Fou-prisen 2018: Siv Måseidvåg Gamlems takketale

Siv Måseidvåg Gamlem: Vinnar av FoU-prisen i 2018.

Takketale for FoU-prisen 2018: av Siv Måseidvåg Gamlem

Tusen takk! Eg er både glad og audmjuk over å verte nominert og få tildelt denne gjeve prisen. Det er ei ære å få stå her i dag.

Dei som kjenner meg har nok høyrt korleis eg snakkar om at det er viktig med «dialog og støttestrukturar» i læringsarbeid. Ingen kan løyse oppgåver eller prestere noko som ligg utanfor vår eiga forståing. Såleis vert teamsamarbeid, erfaringsdeling, dialog, spørsmål og støtte til utvida forståing viktig i lærings- og utviklingsprosessar. Denne tilnærminga til læring har nok prega mitt arbeid som lærar, stipendiat og forskar ved Høgskulen i Volda.

Etter at eg gjennomførte lærarutdanninga her ved høgskulen i 1991 har eg hatt eit stort hjarte for å studere kvalitetar ved opplæring og for utviklingsarbeid i skulen. Når eg tidleg på 90-tallet starta i arbeid som lærar opplevde eg at det alltid var meir å lære, og at eit kollegium fungerte best når ein arbeidde ilag mot felles mål – og ikkje mot kvarandre. Dersom ein som kollegar opplever at ein ikkje dreg i same retning, eller arbeider for felles mål, kan det vere ulike utgangspunkt for dette. Eit dilemma kan vere at forståinga den enkelte har om ei sak er basert på eigne erfaringar, kunnskap og ferdigheiter – og at ein såleis ikkje ser dei same perspektiva eller opplever dei same utfordringane eller moglegheitene. Forståing om mål for arbeidet er sentralt for det ein gjer. Dette ser eg både hos studentar i høgare utdanning, i eige arbeid, og gjennom å studere elevane si læring i grunnskulen.

Frå eg starta å arbeide ved høgskulen i 2005 har eg fått gjennomført ei rekkje utviklings- og forskingsprosjekt som har ført til publikasjonar og samarbeid både her ved høgskulen i Volda, nasjonalt og internasjonalt. Dei første åra arbeide eg med ny skulereform. Reforma Kunnskapsløftet vart innført i grunnskulen og nokon måtte arbeide med læreplananalyse saman med grunnskulane. Det fekk eg gjere – noko som var både krevjande og lærerikt. Forståing om Kunnskapsløftet; ein læreplan som gjekk frå kunnskapsmål til kompetansemål måtte også arbeidast med her på høgskulen, noko som mellom anna førte til at den tverrfaglege utviklingsgruppa «Vurderingsgruppa», som eg var leiar for vart etablert i 2007. Arbeidet i denne perioden vart også starten på den retninga som mi eiga forsking har tatt inn mot tema som; vurdering, læringsprosessar, sjølvregulering, meistringsforventningar, og lærar-elev interaksjonar. Frå 2009-2013 fekk eg ei stipendiatstilling, noko som gav meg moglegheit til å bygge forskarkompetanse og ein spisskompetanse innanfor tema «tilbakemelding for læring».

Når eg ser tilbake på dei åra eg har vore tilsett ved Høgskulen er eg takksam for det eg har fått gjere, oppleve og lære. Det kan nemnast at eg har delteke i den nasjonale skulesatsinga «vurdering for læring», eg har vert ressursperson i Ludvigsen-utvalet på tema «vurderingskompetanse», og no deltek eg i ei internasjonal ressursgruppe med representantar frå 12 land som arbeider med vurdering. Nyleg er eg peika ut av Kunnskapsdepartementet til å sitte i ei ekspertgruppe i fagfornyelsen. Kort kan eg seie at fagfornyelsen omhandlar nye læreplanar og vurdering som skal verte sett i system i grunnskulen frå 2020. Når det gjeld store forskingsprosjekt finansiert gjennom Norges forskingsråd har Høgskulen i Volda fått tildeling på prosjektet; DigiHand. Dette er eit prosjekt som er leia av min gode kollega førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, professor II ved høgskulen Per Henning Uppstad, og meg. Dette er eit flott samarbeidsprosjekt mellom tilsette ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, og Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger. Prosjektet har med ei rekkje forskarar frå institutt for språk og litteratur, Nynorsksenteret, og institutt for pedagogikk. Til saman er vi 14 forskarar.

Det å få FoU-ressurs til å kunne utføre forskingsarbeid, få innsikt i andre si forsking, bygge nettverk og å kunne få lære av andre, har vore ei positiv drivkraft for meg. Eg vil takke dei som har gjort dette mogleg. Såleis håper eg at den gleda eg sjølv opplever i forskingsarbeid også kan opplevast for andre gjennom at eg gjer nasjonale- og internasjonale nettverk tilgjengelege – og dannar forskingsgrupper. Forsking og utviklingsarbeid kan opplevast som krevjande og einsamt arbeid, men det kan også gi ei oppleving av krevjande, sosialt og kjekt arbeid om ein har gode folk rundt seg. Ein annan ting er at forsking og undervisning står i tett relasjon til kvarandre. Så det treng ikkje vere slik at vi som er tilsette i fagstillingar ved høgskulen anten skal fokusere på forsking eller undervisning. Eg meiner vi bør gjere begge deler. Den kunnskapen vi har, og utviklar inn mot til dømes læraryrket, må delast med våre studentar. Slik kan dei best verte budd til å møte og forstå den kompleksiteten som er i å arbeide i skulen.

Vidare må eg seie at det er få ting som gjer meg meir glad på jobben enn når mine kollegaer uttrykkjer glede ved eige arbeid, og når vi lukkast med våre mål for FoU-arbeidet. Her ved høgskulen er vi heldige som har gode vilkår til FoU-arbeid gjennom tildelt ressurs. Mykje og god forsking pågår, men det er ikkje alltid at vi veit om kvarandre sitt arbeid – eller dei kompetansane som den enkelte sit inne med. Dette ser eg på som ei utfordring for kompetansebygging innad på avdelingane og for høgskulen. Dette vert også ei utfordring når det gjeld å anerkjenne kvarandre for dei kompetansane som den enkelte har – og vi får kanskje ikkje nytta det potensialet som ligg i å kople saman kunnskap og ferdigheiter innan eller på tvers av institutt, avdelingar og profesjonsutdanningar.

Det å samarbeide i forskingsgrupper eller prosjekt, gi støtte og oppmuntring til kvarandre kan gi gode resultat i høve forskingsaktivitet og positiv energi, som vidare gir en vinn-vinn situasjon for oss alle. Det vi klarer saman som kollegaer er langt betre en det nokon av oss gjer åleine. Som avslutning vil eg atter ein gong takke for denne gjeve prisen – og kome med ei oppmoding om å gjere kvarandre gode. Takk for meg.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Fou-prisen 2018: Siv Måseidvåg Gamlems takketale»

Det er stengt for kommentarer.