Opningshelsing: Korleis sikre rekruttering til lærarutdanning?

Fantastisk utsikt frå Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda

Kjære alle skulefolk!

Velkomne til seminaret om dette viktige spørsmålet. De er no på tradisjonsrik grunn. Her i Henrik Kaarstad-huset har det vore gjeve lærarutdanning sidan det vart bygd i 1922, og i Volda har det vore lærarutdanning sidan 1861.

Som rektor med bakgrunn frå mediefag var det med ærefrykt eg også vart rektor for lærarutdannarane – det vart først som rektor eg fekk ei kjensle av at Henrik Kaarstad-huset var «mitt» hus, eit hus for alle ved Høgskulen i Volda. Men det har det blitt. Og slik bør det vere.

Men ein av dei tilsette på lærarutdanning hos oss hadde eit sitat eg kunne kjenne meg igjen i. Det står på kontordøra hans og er slik:

Teaching is an enormeously difficult job – that looks easy.

Læraryrket er in vanskeleg jobb – som ser lett ut.

Når den vert utført på ein god måte, må ein vel legge til. Og slik er det ofte med journalistikk også.

Ein annan likskap mellom læraryrket og journalistikk er at alle har eit forhold til yrkesutøvinga gjennom kvardagslege erfaringar. Alle har ei meining om skulen og media.

For skulen gjeld dette ikkje minst i det politiske systemet. Norsk skule har vore utsett for mange velmeinte reformar, men kva har eigentleg vorte resultata av reformiveren? Og alle reformar slår også inn i lærarutdanninga. Den viktigaste reformen vi står midt inne i no er overgangen til femårig lærarutdanning, altså masterutdanning. Dette er ei spennande og stor endring som vi gler oss til å gjennomføre, men det er også krevande.

Møre og Romsdal er eit fylke som på mange måtar slit når det gjeld lærarekruttering: Vi burde hatt fleire som tok til på lærarutdanning. Vi har for mange unge som hoppar av læraryrket tidleg i yrkeskarrieren. Og det er svært mange røynde lærarar som vil slutte i skulen i åra som kjem. Den nye femårige lærarutdanninga vil også føre til at det eitt år i overgangen mellom fireårig og femårig utdanning ikkje kjem til å bli utdanna nokon grunnskulelærarar i Volda. Dette i kombinasjon med at Møre og Romsdal fylke er blant fylka med lågare andel av folk med høgare utdanning så har vi i sum ei betydeleg samfunnsutfordring. God tilgang til høgare utdanning og eit høgare utdanningsnivå er eit samfunnsoppdrag som er langt frå fullført i Møre og Romsdal.

For Høgskulen i Volda er lærarutdanning og skulefag viktige aktivitetar og høgt prioritert blant anna i strategiplanen. Eller som det står i strategiplanen vår: Vi er høgskulen for samfunnsfag og humaniora i regionen. Det betyr også at vi har eit ansvar for å medverke det vi kan til beste for regionen. Og nettopp derfor er vi samla her i dag: Skuleeigarar, kommunar, fylke og høgskule: For å løfte i lag – for å styrke lærarutdanninga, og styrke skulen.

Lukke til med seminaret og arbeidet!

Deltakarar på seminar om rekruttering til læraryrket

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar