FoU-prisvinnar 2019, Jan Inge Sørbø

Eg har vidare fått æra av å dele ut den 14. FoU-prisen som styret ved Høgskulen i Volda har tildelt. FoU er eit kjent omgrep internt på Høgskulen, og det står for forsking og utvikling, noko som, saman med utdanningsverksemd, er ein særs viktig del av aktiviteten på Høgskulen.

Som nemnt er det høgskulestyret som tildeler prisen, og målet med den er å heidre framifrå forsking og utviklingsarbeid. Prisen har eit synleg uttrykk i form av eit diplom som er utforma av ein av våre eigne tilsette: Førsteamanuensis og grafisk designer Thomas Lewe. Målt i kroneverdi er prisen på kr 30.000. Men eg håper at både for prisvinnar og andre så er det andre sider ved prisen som kanskje er det viktigaste: Høgskulen er glad for og stolte av at du har gjeve viktige bidrag til FoU-arbeidet ved Høgskulen i Volda og denne prisen er ei synleg anerkjenning av det. Og det er kanskje den største verdien.

For å få prisen må ein ha utmerka seg på eitt eller fleire område: Levere FoU-arbeid med høg kvalitet, ein må ha publisert på høgt nivå, ein må ta del i nasjonalt og internasjonalt samarbeid, ein må vere miljøbyggar, og ein må formidle FoU til samfunnet rundt.

Årets prisvinnar har lang fartstid ved HVO, det siste tiåret som professor ved Institutt for sosialfag. Prisvinnaren har ei lang og markant forskingskarriere som tilsett ved Høgskulen i Volda. Den vitskaplege spisskompetanse er litteraturvitskap, og ein stor del av den svært omfattande forskingsverksemda er knytt til dette feltet. Særleg kan ein trekke fram prisvinnaren sin store produksjon av vitskaplege bøker, med 15 bøker i perioden 1996-2018.

Nokre av dei fagleg tyngste verka er «Nynorsk litteraturhistorie» (2018), «Arne Garborg: Frå bleike myr til alveland» (2015), «Angen av bork og ein brennande einerbusk: om Alfred Hauge sitt forfattarskap» (2001) og «Hans Skjervheim: Ein intellektuell biografi» (2002). Merk at dette berre er eit lite utdrag, men det viser at prisvinnaren både har breidde i forskingsarbeidet sitt, men også djupne.

I tillegg til bøkene, har prisvinnaren i perioden 1994-2017 produsert 72 vitskaplege artiklar i fagtidsskrift og bøker, internasjonale artiklar. Tyngda av vitskaplege arbeid frå prisvinnaren er innanfor hovudfeltet, litteraturvitskap, men han har også evna å bruke si vitskaplege kompetanse inn i mot andre fagfelt. Prisvinnaren har også mange sampublikasjonar med andre forskarar, både innanfor Høgskulen i Volda og eksternt.

I tillegg til sitt forskingsarbeid har prisvinnaren vore sentral når det gjeld å byggje utdanningsgrunnlaget for styrking av forskinga ved HVO. Og han har vore sentral i utviklinga av HVO si PhD-utdanning i helse og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Molde, noko som er særs viktig for å utvikle gode og kompetente forskarar her på Høgskulen.

Så kort oppsummert kan ein seia at årets prisvinnar har ein stor og viktig vitskapleg produksjon, ein  langvarige innsats for forsking på feltet, og at han er ein av dei mest aktive og leste forskarane ved HVO.

Då vil eg få gratulere prisvinnar Jan Inge Sørbø og be han om å kome fram og ta i mot diplomet for FoU-prisen 2019.

Takketale for FOU-prisen 2019

Av Jan Inge Sørbø

Eg må få seia nokre få ord som takk for prisen eg har fått. Takken går til Forskingsutvalet som foreslo meg, og rektor og styret som tok den endelege avgjerda. Visstnok utan opprivande konfliktar, men det veit eg strengt tatt ikkje noko om. Eg er svært glad for å bli synt ei slik ære.

Og om nokon vil ta seg bryet med å sjå på lista over alle prisvinnarane, så vil dei sjå at prisen har gått til mange ulike prosjekt – oftast til ein person, mens stundom også til grupper. Stundom har vekta lege aller mest på F for forsking, andre gonger på U for utviklingsarbeid.

Det synes eg er ein kvalitet ved Høgskulen i Volda; her blir ulike måtar å arbeida på sett pris på og sett lys på. Det er mange impulsar til å gjera ting like; til å «slå alt med likskap», som Adorno uttrykkjer det. Men vi er mange slags folk, driv mange slags utdanningar og har mange arbeidsmåtar. Det er ein verdi å ta vare på.

For min del har eg arbeidd mest med individuelle prosjekt, gjerne i bokform. Eg har også publisert artiklar i lag med andre, og lært mykje av det, men mi primære form er det individuelle skriftstykke. Det er lystbetont å skriva; «då hev eg som ei hus ei liti stund», som Hauge skriv, ein kan krypa inn i teksten som eit snøhus; tetta etter seg med ein sekk, sitja der i kalde kveldar.

Eg kan takka mange for at eg har fått høve til det. Ein tradisjon eg skuldar mykje, og som er lite påakta i forskingsverda, er journalistikken. Men det var ein god skule. I mine 7 journalist-år lærte eg at ein skal skriva saka si ferdig før ein går heim, og det prøver eg på framleis. I tillegg lærte eg å vera nysgjerrig på mange ting, på tvers av fag og tradisjonar. Det er eg framleis.

Då eg byrja på norsk-seksjonen på DH i 1989, kom eg inn i eit miljø der ein veksla mellom å skriva og undervisa, og der ein brukte det eine for å gjera det andre. Når ein las seg opp på Garborg og Aukrust, kunne ein like godt skriva noko om dei. Vil nokon vita kva eg har sagt i litteraturundervisninga, vil dei finna mykje av det i bøkene mine – mest i Nynorsk Litteraturhistorie.

For drygt ti år sidan, gjorde eg eit dristig sprang; frå norskfaget til sosialfag. Då rekkefylgja motsett; eg skreiv om Skjervheim og vitskapsfilosofien – fordi eg vart beden om det – så begynte eg å undervisa om det etterpå. Eg vart generøst motteken på mitt nye institutt, som i tillegg til å læra opp kull på 120 bachelorstudentar og 25 masterstudentar, også tok jobben med å læra opp meg.

 Etter kvart som eg kom inn i det som har med hjelp og omsorgs-relasjonar å gjera, slo det meg at eg hadde nokre kunskapar med meg frå mitt førre liv i litteraturlesar. Det finst eit hav av innsikt i komplisert liv og vanskelege lagnader i skjønnlitteraturen, og dette at det finst gode skildringar, har ei trøyst i seg: Andre har opplevd noko som liknar – det vart til boka «Til trøyst». Ein lovande tittel, i alle fall.

Føresetnaden for at eg har kunna skrive alle desse bøkene – inkludert ein brennaktuell doktorgrad om verdas undergang – er at Høgskulen har gitt meg gode arbeidsvilkår, stor fleksibilitet når eg har fått eksterne stipend osv. Og eg har vore omgjeven av gode og stimulerande kolleger i desse 30 åra, både som faglege samtalepartnarar og som gode medspelarar i alt det tøyset og tøvet og kaffipraten som er olja i det akademiske maskineriet.

Så takk til Høgskulen, gamle og nye kolleger og ikkje minst ei stor gruppe stipendiatar som dagleg minner meg på omfanget av mi vankunna. Det er både opphavet til all visdom, og  starten på nye prosjekt.

Takk!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar