Helsing til doktorand Kjetil Vaage Øie, disputas 6.9.2019

Frå venstre: Førsteamanuensis Anders Fagerjord, UiB, prodekan Sara Brinch, NTNU, Kjetil Vaage Øie, professor Aud Sissel Hoel, UiO, førsteamanuensis Anders Sundnes Løvlie.

Omtale av disputasen til Kjetil Vaage Øie på www.hivolda.no.

Kjære Kjetil. Opponentar. Rettleiarar. Familie, venner, kolleger.

På vegne av Høgskulen av Volda vil eg gratulere deg Kjetil så mykje med vel gjennomført disputas. Det var ein fin disputas, og det var veldig god stemning mellom kandidat og opponentar heile vegen. Slikt er kjekt! 

Og så må eg for eigen del takke NTNU for at de fekk tak i norske opponentar slik at både opposisjon – og ikkje minst helsingstalane her på middagen! – kan gå på norsk! Med eit så gjennomført internasjonalt opplegg på heile forskingsprosjektet, avhandlinga og publiseringa så var det slett ikkje opplagt at vi skulle få ein norskspråkleg disputas. 
Men på den andre sida så hadde det vore litt rart å gjennomført ein disputas på engelsk når den viktigaste empirien vart samla inn på Voss og i Volda! 

Dette var den sjette disputasen frå tilsette ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda dei siste seks åra. Og faktisk har tre av dei seks disputasane gått i regi av NTNU, 2 har vore i Bergen og 1 i Oslo. Som ein liten, sjølvstendig høgskule både ønskjer og må vi på Høgskulen i Volda samarbeide med andre institusjonar, og det er doktordisputasar eit godt døme på. 

På disputasen vart eg sjølv kanskje mest fasinert over at både kandidat og opponentar var samde om at doktorgradsprosjektet handla om ein ikkje-eksisterande journalistisk praksis der journaliststudentane – altså prøvekaninene – streva med å avlære det dei hadde lært på studiet, og denne ikkje-eksisterande journalistikken vart formidla på ei teknologisk plattform som det aldri var meininga å sleppe fri til bruk for andre – og som kandidaten var ytterst tvilande til om den faktisk kunne ha fungert i praksis for å oppfylle virkelige behov. Muligens med unntak av å lokalisere nakenløpet på Roskilde-festivalen. 

Elles vil eg på bakgrunn av et eg var lokalavisjournalist for 30 år sidan vere sterkt uenig i at det ikkje er viktige nyhende kven som har køyrt på hagegjerdet mitt, den farlege ferjeveien, kvar det er mest rotter og den styggaste utsikta i mitt nærmiljø hadde eg gjerne villa visst!  

Høgskulen brukar å vere representert med ein frå rektoratet på disputasar fordi det er viktig for oss at dei tilsette arbeider for å få høgare kompetanse, så det er ei stor glede å gi deg ei lita gåve som markering av at du no har kome i mål med mange års godt arbeid, Kjetil. 

Lukke til vidare!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar