Volda er for alle. 17. mai-tale i Volda sentrum 2018

17. mai 2018 i Volda

Kjære alle voldingar! Gratulerer med dagen!

Det er ei stor ære å få halde årets 17. mai tale i Volda. For meg som eigentleg er innflyttar til Volda frå havgapet på Flø, i Ulstein kommune, så er det framleis eksotisk å vere med på 17. mai-feiringa i Volda. Blant fjord og fjell og skog. Og uendeleg mange herrebunader. Det var ikkje så mange herrebunader å sjå på Flø og i Ulstein som her i Volda.

Den 17. mai er ein dag for alle. Slik ønskjer vi det skal vere. Og når dagen blir omkransa av snøkvite fjell, grøne markar og blomar på tre så er også det slik vi vil ønskjer det skal vere. Ein dag for feiring. Ein dag for minne. Ein dag for fred og fridom. For alle.

Det er ei lita veke sidan vi hadde Bygdepride i Volda. Eg såg mange i 17. mai toga i dag som også var med på Pride-paraden. Bygdepride gav Volda og Ørsta ein enorm positiv fokus, lokalt, regionalt og nasjonalt. Og ingen veit vel heilt kor mange tusen som deltok.

Den utflytta men rotekte voldingen Øyvind Halkjelsvik skriv slik om Pride-paraden på Facebook:

Eg er alltid stolt over plassen eg kjem frå, men i dag litt ekstra kry over at folk går mann av huse for å vise at kjærleik er kjærleik og at her er det rom for alle.

Vi kan sette Bygdepride på ei liste over hendingar og hendelse av nasjonal betydning som først skjedde og skjer i Volda. Eg tenkjer då blant anna på Sivert Aarflot som for over 200 år sidan både starta trykkeri og avis her i Volda. Eg tenkjer på Volda/Ørstas Ivar Aasen. Eg tenkjer på Volda landsgymnas frå 1910 og på at den første handelsskulen på bygdene i Noreg kom i Volda i 1932. Og på medieutdanningane, på animasjons- og dokumentarfestivalen. Og heilt sikkert andre ting også. Bygdepride i Volda/Ørsta føyar seg fint inn i ei slik rekke.

Bygdepride 2018 – paraden i Volda.

Kva fortel dette om Volda? Det fortel at Volda er ein stad der folk ikkje er redde for nye tankar og idear. At folk er tolerante overfor livshaldningar, levesett og haldningar som dei ikkje nødendigvis deler sjølve. At folk i Volda ikkje likar at utsette grupper blir snakka ned.

Eller som Jon Georg Dale sa i propellhallen under Pride-paraden i førre veke: Bygda er for alle.

Eg er veldig glad for at det vart sagt så tydeleg til dei mange frammøtte under den heilt spesielle stemninga og entusiasmen som rådde i propellhallen. Volda er for alle.

Den amerikanske kjendisforskaren Richard Florida har nett vore i Ålesund og skal også kome med ein samfunnsanalyse av Ålesund og Sunnmøre. For å hjelpe oss å finne ein veg inn i framtida. Eit av hans kjennteikn på ein framtidsretta by og region er blant anna toleranse og aksept for nye idear. Byen må også vere for alle. Og jammen ser eg at Ålesund har tenkt å kome etter og arrangere sin eigen Bygdepride. Velkomen etter Ålesund!

Det er ein ting eg verkeleg set pris på i Volda så er det store mangfaldet i lag og organisasjonar. Vi har lag og organisasjonar for nesten alle. Sjølv har eg brukt og fått mykje energi av å engasjere meg i fotballen. Men det er så mange idrettslag i Volda kommune: Handball, volleyball, ski og skiskyting, alpint, symjing, studentidrett, golf, diskgolf, kampsport, skyttarar, segling, friluftsforeninga. Vi har boksarar og bordtennisspelarar på nasjonalt høgt nivå. Vi har dansarar og heilt sikkert andre som eg ikkje er klar over. Idrett for alle.

Vi har eit mangfaldig musikkliv som korpsa i dag er dei fremste døma på. Men så har vi den store breidda i musikklivet i kulturskulen. Fritidsklubben. Band. Symfoniorkester. Visstnok den einaste høgskulen med symfoniorkester. Og spontan musikkglede i form av berre-moro grupper som gutekort Dra laksen, samansett av høgskulestudentar.

Dra laksen gutekor ved to av laksane.

Til det store mangfaldet høyrer også eit stort tal religiøse lag og organisasjonar. Det er noko folk som kjem til Volda raskt legg merke til at i tillegg til vår staselege bygdekatedral, Volda kyrkje, så har vi mange religiøse forsamlingshus: Eben Eser, Uppheim, Betel, Volda bedehus, Frikyrkja, Frelsesarmeen. Og på bygdene fleire andre bedehus. Kapellet på sjukehuset vert brukt av atter andre religiøse organisasjonar. Og i nyare tid har vi fått innslag av muslimar, buddhistar, hinduistar og andre. Og naturlegvis dei ikkje-truande. Nesten same kva tru eller livssyn du har så finn du trusfrendar i Volda.

Dette mangfaldet av religiøse og livssynsorganisasjonar er også med på å vise i praksis at: Bygda er for alle. Når vi faktisk seier det og meinar det. Så må vi også vise det i kvardagen. Vi må akseptere at einkvar kan få vere salige i si tru eller vantru.

Men det har ikkje alltid vore slik at bygda var for alle.

På tomta der Volda legesenter ligg så hugsar dei som har budd lenge i Volda at der låg den gamle handelsskulen. Handelsskulen starta i 1932 og huset til handelsskulen vart bygd før krigen. I kjellaren var det arresten, fengselet i Volda. Så der var både skule og fengsel.

Om nokre veker så viser kalenderen 7. juni. Då kjem eit nytt minnesmerke i Volda. Eit lavmælt minnesmerke, ein såkalla snublestein. Det er til minne om Abraham Mahler. 22 år gamle Abraham Mahler kom i 1942 frå Trondheim til Volda for å ta handelsskulen. Rektor Indresøvde på handelsskulen la til rette for at han skulle ta handelsskule på eitt år.

Dei to månadene han var i Volda budde han på hybel i Røysbakken. Ein oktoberdag i 1942 kom det tre politifolk for å arrestere han. Kva hadde han gjort? Var han mistenkt for eit brotsverk? Hans einaste brotsverk var at han var jøde. Kjende han seg trygg i Volda? Han valde i alle fall ikkje å reise bort då jødar vart arresterte andre stader, og han prøvde ikkje å røme frå Volda.

Så Abraham sat nokre dagar i fengsel i kjellaren på handelsskulen, i same huset som han hadde vore elev. I kjellaren sat han og skulle snart døy i tysk konsentrasjonsleir. I etasjen over sat klassekameratane hans og skulle få leve. Men det visste ingen då.

Les Adam Mahlers historie på Nærnett.

Bygda var ikkje for alle den gongen. Fred og fridom var ikkje sjølvsagt for alle.

Jødar var dei som fekk føle det aller sterkast og aller mest brutalt gjennom industriell råskap og masseutrydding, der ein 22 år gamal gut busett i Volda var ein av millionar som vart drepne.

Men også homofile vart forfølgde og drepne av dei same rasereine som jakta på jødane.

Eg tykkjer det her kan passe å lese nokre ord som den tyske presten Martin Niemüller skreiv etter at han vart sett fri frå konsentrasjonsleir:

Først så tok dei kommunistane.
Men eg brydde meg ikkje, for eg var ikkje kommunist.

Så tok dei jødane.
Men eg brydde meg ikkje, for eg var ikkje jøde.

Så tok dei fagforeningsfolka.
Men eg brydde meg ikkje, for eg var ikkje fagforeningsmann.

Så til slutt tok dei meg.
Men då var det ingen igjen som brydde seg.

Om kvar og ein av oss bryr seg litt, så kan det hende at vi i lag klarer å lage ei litt betre verd.

Om vi ser oss rundt og tenkjer etter: Kvar kjem eigentleg sidemannen- og sidekvinna i frå? Er dei fødde på Volda sjukehus og vokse opp i Halkjelsgata i Volda? Nei, eg trur vi vil finne ut at dei fleste er faktisk ikkje det. Dei fleste voldingar kjem frå ein annan plass. Dei kjem frå Ørsta, frå Ulstein, frå andre kommunar på Sunnmøre. Frå Sogn og Fjordane. Frå Bergen og Oslo. Og frå utlandet. Fleire og fleire frå utlandet.

Men det er heilt greit. Det er heilt greit at voldingane kjem andre plassar i frå. Volda har i over hundre år vore ein stad som har teke i mot nye folk: Studentar og skuleelevar. Lærarane deira. Tilsette på sjukehuset. Pasientane deira. Flyktningar. Slik er det også i dag. Det er kanskje nettopp dette som er Volda. Ein møtestad for folk. Ein heimstad for mange. For kortare og for lenger tid.

Med nye folk kjem nye idear. Og gjer oss rikare og klokare.

I over 150 år har bygda opna dørene sin for mange og andre. Bygda har ønska å vere for alle.
Og slik må det vere også i framtida: Volda er for alle.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar