Orientering til høgskulestyret, 7. mars 2019

Styremøtet 7. mars 2019 i opptak.

Styremøtet ved Høgskulen i Volda vart også omtala på førehand i fleire nettaviser:

Khrono (7.mars 2019): Roppen: Selvstendighet et tydelig førstevalg for Volda
Forskerforum (6.mars 2019): Skal Høgskulen i Volda fortsatt stå alene? Styremedlemmer er uenige med rektor

Nei til campus: Ja til høgskuleområde

Språkrådet har vorte spurt av Møre-Nytt om namnet på Campus Volda Sparebank1 Arena. Og Språkrådsdirektør Åse Wetås likar ikkje det ho høyrer. – Dette er eit namn som er alt for langt til at nokon klarer å huske det, spår Wetås.

Arenaen med det lange namnet: «Volda Campus Sparebank1 Arena»:
Ideskisse frå 2016.

I artikkelen peikar også Wetås på at Høgskulen i Volda bruker ordet campus om høgskuleområdet. Det har ho rett at vi har gjort, men det bør vi slutte med: Når vi snakkar om høgskuleområdet så bør vi seie akkurat det og ikkje campus.

Vi bør seie høgskuleområdet i staden for campus.

Vi har no starta med å luke ut «Campus» frå nettsidene våre, altså frå overskrifter, lenkjer, kart og bilde. Og det viser seg at også på høgskulen har campus vorte teke i bruk i mange samanhengar.

Språkrådet har omtala opphavet til ordet campus og fortel at det kjem frå latin og kan kanskje omsettast til slette, eller ein stad der ein slår leir. Det er altså i slekt med camping. Høgskuleområde kan nok av og til likne på ein campingplass, men det er vel ikkje noko mål å trå etter. Universitetsområde som låg for seg sjølv utanfor ein by tok i bruk same omgrepet. Seinare har det vorte teke i bruk om universitetsområde meir generelt, fjernt frå den opphavlege tydinga, slik det ofte er. Store Norske Leksikon omtalar Campus som «Universitetsområde» – og det same gjer Wikipedia (bokmål) – så det er støtte for det alternativet på norsk.

Etter mi meining er «Campus» eit engelsk ord som ikkje seier noko meir enn det norske ordet høgskuleområde eller universitetsområde og då er det ikkje noko stort poeng å bruke det engelske ordet – tvert i mot skaper det avstand og uvisse.

Strukturkonferanse: Større, sterkare, betre?

Ei lita gåte: Det blir færre institusjonar – men kvifor blir det då stadig fleire deltakar på seminar i sektoren?

NTNU har invitert til seminar om fusjonar, 11.2.2019. Her er den første omfattande løypemeldinga frå strukturprosessen. Kva fekk vi vite? Korleis tenkjer dei store aktørane?

(Dette blogginnlegget er skrive frå ein strategisk diskret posisjon på bakerste benk – fusjonsprosessane sett utanfor. Og så er dette nok meir av eit kommentert referat enn eit tradisjonelt siterende referat. Så er det sagt. )

Nettavisa Khrono følgjer naturlegvis debatten.

På veg inn til møtet fekk eg spørsmål på om Kåre Heggen var med på møtet? Bakgrunnen for spørsmålet er at Kåre Heggen har skrive ein kronikk i Klassekampen, som også har blitt publisert i Forskerforum. Kåre Heggen er no – som i 2015 kritisk til tankegangen bak fusjonsiveren og ikkje minst kunnskapsgrunnlaget bak.

Fusjonskronikk av Kåre Heggen.

(Ordstyraren på seminaret sa det ville bli råd å stille spørsmål frå salen, og kanskje var det til og med rom for kommentarar.

Undervegs tok han ein kjapp kommentar: «Vi har ein samstemt sektor»)

Gunnar Bovim opna møtet: Det er for tidleg å kome med ei endeleg vurdering av strukturreformen no. Det ville vere som å gi stilkarakterer når hopperen forlot hoppkanten, sa Bovim. Så dette er eit seminar for å gjere institusjonane betre, var beskjed frå Bovim.

Steinar Stjernø presenterte dei lange linjene i strukturprosessen. Sett på spissen sa han at Gudmund Hernes hadde suksess med å redusere talet på institusjonar. Men bomma ved at det blei fleire universitet og at det ikkje blei ei tydeleg arbeidsdeling mellom universitet og meir praktisk retta høgskular.

Studentrevyen 2019 – X3MT moro!

Helsing til Studentrevyen 2019

Kjære revysjef, skodespelarar, musikarar, scenearbeidarar og alle andre som det siste året, siste månaden, siste vekene – og ikkje minst det siste døgnet – har hatt revyen som hobby, sideaktivitet, deltidsjobb – og etterkvart heiltidsjobb: 

Eit stort GRATULERER! Til dykk alle!  De har laga ein revy som verkeleg fortener fulle hus på alle framsyningane!

Overselling av studentheimane på Heltne – eit innslag som godt kan framførast på nytt når dei nye studentheimane står ferdige i 2020!

Somme på Høgskulen i Volda kallar studentanes revyarbeid for utanomfagleg aktivitet. Det er veldig feil ordval. 

Tvert i mot bør vi omtale revyen som tverrfagleg arbeid av beste sort: På tvers av fag, program og avdelingar. 

Med revyen viser studentane veg – at det går an å få det til med framifrå resultat av tverrfagleg arbeid. Her har vi lærarene og veldig mange andre mykje å lære av studentane!

Ein god revy skal treffe på så mange plan, og årets revy skuffar ikkje i så måte. Dei som var på revyen veit kva eg meiner med å seie at Dovregubbens hall er endra for alltid. Skodespelarane er ein uredd gjeng som byr på seg sjølv, og meir til. Dei må ha hatt det veldig kjekt på øvingane – og det fekk vi som var blant publikum merke til fulle på premieren!

Min favoritt var nok innslaget med Senkveld – ein feministisk inspirert mediekommentar som passa fantastisk bra i ein revy!

Musikarane og musikken må særskilt nemnast. Profesjonell framføring, også med uventa instrument som trekkspel og blekkfløyte. Eg veit musikarane har øva så det har dryppa av veggane i dei nye øvingsromma på Kaarstad! Det er bra dei vert brukt – og så får vi skru på meir ventilasjon neste år.

Dette er altså fullstendig studentanes revy, og revygjengens revy. Vi som sat i salen er takksame for at vi fekk ta del i energien, engasjementet og dykkar revyblikk på … verda.

Og eg håper at det blir tre utselde framsyningar dei komande dagane. Det fortener revyen verkeleg! 

Revyen er eit høgdepunkt for studentmiljøet i Volda, og det seier ikkje lite. Vi er alle utruleg stolte over det de har fått til – de kan verkeleg vere nøgde med årets revy. 

Lukke til også med dei neste framsyningane!
Eg har alt begynt å gle meg til revyen 2020!

Revysjef Ingrid Alice Mortensen og regissør Beate Haugsdal i fri dressur etter vel gjennomført premiere!

Helseføretaket bør lære av Nordøyvegen

Helse-Midt Noreg, Stjørdal

Budsjettmodellen til Helse Midt-Noreg bør vurderast av eksterne fagmiljø. Drakampen om Nordøyvegen viste verdien av å la ulike fagmiljø kome med alternative vurderingar.

Helse Møre og Romsdal hadde dialogmøte i Ålesund fredag 1. februar. Den ikkje så fengande tittelen på møtet var: «Orientering og dialog kring HMR sin omstillingsprosess knytt til oppfølging styresak for budsjett og operasjonalisering av utviklingsplan.».

Diskuterte helseproblema (Sunnmørsposten 1. februar 2019)
Sterk auke i overtid og vikarløn i Helse Møre og Romsdal (Sunnmørsposten 1. februar 2019)

Alle som deltok på møtet visste godt at dette handla om å spare. Og spare. Og spare. Og no forventar Helse Møre og Romsdal at kommunane skal hjelpe Helse Møre og Romsdal med å spare. Ingen bør vere overraska over at kommunane er skeptiske til det. Ballen kom raskt tilbake til helseføretakets banehalvdel frå godt over hundre ordførarar, rådmenn, kommunalsjefar, legar, tillitsvalde og andre helseleiarar som deltok på møtet. Kva kan helseføretaket gjere sjølv?

Administrerande direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Noreg tok den pedagogisk oppgåve med å forklare korleis finansierings- og fordelingsmodellen i Helse Midt-Noreg fungerer. Det er naturlegvis ikkje lett å gjere på dei få minutta han hadde til rådvelde, og det var heilt sikkert rett alt han formidla. Kort sagt handlar desse modellane om korleis pengane frå staten vert fordelt internt i Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal ut frå eit komplisert reknestykke som handlar om folketal, aldring, avstandar – og mange andre ting. Dei store tala i budsjetta til Helse Møre og Romsdal er altså vedtatt av Helse Midt-Noreg ut frå ein overordna modell. Det er rammevilkår som styre og leiing i Helse Møre og Romsdal i liten grad kan gjere noko med – og difor eit sparemøte.

Er det pasientane eller modellane som er problemet?

Slørdahl forsikra forsamlinga om at helseføretaket alltid var viljug til å diskutere fordelingsmodellen og at målet er å unngå skeivfordeling internt i regionen. Det er eit godt utgangspunkt for ein grunnleggande og fordomsfri debatt. Den er alt for viktig og komplisert til å bli teken av legar, økonomar og modellar aleine. Eller som Astrid Eidsvik sa på møtet: Modellane har så mange fasettar at det er vanskeleg å sjå heilskapen i dei. Eller kanskje også konsekvensane?
Det er få personar som har god innsikt i modellane – og dermed er det også ein skeiv maktbalanse.

Ein bør stille spørsmål ved om finansieringsmodellen gjennom dei siste 8-10 åra faktisk kan vere ei forklaring på problema ein opplever. Har modellane innebygd eigenskapar eller utilsikta konsekvensar som premierer stor pasienttransport ut av fylket? Er det sider ved modellen og praktiseringa som gjer at 16 prosent av pasientane får behandling i Trondheim? Og at sjukefråveret i hundrevis av einingar i Helse Midt-Noreg ligg over 10 prosent?

Eller sagt på ein annan måte: Gjev modellen eit berekraftig resultat for pasientar, for tilsette i Helse Møre og Romsdal og dermed for regionen?

Einskilde sider ved modellen har vore framme i debatten. Blant anna har professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda i ein kommentar i Dag og Tid teke opp ideen om å skilje mellom drift og investeringar i sjukehusbygg. Ordførar Jørgen Amdam har lang erfaring frå høgskulesektoren og han har peika på at pengar til forsking vert teke av det som blir kalla basisløyvinga i modellen.

Anders Riise og Kommunanes sentralforbund meiner at dei økonomiske modellane til helseføretaket bør vurderast kritisk av fagmiljøa i regionen.

Men kven bør vurdere modellane? Her har vi både eit bukken og havresekken og eit svingdør-problem: Det aller meste av forsking i Helse Midt-Noreg vert utført i Trondheim – i nært partnarskap med NTNU og då særleg ved fakultet for medisin og helsefag. Der arbeider også professor Jon Magnussen som har gjeve namn til fordelingsmodellen som helseføretaket brukar. Det er svært tette samarbeid og personutveksling på toppnivå mellom Helse Midt-Noreg og NTNU. Gunnar Bovim var direktør i Helse Midt-Noreg då dagens modell vart tatt i bruk. Han kom frå NTNU og gjekk tilbake til NTNU som rektor etter nokre år i helseføretaket. Stig Slørdahl er midt i same løype og har permisjon frå stillinga som professor på NTNU medan han er direktør i Helse-Midt Noreg.

Eg er heilt sikker på at fagfolk og leiarar på NTNU og Helse Midt-Noreg har etikk og integritet på stell. Men kvar ein står og går bestemmer også kva ein ser.

Det kan hentast fersk erfaring frå drakampen om Nordøyvegen. Det er vel kjent at i arbeidet med Nordøyvegen kom ulike økonomiske fagmiljø kom med alternative reknemåtar som gav vidt forskjellige resultat. Det kom av at ulike økonomiske modellar legg vekt på ulike ting. Det finst ikkje rette eller feil modellar i seg sjølv. Det kjem an på kva spørsmål som blir stilt og kva ein legg vekt på – altså kva som er mål og føresetnader for modellane. Og dermed blir det ei politisk eller skjønsmessig vurdering som til slutt må gjerast. Det veit alle som arbeider med modellar.

Det er valår i 2019 og mange politikarar kjem til å meine mykje om helseføretaka, men styra bestemmer. Det vil vere fornuftig av styret i Helse Midt-Noreg å hente inn uavhengige vurderingar av dei økonomiske modellane som legg til grunn for fordeling av 20 milliardar skattekroner. Det er tre-fire Nordøyvegar – kvart år.

Fou-prisen 2018: Siv Måseidvåg Gamlems takketale

Siv Måseidvåg Gamlem: Vinnar av FoU-prisen i 2018.

Takketale for FoU-prisen 2018: av Siv Måseidvåg Gamlem

Tusen takk! Eg er både glad og audmjuk over å verte nominert og få tildelt denne gjeve prisen. Det er ei ære å få stå her i dag.

Dei som kjenner meg har nok høyrt korleis eg snakkar om at det er viktig med «dialog og støttestrukturar» i læringsarbeid. Ingen kan løyse oppgåver eller prestere noko som ligg utanfor vår eiga forståing. Såleis vert teamsamarbeid, erfaringsdeling, dialog, spørsmål og støtte til utvida forståing viktig i lærings- og utviklingsprosessar. Denne tilnærminga til læring har nok prega mitt arbeid som lærar, stipendiat og forskar ved Høgskulen i Volda.

Fortsett å lese Fou-prisen 2018: Siv Måseidvåg Gamlems takketale

Volda er for alle. 17. mai-tale i Volda sentrum 2018

17. mai 2018 i Volda

Kjære alle voldingar! Gratulerer med dagen!

Det er ei stor ære å få halde årets 17. mai tale i Volda. For meg som eigentleg er innflyttar til Volda frå havgapet på Flø, i Ulstein kommune, så er det framleis eksotisk å vere med på 17. mai-feiringa i Volda. Blant fjord og fjell og skog. Og uendeleg mange herrebunader. Det var ikkje så mange herrebunader å sjå på Flø og i Ulstein som her i Volda.

Den 17. mai er ein dag for alle. Slik ønskjer vi det skal vere. Og når dagen blir omkransa av snøkvite fjell, grøne markar og blomar på tre så er også det slik vi vil ønskjer det skal vere. Ein dag for feiring. Ein dag for minne. Ein dag for fred og fridom. For alle.

Fortsett å lese Volda er for alle. 17. mai-tale i Volda sentrum 2018

Langtidsplan for norsk forsking – på norsk?

UiB-rektor Dag Rune Olsen og Kunnskapsminister Iselin Nybø

På den årlege Solstrand-konferansen 21. mars 2018 deltok Kunnskapsminister Iselin Nybø på bolken «Digitaliseringsstrategien for UH-sektoren – overordnede betraktninger et halvt år etter lanseringen».

UH Nett Vests Solstrand-konferanse 2018:
http://uhnettvest.no/statsraden-kommer-til-solstrandseminaret/

Kunnskapsminister Nybø peika på at då langtidsplanen for forsking og høgare utdanning vart lagt fram 2013 var ikkje digitalisering omtalt – men digitalisering vil heilt klart få ein sentral plass i planen i framtida. Og det kan godt hende sektoren er bakpå når det gjeld digitalisering, slik Kunnskapsministeren antyda. Heldigivis var ho også tydeleg på at digitalisering ikkje er eit mål i seg sjølv – men eit verkemiddel for å heve kvalitet.

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning:
https://www.regjeringen.no/no/tema/forskning/innsiktsartikler/langtidsplan-for-forskning-og-hoyere-utdanning/id2353317/

Digitaliseringsstrategien for UH-sektoren vart lagt fram i 2017. I dette dokumentet er det ein annan like stor mangel som at digitalisering mangla i langtidsplanen i 2013: I digitaliseringsstrategien frå 2017 står det ingenting om språk. Det er ein vesentleg mangel som ikkje tek høgde for at effektive digtale tenester som automatisering av chattesvar, talegjenkjenning og andre teknologiar er avhengige av ein god språkleg infrastruktur. Og då snakkar vi om norsk språk. Datamaskinar må også lære seg språk for at dei skal bli gode språkbrukarar.

Regjeringas digitaliseringsstrategi for høgskular og universitet:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/digitaliseringsstrategi-for-universitets–og-hoyskolesektoren—/id2571085/sec1

I sitt innlegg demonstrerte kunnskapsministeren på ein glimrande måte at det framleis er kraft i det talte ordet. At det ikkje berre er gjennom skjermar og augene at vi kan formidle – og motta bodskapar. Ho har snakka på norsk. På rogalandsdialekt. Og det er i seg sjølv eit bidrag til norsk språk og kultur. Korleis kan vi sikre oss norsk som fagspråk i framtida?

Eit viktig bidrag til å betre på dette er vidareføring og vidareutvikling av språksamlingane ved Universitetet i Bergen – i partnarskap med Høgskulen i Volda. Dei to institusjonane har kome med eit felles innspel til Kulturdepartementet om å fullføre digitalisering av Norsk Ordbok og framlegget blir i desse dagar vurdert av Kulturdepartementet.

Dette temaet har også direktøren i Språkrådet, Åse Wetås peika på – dette hadlar også om å ta vare på norsk som fagspråk i forsking og høgare utdanning.

Kronikk av Åse Wetås: Kunstig intelligens på norsk – no (NRK Ytring 17.mars 2018)
https://www.nrk.no/ytring/kunstig-intelligens-pa-norsk_-no_-1.13961114

Med statsrådar frå Venstre både i Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet så ligg det svært godt til rette for eit samarbeid mellom dei to departementa – til beste for norsk språk no og i framtida.

Det er truleg Venstres forteneste at vidareføring av arbeidet med digitalisering av dei norske ordbøkene har kome med i regjeringsplattforma til Venstre, Høgre og Framstegspartiet.

Regjeringsplattforma:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/politisk-plattform/id2585544/

Med eit godt prosjekt så kan ein håpe på at i framtida vil vi kunne få gode – kanskje automatiserte – offentlege og private tenester uansett kva dialekt ein nyttar.

Også om ein snakkar rogalanding eller trøndsk.

Opningshelsing: Korleis sikre rekruttering til lærarutdanning?

Fantastisk utsikt frå Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda

Kjære alle skulefolk!

Velkomne til seminaret om dette viktige spørsmålet. De er no på tradisjonsrik grunn. Her i Henrik Kaarstad-huset har det vore gjeve lærarutdanning sidan det vart bygd i 1922, og i Volda har det vore lærarutdanning sidan 1861.

Som rektor med bakgrunn frå mediefag var det med ærefrykt eg også vart rektor for lærarutdannarane – det vart først som rektor eg fekk ei kjensle av at Henrik Kaarstad-huset var «mitt» hus, eit hus for alle ved Høgskulen i Volda. Men det har det blitt. Og slik bør det vere.

Men ein av dei tilsette på lærarutdanning hos oss hadde eit sitat eg kunne kjenne meg igjen i. Det står på kontordøra hans og er slik:

Teaching is an enormeously difficult job – that looks easy.

Læraryrket er in vanskeleg jobb – som ser lett ut.

Fortsett å lese Opningshelsing: Korleis sikre rekruttering til lærarutdanning?

Sats på forskingsformidling! På norsk.

Kunnskapsdepartementet har invitert oss til å kome med innspel til Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Eg valde å fokusere på eitt tema som eg meiner manglar i langtidsplanen, og det er forskingsformidling. I ei tid då kunnskap, fakta og nyhende ofte får «fake» framfor seg og der somme snakkar om at vi har kome over i «post-fakta» samfunnet, er det viktigare enn nokon gong at forsking og fagleg arbeid gjer seg synleg i samfunnet.

Dette snakkar eg litt om i denne videoen i samband med Forskingsdagane i Volda 2017.

Les også kronikk-versjon av innspelet i Khrono.

Kanskje er eit for sterkt fokus på og prioritering av internasjonal toppforsking med på å skape unødvendig avstand mellom forskarar og folk flest – inkludert profesjonsutøvarar?

Forskingsdagane 2017 ved Høgskulen i Volda

Høgskulen i Voldas bidrag til dette er intern prioritering og premiering av formidling – blant anna gjennom sterk satsing på Forskingsdagane og gjennom intern premiering av formidling gjennom vårt eige interne tellekantsystem.

Ved Høgskulen i Volda vil fagmiljøet til ein forskar som får publisert ei lærebok kunne bli løna med ca kr 50.000 gjennom vår interne ordning. I dei nasjonale forskingsorienterte tellekantane får ei lærebok ikkje økonomisk premiering.

Vi ser truleg resultat av dette blant anna ved at Høgskulen i Volda har eit sterkare gjennomslag i media enn mange andre høgskular. 

Les heile innspelet til langtidsplanen frå Høgskulen i Volda (pdf).
17-00520-3 Innspel til langtidsplanen for forsking og hogare utdanning 270005_4_1

På denne nettsida kan du lese invitasjonen og andre innspel til langtidsplanen:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/innspill-til-revidering-av-langtidsplanen-for-forskning-og-hoyere-utdanning/id2553215/