Helsing til Jacob Kjøde frå gamlerektor Gunnar Stave

Avtroppande høgskuledirektør Jacob Kjøde (til venstre) og gamlerektor Gunnar Stave.

Helsing frå gamlerektor Gunnar Stave

Frå Gunnar Stave, som representant for rektorane som Jacob Kjøde har samarbeidd med:

Jacob blei tilsett som direktør i 2001, i mi andre rektorperiode.
http://www.hivolda.no/index.php?lang=nyn&displayitem=1401&module=news

16 år er lang tid i ein yrkeskarriere. I det daglege kan vi synest det går i same tralten og det er lite forandring. 16-årsperspektivet viser noko anna.

Fortsett å lese Helsing til Jacob Kjøde frå gamlerektor Gunnar Stave

Helsefag for sosialarbeidarar – opningshelsing på nytt studium

Jan Einar Flø og Anne-Sofie Egset – sentrale personar bak helsefag for sosialarbeidarar.
Det splitter nye studiet «Helsefag for sosialarbeidarar» ved Høgskulen i Volda blir gjeve for første gong i vårsemesteret 2017 som eit vidareutdanningstilbod til sosialarbeidarar. Undervisninga blir gjeven i form av nettundervisning, samlingar og sjølvstudium. Studentane hadde si første samling på studiet 1. februar og her er mi opningshelsing:
 
På vegne av alle på Høgskulen i Volda tykkjer eg de skal gratulere kvarandre med at vi står her i dag og offisielt kan markere starten på det splitter nye studiet i helsefag for sosialarbeidarar.
Studiet har vore ønska av fagfolka ved Avdeling for samfunnsfag og historie – der institutt for sosialfag høyrer til. Men studiet involverer også andre fagområde på høgskulen – i seg sjølv er det spennande for oss! Det er også verdifullt at studiet har vorte utvikla i nært samarbeid med praksisfeltet og studiet i seg sjølv skal bli praksisnært.
Eg har blant anna høyrt at de skal lære å sette sprøyter.
Eit særleg spenningsmoment når det gjeld vidareutdanning i helsefag for sosialarbeidarar er at det truleg er den første utdanninga av denne typen i Noreg. Det er sikkert ein innovasjon – sjølv om ordet innovasjon kanskje ikkje er så innovativt å bruke lenger. Innovasjonar vil alle ha – men det kan koste meir enn det smakar. Men det er mange teikn på at dette kan bli ei vellukka nyvinning.

Fortsett å lese Helsefag for sosialarbeidarar – opningshelsing på nytt studium

Statsbudsjettet 2017: Litt betring for Høgskulen i Volda – truleg.

Tabell frå forliket om Statsbudsjett for 2017
Forliket om Statsbudsjettet i 2017 – litt betring for Høgskulen i Volda?

Statsbudsjettet til regjeringa og samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti vil i sum truleg føre til litt betre budsjett for Høgskulen i Volda.

  • Vi får truleg delvis kompensasjon for omlegging av finansieringsordninga – men ikkje fullt ut. Det blir kanskje ca 2 millionar kroner i 2017 samanlikna med budsjettframlegget frå regjeringa.
  • Vi vil bli trekte ein million i effektivisering – som dei fleste andre statlege verksemder. Altså ein million mindre.
  • Vi kan håpe på å få ei eller to stipendiatstillingar.
  • Vi kan ikkje rekne med å sjå så mykje til nye studieplassar – dei skal gå til IT-utdanningar.
  • Det er sett av meir pengar til bygging av fleire studentheimar – men om Studentsamskipnaden i Volda får det alt i 2017 er usikkert.
  • Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda får ikkje løyving til (for)prosjektet digitalisering av Norsk ordbok. Her har Høgskulen i Volda søkt om midlar «utanfor ramma» for 2018 – altså auka løyvingar.

Kunnskapsdepartementet sitt budsjett for 2017 blir vedtatt av Stortinget 17. desember, men det meste blir nok klart i møtet i KUF-komiteen nokre dagar før.

PS: Det var svært gledeleg at Globalskulen i Volda har kome inn att på statsbudsjettet! Gratulerer!

PS2: Det har også vorte løyvt midlar til Vinjesenteret i Telemark, der Nynorsk kultursentrum har ei sentral rolle. Gratulerer! Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk pressekontor og Nynorsk avissenter (Førde) fekk også midlar i ein «nynorskpakke» – men altså ikkje Norsk ordbok.

Les meir om statsbudsjettet for forsking og høgare utdanning:

Molderektor Gammelsæter: Foreslår Høgskolen Nordvest (Volda, Molde, Kristiansund)

IMG20150219142955
Tidlegare samrådingsmøte mellom representantar frå høgskulane i Volda og Molde (2015).

Høgskolen i Molde har framtidig sjølvstende eller samanslåing med andre institusjonar på dagsorden på styremøte tysdag 22. november 2016.

Bakgrunnen er ein langvarig diskusjon ved Høgskolen i Molde, seinast på på bakgrunn av ein rapport som forskingsinsituttet NIFU har laga på oppdrag frå høgskolen.

NIFU-rapporten er omtala i nettavisa Panorama: http://panorama.himolde.no/2016/11/14/ny-rapport-om-hogskolen-betydelig-risiko-for-en-stagnerende-utvikling/

Styresaker, Høgskolen i Molde, 22.11.2016 (pdf-fil): http://www.himolde.no/OmHiMolde/h%c3%b8gskolestyret/Documents/Styrem%c3%b8te%2016-9.pdf

Molde-rektor Hallgeir Gammelsæter har i nettavisa Panorama 21. november analysert og vurdert NIFU-rapporten og situasjonen i Møre og Romsdal. Gammelsæter meiner at å slå saman høgskulane i Volda og Molde til «Høgskulen Nordvest» er eit betre alternativ til å gå inn i større einingar, som for Molde sin del ville vere NTNU. Det er særleg det regionale perspektivet Gammelsæter er oppteken av, sidan Møre og Romsdal truleg blir landets 10. region:

Det åpner seg nå en ny mulighet for Høgskolen Nordvest. En slik høgskole vil finne politisk støtte samtidig som fagmiljøene positivt kan møte de nye faglige utfordringene og regionens utfordringer. Jeg tror dette er en mulighet HiMolde nå skal ta.

Les heile innlegget til Gammelsæter her:
http://panorama.himolde.no/2016/11/21/tid-for-hogskolen-nordvest/

Andre omtalar av strukturreformen på Panorama.himolde.no:
http://panorama.himolde.no/stikkord/strukturreform/

Kva ønskjer studentane? Opne dører! *)

NOKUT presenterte onsdag 14. september nye analysar frå Studiebarometeret 2015 på eit frukostmøte på NTNU. Møtet vart også strøyma og gav alle interesserte lett tilgang til presentasjon og diskusjon om viktige tema av felles interesse i sektoren vår.

NOKUT-frukost med nye analysar frå Studiebarometeret.
NOKUT-frukost med nye analysar frå Studiebarometeret.

*) Presentasjonane frå møtet var ikkje tilgjengelege på NOKUTs nettsider då eg skreiv dette blogginnlegget, men ut frå det som eg oppfatta på møtet er det mykje som virkar svært interessant og relevant for alle i høgare utdanning. Så får eg vere open for at eg kan ha mistyda detaljar.

Les også omtale av NOKUT-frokosten på Universitetsavisa (NTNU).

Hovudtema for møtet var ei gåte for NOKUT: Kvifor er mange studentar nokså nøgde med studiet sitt – trass i at dei fortel om få tilbakemeldingar? Ein skulle tru at få og dårlege tilbakemeldingar og lite rettleiing ville gi dårlege vurderingar av studium og institusjonar – men mange studentar rapporterer altså om at dei likevel er nokså nøgde med studiet og studiestaden.

Fortsett å lese Kva ønskjer studentane? Opne dører! *)

Velkomen til strategiverkstad! Bruk hausten til å gi Høgskulen i Volda ein langsiktig kurs!

Styret har invitert tilsette ved Høgskulen i Volda til å kome med innspel til ny strategi for Høgskulen. Vi har tilsette med høg kompetanse, kjensler for arbeidsplassen og ikkje minst eit mangfald av fagområde; så eg har stor trur på at det vil skje mykje spennande i haust – og at vi får ein god strategiplan!
Og det trengst – som sjølvstendig høgskule vert vi særleg lagt merke til. Og det skal vi vere glade for!
Flinke tilsette: ASH-tilsette på opprykksmarkering i januar 2014
Flinke tilsette: ASH-tilsette på opprykksmarkering i januar 2014
Styret har lagt dei overordna rammene for strategiarbeidet. Leiarar på fleire nivå har drøfta detaljar i strategiarbeidet i fleire møte dei siste månadene. Det er særleg gjennom strategiverkstadene at den einskilde tilsette og student får høve til å direkte påverke strategiarbeidet.
I eit nyhendebrev fredag 26. august vart det presentert datoar for strategiverkstadene hausten 2016.
  • Fellesadministrasjonen: 13. september.
  • Avdeling for mediefag: 14. september.
  • Avdeling for kulturfag: 16. september.
  • Avdeling for samfunnsfag og historie: 16. september.
  • Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning: 3. oktober.
Studentane (STIV) vil også få tilbod om ein eigen strategiverkstad.
Susanne Moen Ouff vert prosessleiar på strategiverkstadene, med Veronica Kvalen Pilskog som skrivar. Rektor, prorektor og direktør vil også delta på strategiverkstadene. Eg trur at ved å ha ein røynd, (nokså) ekstern prosessleiar som deltek på alle verkstadene kan vi sikre ei retning og eit fokus på arbeidet. Ein ekstern prosessleiar vil heller ikkje ha ansvar for å omsette innspel på strategiverkstadene til endelege beslutningar og kan difor konsentrere seg om å gjere prosessen best muleg.
Kva skal skje på strategiverkstadene? Prosessleiar Susanne Moen Ouff vil kome med eit meir konkret opplegg når det nærmar seg den første verkstaden. Men avdelingane er særleg oppmoda til å invitere eksterne interessentar inn i strategiverkstadene. Dei eksterne interessentane kan vere praksisstader, arbeidsgjevarar som tilset våre kandidatar – eller andre aktørar.
Eksterne samarbeidspartar vil hjelpe oss til ein betre strategi.
Alt materialet frå strategiverkstadene vil bli gjort tilgjengeleg for styret før dei gjer vedtak om ny strategi. Så styret vil få tilgang til kvar ein einaste idè – ofte presentert i form av ein gul lapp!
Høgskulestyret på synfaring. Konsertsalen på Avdeling for kulturfag i 2015.
Styret vil få på bordet resultatet av prosessen på styreseminaret 27. oktober. På styreseminaret er det i år som tidlegare brei deltaking, blant anna med representantar for dei tilsette sine organisasjonar.
Både før og etter styreseminaret bør det vere rom for allmøte eller møte på avdelingar eller einingar. Eg trur at vi kan halde litt ope både tid og tema.
Avdelingsråda er også opplagte arenaer for å drøfte strategi.
Det er antakelig optimistisk å rekne med at ein ny strategi kan vedtakast på styremøtet tidleg i desember, men på møtet 26. januar 2017 bør nok ny strategiplan vedtakast.
Kva og korleis – men kvifor?
For meg framstår strategiarbeidet som ope. Det er kanskje berre to viktige føresetnader for arbeidet: Den første er at alle tilsette og studentane blir inviterte til å delta i strategiarbeidet. Dette handlar jo om eigen arbeidsplas, men i ein større samanheng også om kva forsking og høgare utdanning skal vere. Vi har stor autonomi – men er vi i stand til og interessert i å nytte sjølvstendet? Det må vi prove gjennom å levere godt arbeid.
Den andre føresetnaden for arbeidet er at høgskulen må meine noko om kva Høgskulen i Volda skal vere, gjere og bli i høve til dei overordna sektormåla frå Kunnskapsdepartementet. Dei fire måla er desse:
  • Kvalitet: Høg kvalitet i utdanning og forsking.
  • Samfunnsmål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling.
  • Tilgang: God tilgang til utdanning
  • Robust: Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem
Men høgskulen har stor fridom til også å sette sin eigne mål. Det viktigaste dømet på det er kanskje strukturdebatten. Høgskulen i Volda framleis er sjølvstendig og er ein av få statlege høgskular i landet som ikkje har konkrete samanslåingsplanar på dagsorden.
Ein av dekane har peika på at desse fire sektormåla er på eit mellomnivå – dei er strategiske mål – som vi sjølve må kome fram til meir konkrete handlingsmål/tiltak for å bli betre. Men vi bør også ha meir overordna leiestjerner – visjonar? – over dei fire sektormåla frå Kunnskapsdepartementet. Om dei fire sektormåla svarar på Kva vi skal gjere og handlingsplanar og tiltak seier noko om Korleis vi skal gjere det.

Så bør vi også ha svar på eit Kvifor:

Kvifor er det bra for Noreg av vi har Høgskulen i Volda?
Rigide rammer?
Ein kan likevel lure på kva strategisk handlingsrom vi har. Dei overordna rammevilkåra kan framstå som gitte, eller låste. Til dømes geografi. Vi held til i Volda, og har lange tradisjonar. Men samtidig er vi på nett. Mange studentar kjem på samlingar. Eiksundsambandet og Kvivsvegen har opna opp for dagpendling. Studentflokken ser heilt annleis ut enn for få år sidan. Men samtidig får vi stadig fleire internasjonale studentar, vi deltek i internasjonale utvekslingar og har forskingssamarbeid med ei rekkje institusjonar og einskildforskarar i inn- og utland. Arbeidsplassen til dei tilsette er i Volda, men både studentar og tilsette er mobile. Så Høgskulen i Volda er ikkje berre i Volda.
Leiarar og administrativt tilsette ved Høgskulen i Volda på studietur i Barcelona, Abat Oliba universitetet.
Internasjonalt orientert: Leiarar og administrativt tilsette ved Høgskulen i Volda på studietur i Barcelona i 2015. Hos vår partnar Universitat Abat Oliba CEU.
Kroner og øre vil også kjennest som ei gitt – og trang! – ramme. Vi har ei basisløyving som i mange år har vore urettferdig låg. Kanskje bør vi heller spørje kva begrensningar det gir oss? Kor viktig – og risikabelt – er det å arbeide for å auke inntektene? Auka inntekter har også sin pris ved at det kan vere ein høg risiko å satse på konkurranseintensive aktivitetar som til dømes forskingsmidlar.
Det er eit spenn og ein muleg konfliktlinje her mellom å tenkje høgt og fritt som fuglen og kanskje kome opp med dei verkeleg spennande ideane. Og motsett: Å vere heilt ned på jorda og kanskje også stikke ein finger eller to nedi ho.
Men fuglen må også ned på jorda. Og sjølv om ein står på jorda må ein også kunne klare å lette blikket.
Slik eg oppfattar stemninga i styret så er det vilje og ønskje til å tenkje og arbeide strategisk. Styret ønskjer rett og slett ein strategiplan som fungerer som eit styringsreiskap. Så dette arbeidet vil vonleg vere viktig for Høgskulen i Volda i mange år framover.
Det er deg det kjem an på.
Tidlegare blogginnlegg om strategiprosessen i 2016:  
4.juli: «Sommarhelsing frå Kunnskapsdepartementet»
– Blant anna med vurderingar av Høgskulen i Volda i høve til dei fire sektormåla.
12.juni: «Høgskulen i Volda held fram som sjølvstendig høgskule».
– Rektors oppsummering av strukturprosessen så langt. Kronikk som også har stått i fleire aviser i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
26.april: «Ny strategi: Kvifor treng vi det?»
– Blant anna med lenkjer til mange bakgrunnsdokument som tildelingsbrev, årsrapportar, FoU-melding, dagens strategi.

Dei opne dørene: Opningshelsing i høve studieåret 2016-2017 *)

Rektor Roppen og rappar Runar (Gudnason).
Rektor Roppen og rappar Runar.

Kjære alle saman! Tusen takk for for at de har valgt å kome i lag på denne fantastisk fine opningsdagen på studieåret 2016!

Spesielt velkomne på denne opningshøgtida er du som er ny student ved Høgskulen i Volda. På vegne av alle tilsette og studentar vil eg ønskje deg trefaldig velkomen:

  •  Velkomen til lokalsamfunnet Volda – Studiebygd A. Norges beste studiebygd.
  • Velkomen til regionen Sunnmøre og fylket Møre og Romsdal – vi er verdsleiande på maritim industri – fisk og fjord – ville tindar og vindar.
  • Velkomen til den globale Høgskulen i Volda – møt verda i Volda.

I Volda møtest det lokale, regionale og internasjonale, og du kan gle deg til å få  bitar av alt dette – om du vil!  Det er deg sjølv det kjem an på.

Lokalsamfunnet Volda har teke i mot studentar og andre skuleelevar i godt over hundre år. Volda har i desse åra både teke farge av dei mange studentane og lærarane deira som har kome til denne vesle bygda ved fjorden. Og eg er også heilt sikker på at studentane har teke farge av bygda Volda.

Som vi seier til våre utanlandske studentar: Volda is a place You will never forget.

Når de no skal utforske, leve og oppleve lokalsamfunnet Volda så vil de finne opne dører.

Studiebygda Volda og Høgskulen i Volda handlar først og fremst om menneske, om relasjonar, om venner for livet. Og Volda er Studiebygda der du sjølv kan påverke ditt eige og andres liv i større grad enn du kanskje trudde var muleg. Festivalar, kroa, konsertar, friviljug arbeid – du finn det i Volda. Og du finn det lett i Volda. Og omvendt. Hald også di dør open.

Vi har eit fantastisk korps av studentfadderar som vil hjelpe dykk til å bli kjent bygda og studentmiljøet på alle mulege måtar.

Gled dykk til Volda! Volda gler seg til dykk! Og om kort tid vil de oppleve at de er ein viktig del av Volda.

Opne dører kunne vore eit motto for Høgskulen i Volda.

Og det gjeld alle husa på høgskuleområdet. Og eitt av husa som eg sterkt vil oppmode dykk til å stikke innom er det eldste huset på høgskuleområdet: Henrik Kaarstad-huset frå 1922. Huset er kalla opp etter Henrik Kaarstad – som på mange vis skapte lærarutdanninga i Volda – og dermed høgskulen. Kaarstad var frå Nordfjord i grannefylket Sogn og Fjordane og tok lærarutdanning i Volda. Då Kaarstad huset stod ferdig i 1922 var lærarskulen i Volda  den største i Skandinavia med godt over 400 studentar. Etter nesten 100 år har Kaarstad huset no vorte totalrenovert – vi kan seie fødd på ny – så det eldste høgskulehuset i regionen er no også de det mest moderne og vil bli ein god samlingsplass for lærarutdanningane i åra som kjem. Eg er sikker på at både lærarar og studentar gler seg.

I høve denne dagen er det særskilt kjekt at så mange ordførarar frå Nordfjord har teke turen til Volda.

Utan nordfjordingen Kaarstad – ingen høgskule i Volda.

Det vil hausten 2016 truleg vere registrert over 4.000 studentar ved Høgskulen i Volda no i haust. Det er omlag like mange som i fjor, som var rekordåret. Særleg på sosionom og barnevern har det vore sterk søking og store kull. Eg er glad for at desse viktige utdanningane er interessante for så mange studentar. Ikkje minst fordi vi her i mange år har spennande mastergrader å tilby på toppen av grunnutdanningane. Og i fjor starta vi også vårt første doktorgradsstudium i helse- og sosialfag. I godt samarbeid med Høgskolen i Molde.

Det skjer store ting i høgskulenoreg. Som ein av få statlege høgskular har Høgskulen i Volda ikkje gått inn i fusjonar eller blitt teken over av eit universitet. Eg som rektor og prorektor Jens Standal Groven gjekk til val på at Høgskulen burde halde fram som sjølvstendig høgskule, og eg trur framleis det vil vere best for undervisning og forsking og dermed for våre regionale og nasjonale oppgåver. Men vi skal samarbeide med andre utdannings- og forskingsinstitusjonar der det er naturleg – i inn og utland. Våre faglege dører skal stå opne i alle himmelretningar.

Her vil eg særleg nemne at vi er i ferd med å få på plass ein samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen, og det vil bli spennande å sjå korleis dette utviklar seg i åra som kjem.

Vi vil heller vere ein god og sjølvstendig høgskule enn ein fragmentert filial av eit stort universitet.

Kva betyr det å vere ein god høgskule? For studentane skal det først og fremst bety at dei møter opne dører med låge tersklar på Høgskulen i Volda. Det skal vere lett å ta kontakt med lærarar og administrativt tilsette. Slik har vi hatt det – og slik vil vi ha det. Vi har gode faglege resultat i Volda – og eg trur dei opne dørene er ei viktig forklaring på det.
I strategiplanen vår står det at Høgskulen i Volda er høgskulen for samfunns- og humanvitskapane. Samfunns og humanvitskapane vert av og til kalla menneskevitskapane.

Dette betyr at vi utdannar lærarar, sosialarbeidarar, medie- og kulturarbeidarar. Felles for alle desse utdanningane er at det er menneske det handlar om. Gjerne unge menneske, menneske som treng hjelp, menneske som har problem – men også kreative menneske: Menneske som skapar, reflekterer og diskuterer litteratur, film, teater, drama eller animasjon.
Vår sunnmørske industri, fisk og oljenæringane har skapt mykje som vi skal leve av. Men vi skal også leve for noko. Og vi skal overføre kunnskapar, haldningar og verdiar til dei nye slektene. Opp i alt dette har Høgskulen i Volda i godt over 100 år vore ein viktig regional medspelar som har leveringsgaranti på godt utdanna lærarar i regionen. Kven vil bu på ein stad der ungane ikkje får skikkeleg skulegang?  Som ein lokalpolitikar på Sunnmøre sa til meg for kort tid sidan: Utan lærarutdanning i regionen hadde det vore vanskeleg å tenkje seg at vi ville få ei maritim klynge.

Det er menneske det handlar om.

Vi veit  at  i åra som kjem vil vere eit stort behov for folk som er utdanna ved høgskulen i Volda i vår region. For dei fleste av dykk som tek utdanning ved Høgskulen i Volda er dette godt nytt: De kan rekne med å finne interessante og trygge jobbar når dykk er ferdige med utdanninga.  Dørene står opne for dykk på arbeidsmarknaden!

* * *

Til slutt vil eg seie to ting som ligg meg sterkt på hjarta å få fram:

Ha opne dører også mellom kvarandre. Ta vare på kvarandre. Bry deg om dine medstudentar. Ta ansvar. Spør korleis folk har det. Og bry deg om svaret. Å flytte til ein ny stad og finne seg sjølv på ein ny stad er kanskje lettare i Volda enn mange andre stader. Men likevel: Ta vare på kvarandre. Anten det er på Rokken, på høgskulen eller på nettet.

Det var det eine.

Det andre er dette:

Fjord- og kystbygdene på Sunnmøre er berre ei smal trygg stripe mellom eit av verdas villaste og vakraste hav på den eine sida og farleg fine tindar på den andre sida.

Så gå ut av døra. Bruk naturen. Bruk havet. Nyt snøen. Men ta vare på deg sjølv og andre og skaff deg kunnskapen som trengst for å ferdast trygt og å vite kva du gjer.

Vi har mange studentar, men ingen å miste!
***

Lukke til med studieåra i Volda!

***

*) Å halde ein tale er ei kommunikasjonsform som for meg vibrerer mellom det munnlege og det skriftlege. Det opplevest som naudsynt å skriftfeste talen på førehand, og eg har ingen skruplar med å gjere endringar i teksten heilt fram til talen skal starte. Men framføringa blir uansett munnleg – med host og hark og stoting og pausar og ikkje minst strykingar på grunn av tidsklemma. Slik var det med opningstalen i fjor – og slik vart det med opningstalen også i år – i 2016. Det som faktisk blei framført finn du på Youtube. Og i dette blogginnlegget er muligens talen slik den kunne ha blitt – i alle fall sånn i ettertankens lys.

Nettavisa Khrono – ein viktig suksess i Høgskulenoreg

Nettavisa Khrono er eigd av Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) og har på få år blitt ein viktig nyskaping i Universitets- og høgskulesektoren. Det blir feil å seie at nettavisa hadde ein sped start – den slo til frå starten av med ein solid redaksjon og markerte seg sterkt med å vere oppdatert på hendingar i heile sektoren – ikkje berre for HIOA.

Dette er ein viktig suksess – fordi vi for første gong har fått eit felles fokus for spørsmål som gjeld alle – eller dei fleste – institusjonar i UH-sektoren. Tidlegare har nok nettavisene hatt nok med sin eigen institusjon. Eg trur dette er ei viktig nisje å fylle i nyhendelandskapet. Også fordi vanlege nyhendemedia er stort sett svært svake på å skrive om forsking, høgskular, universitet og studentliv.

Khrono-redaktør Tove Lie kan kose seg over gode lesartal og konstaterer at Khrono går «over all forventning».

Nettavisa Khrono - sterke lesartal.

I 2014 gjorde Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda ei evaluering av Khrono – i hovudsak med dei same resultata. Evalueringa er gitt ut i skriftserien til Høgskulen i Volda:

Høgskulen i Voldas rapport nr. 60: Khrono i krysspress. Av Paul Bjerke og Lars Julius Halvorsen, Volda, 2014

Det er kanskje litt paradoksalt, men Khrono når i liten grad fram til den vanlege student. Derimot vert Khrono lest av mange studentar som er opptatt av styre og stell av eigen institusjon, av studentdemokratiet og gjerne har fått nokre år på baken på institusjonen er ivrigare lesarar enn dei yngste studentane. Dette er ei nøtt å knekke både for redaktør Lie og dei som finansierer nettavisene. For det er ikkje billeg å halde i gang gratis nettaviser.

Andre nettaviser og nettstader for og i UH-sektoren:

Khrono er ikkje aleine om å publisere nyhende om vår sektor – men dei er nok stort sett mest oppdatert etter mi vurdering. Khrono har også vorte eit slags nav i samarbeid mellom ulike UH-media, og det er nok både viktig og nødvendig. Samtidig som det også her er like viktig og nødvendig med konkurranse.

Her er eit knippe andre nettaviser og nettstader i UH-sektoren.

Bergen – Volda: Leksikografi og arbeidsdeling

Helsing på nasjonalt arbeidsseminar i høve flytting av dei nasjonale språksamlingane frå UiO til UiB, Hotel Terminus, Bergen, 14. April 2016.

Av Tor Arne Haugen (professor) og Johann Roppen (rektor)

Høgskulen i Volda er glad for å vera med på den viktige nasjonale oppgåva det er å vidareføra språksamlingane. Vi er glade for at Universitetet i Bergen har invitert til eit breitt samarbeid om dette.

Nynorsk i undervisning, forsking og formidling er eitt av tre nasjonale satsingsområda til Høgskulen i Volda, i lag med fleksible vidareutdanningar og yrkesretta medieutdanning.

Interessa for språket og for orda dreiv bondesonen Iver Andreas Aasen frå Ørsta til å samla inn og systematisera det norske folkemålet. Han ville visa at dette kunne danna grunnlaget for eit fullverdig norsk skriftspråk, som ikkje stod noko tilbake for det danske. Med landsmålet sitt la han òg eit viktig grunnlaget for ein norsk skriftkultur med eit uttrykksmiddel fleire kunne kjenna seg heime i.

Med fullføringa av Norsk ordbok i vår er ei djerv og ambisiøs vidareføring av Aasens verk fullført. Dei tolv banda inneheld meir enn 300 000 oppslagsord, og er med det eitt av dei største ordboksverka i verda. Ved Høgskulen i Volda vil vi gjerne bidra til å ta vare på denne kulturskatten og til å gjera han endå meir tilgjengeleg for publikum.

Den nynorske klynga i Volda og Ørsta har eit breitt spekter av undervisning, forsking og formidling på det nynorske feltet. Ved Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, fødestaden til Aasen, har Nynorsk kultursentrum eit dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Nynorsk kultursentrum driv òg nynorsk-leksikonet Allkunne, som held til i tunet.

I tilkyting til høgskulen har vi Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som er retta mot språkleg opplæring både i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Nynorsksenteret driv fagdidaktisk utviklingsarbeid, og gjennom nettbasert og anna formidling støttar dei skular med kunnskapsbasert materiale om god praksis.

Vi har i mange år hatt sterke fagmiljø på medieområdet og over 300 studentar på området. Dei tek  utdanning i fleirmedial journalistikk – kringkasting, nettmedia og avis, animatørar, PR og kommunikasjonsarbeidarar, digital kompetanse i læring  og tilbyr mastergrad i dokumentar.  Desse fagmiljøa vil kunne vere viktige samarbeidspartar også inn mot språksamlingane og ordboksarbeid.

Ved Institutt for språk og litteratur tilbyr vi master i nynorsk skriftkultur, samstundes som vi har lang erfaring med nettbaserte studium innanfor nordiskfaget. Vi har allereie gode relasjoner til Bergen gjennom mellom anna Nynorsknettverket i UH-nett Vest. Ved å knyta oss tettare til det sterke nordiskmiljøet i Bergen vil potensialet for moglege samarbeidsprosjekt auka ytterlegare. Forvaltinga av Språksamlingane og Norsk ordbok er døme på prosjekt som eignar seg særs godt for samarbeid.

Det var gjennom samarbeidet i den nynorske klynga i Volda og Ørsta at ideen om å vidareføra Norsk ordbok i Volda kom opp. Av den leksikografiske verksemda knytt til samlingane er det dette ordboksverket vi har tenkt mest på så langt, og vi er i gang med eit prosjekt som skal munna ut i brukarrettleiing for verket. Vi er glade for at Lars Vikør har teke på seg det faglege ansvaret for dette prosjektet, som vi tek sikta på å ha ferdig 1. november i år. Denne brukarrettleiinga vil sjølvsagt òg kunna danna grunnlaget for ei digital utgåve seinare. Av vidare utvikling og formidling er det klart atdigitalisering av dei første banda må stå øvst på lista. Det er framifrå at dei tolv banda med dei raude ryggane no er komplette, men det norske folk fortener også enkel tilgang til den skatten dette ordboksverket utgjer, og som så mykje anna er framtida til humaniora digital. Vi vil alle ha tilgang til ordbøker på nettbretta og smarttelefonane våre, og kvifor då ikkje nytta eit forskingsbasert verk med over 300 000 oppslagsord? I framtida bør vi kunna starta opp «Norsk ordbok-appen» på telefonen vår og få tilgang til eit av dei største humanistiske forskingsprosjekta nokon gong. Eigne appar burde også vera ein interessant måte å formidla Nynorskordboka og
Bokmålsordboka. Slik kunne desse store publikumstenestene bli endå meir tilgjengelege.

Eit leksikografisk miljø vil kunna vera eit utmerka tilskot til den nynorske klynga i Volda og Ørsta. Med fleire institusjonar som arbeider med formidling, forsking og undervisning, bør moglegheitene vera gode for å draga nytte av kvarandre og utvikla gode tenester for publikum. Leksikografien er kan henda den viktigaste greina av språkvitskapen som er retta mot eit allment publikum, og med Norsk ordbok kan vi visa at ei ordbok kan vera noko meir enn ein stad der ein slår opp kva som er rett og gale. Kategoriane og konsepta som er så viktige for det menneskelege tilværet at dei har fått eigne ord, er her dokumenterte i si fulle breidd. Ord er vitnemål om tilværet vårt, og slår ein opp på ord i Norsk ordbok, som er innanfor bolken som allereie er digitalisert, blir ein mint om at det ikkje alltid er lett å finna dei rette orda for tankane våre, men når vi gjer det, er orda våre eigne, og vi kan veksla nokre av dei med andre.

Vi er glade for at Universitetet i Bergen har teke på seg ansvaret for å taka vare på og vidareutvikla språksamlingane, og at ein vil lata oss ved Høgskulen i Volda ha eit ord med i laget. Vi håpar dette kan vera starten på eit endå tettare samarbeid mellom institusjonane våre, og vi ønskjer lukke til med det vidare arbeidet.

Då lærarskulen hadde eige småbruk

Johann Folkestad kan meir enn IT – han er også ein kunnskapsrik lokalhistorikar – og lærarhøgskulen i Volda har han mange bilde av på kontorveggen sin.

Volda-lærarskule-småbruk
Volda lærarskule. Postkort.

Eitt av bilda til Johann Folkestad er ein reproduksjon av eit postkort (Einerett Fr. Svendsens Bokhandel) og syner det som ein gong var. Kaarstad-huset stod ferdig i 1922 og stig fram i bakgrunnen. I forgrunnen ser ein ei demning og ein dam – Håmyrelva har sidan vorte lagt i rør. Elva renn under dagens grusbaner.

Mellom dammen og Kaarstad-huset ser ein ei hes med turrgras. Og nyslåtte markar og eitt av fleire hus som utgjorde småbruket til lærarskulen. I dag er det husa til Avdeling for kulturfag som står der småbruket ein gong låg.

Når eg ser dette bildet får eg assosiasjonar til universitet som også andre stader i verda nærast veks ut av jorda. Sjå til dømes det fantastiske Kings College i Cambridge:

Kings College, Cambridge. Foto: Wikimedia Commons
Kings College, Cambridge. Foto: Wikimedia Commons

Eivind Indresøvde har skrive om småbruket ved lærarskulen i jubileumsboka frå 1995 som Peder Bergem redigerte. Indresøvde skriv at rektor Kaarstad kjøpte småbruket i 1916 og lærarskulen dreiv det i ca 40 år. – Lærarskulen i Volda var den einaste med eige småbruk, skriv Indresøvde. Elevane ved skulen arbeidde på småbruket som ein naturleg del av tida ved skulen – og dei fleste av dei kom då også frå gard. Vestlandslærarane var ikkje redde for å få skit på fingrane sjølv om dei var i ferd med å ta høgare utdanning.

På småbruket vart det dyrka poteter, rotvekster og andre grønsaker. Der var 3-4 mjølkekyr, ungdyr og ein hest. Etterkvart vart det meir av hagebruk. Hagebruket og etterkvart lærarskulehagen vart også element i undervisninga ved skulen.

Elevane fekk varm mat på skulen – dei var på det meste oppe i over 400 lærarskuleelevar! Småbruket var ein viktig del av drifta av skulen. 10-12 grisar vart fødde fram på høgskulen og levde stort sett på matavfall frå skulekjøkenet. Så lenge lærarskulen stort sett hadde utedo vart også denne ressursen utnytta på småbruket. Så lærarskulen hadde eit samanhengande system med sjølvberging, kjeldesortering og ressurstnytting.

Jubileumsboka frå 1995 er tilgjengeleg også på internett gjennom Nasjonalbiblioteket.

Les meir om skulestaden Volda på lokalhistoriewiki. Der er også eit anna bilde frå «ei tid var» ….

Kaarstad-huset-lokalhistorie-wiki-1950
Kaarstad-huset (ca 1950. (Lokalhistorie-wiki)