitalisering og teknologisk utvikling skjer anten ein vil eller ei. Men det virkar likevel klart at utan fylkeskommunalt bidrag i Ulstein og DigiGLU-prosjektet i Volda og Ørsta så er det vanskeleg å sjå at høgskulen skulle kunne klart å gjennomført prosjektet.

PS:

Tysdag 12.11. er det offisiell opning for Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger. I ein kunnskapsoversikt over forsking på teknologi i utdanninga har dei kome fram til liknande resultat som professor Slavin om behovet for kompetanseheving og bevisst satsing på utvikling for at teknologi skal ha effekt på undervisning og læring.
Les meir på kunnskapssenterets nettsider.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar