Unødvendig og for strengt regelverk for avsetningar

Høgskulen i Volda har i åra 2013-2018 auka avsetningane frå små 13 millionar kroner til nesten 80 millionar kroner. I 2019 minka avsetningane noko, men i koronaåret 2020 ser det ut til at avsetningane aukar igjen. Dessverre. Dessverre, både fordi det betyr at vi ikkje har fått gjort alt vi skulle gjere, men dessverre også fordi regjeringa no ønsker å sette veldig strenge rammer og ein kort frist for oss til å bruke desse midlane.

Kva er avsetningar? På Høgskulen i Volda er avsetningar enkelt sagt løyvingar vi har fått for å gjennomføre oppgåver, og der vi ikkje har brukt opp løyvinga. Anten fordi vi driv godt og vore effektive og gjennomført oppgåvene og prosjekta innanfor rammene, men det kan også kome at prosjekta er forsinka. Svært mykje av avsetningane kjem også frå fagmiljø som har drive svært effektivt og med stor dugnads- og innsatsvilje og til dels snudd frå å ha dårleg økonomi til å samle seg opp store avsetningar. Avsetningar kan også vere eit teikn på at vi driv godt.

Slik er det på Høgskulen i Volda og slik er det på dei fleste andre høgskular og universitet. Avsetningane har auka i heile sektoren, og det likar ikkje Kunnskapsdepartementet, Riksrevisjonen og Stortinget. Vi snakkar i sum om fleire milliardar kroner og det er løyvingar som institusjonane har fått for å løyse oppgåver – pengane skal ikkje stå på bok.

Det kom likevel som ei overrasking for svært mange i sektoren då framlegget til statsbudsjett for 2021 kom: Her vart det presentert strenge og klare krav til høgskular og universitet om at i løpet av 2021 så må institusjonane få ned avsetningane til 5 prosent av løyving – elles kan – eller skal – midlane gå tilbake til statskassa. Om institusjonen har klare og konkrete investeringsplanar kan departementet godta at avsetningane er på over 5 prosent.

Her er brevet frå Kunnskapsdepartementet med reglement for bruk av avsetningane.

Khrono: «Krever ubrukte milliarder tilbakebetalt til statskassa» (12.10.2020)

I sektoren har framlegget frå regjeringa vekt stor oppsikt og fått mykje kritikk. Blant anna vert det peika på at dei gamle universiteta som har lov til å eige hus og andre eigedomar kanskje ikkje blir ramma av denne ordninga, fordi dei kan framskunde vedlikehaldsarbeid og investeringar på sine eigedomar. Høgskulen i Volda leiger det meste av sine hus frå Statsbygg og har heller ikkje denne mulegheita.

Høgskulen i Volda har i fleire år visst at vi har for store avsetningar, og har teke grepe for å gjere noko med det.

Som det går fram av figuren nedanfor har avsetningane ved Høgskulen i Volda auka kvart år frå 2013 til 2018. I 2012 var løyvingane til høgskulen på vel 250 millionar kroner og avsetningane på nokre få millionar – godt under 10 prosent av løyvinga. Men så har avsetningane auka jamnt og sterkt i åra 2013-2018 og har vore opp i nærare 25 prosent av løyvinga. Ei liknande utvikling har også skjedd hos svært mange andre institusjonar også.

Dette er grunnen til at Høgskulestyret i Volda i 2018 vedtok reglar som i praksis pålegg avdelingane og fellesadministrasjonen å bygge ned avsetningane – og det skulle skje over nokre år.

Her er saksutgreiinga og styrevedtaket (sak 58/17).

I styrevedtaket frå 2018 sette vi – litt forenkla – ei intern grense på avsetningane på 10 prosent av årsløyvinga. Sjølv denne terskelen var nok tungt å akseptere for mange, men no ser vi at departementet set ei grense på 5 prosent. Tidlegare har vi oppfatta departementet slik at institusjonane ikkje bør ha avsetningar på meir enn 15 prosent, så det er overraskande at det no kjem eit krav på 5 prosent.

Det er skuffande at departementet ikkje har hatt ein høyringsrunde med institusjonane om nivået på avsetningar og dei konkrete reglane som kom no i haust. Som mange har peika på: Dette gir oss mindre handlefridom og tvingar oss til å handle kanskje raskare enn godt er.

Kjetil Haugen ved Høgskolen i Molde skriv i ein kommentar i Khrono at denne hastverksregelen kan tyde på at marknaden fungerer «for godt».

Mi meining er at institusjonane sjølve burde få legge planar for korleis avsetningane skal byggast ned ut frå lokale forhold og behov. Høgskulen i Volda har lagt ein plan for dette og den burde vere god nok.

Høgskulen i Volda har svært store investeringsbehov både i 2021 og 2022:

  • Mediehuset treng inventar og medieteknisk utstyr. Dette er stipulert til ca 30 millionar kroner.
  • Hans Strøm-huset treng ei kraftig fornying: Ventilasjon, ombygging av lokala som Avdeling for mediefag flyttar ut av, og så har huset vorte nokre år. Truleg snakkar vi om minimum 30 millionar kroner her også, bygd på erfaringstal frå utbetringa av Henrik Kaarstad-huset.
  • Den heilt nye Campusutviklingsplanen inneheld mange spennande og viktige tiltak som vil vere kostesame å gjennomføre. Ombygging av kantine/biblioteksområdet er berre eitt av mange aktuelle prosjekt.

Summen av alle desse investeringsbehova blir truleg større enn avsetningane våre. Vi må ta høgde for at arbeidet med Hans Strøm-huset kan bli dyrare når vi og Statsbygg får tid til å detaljplanlegge prosjektet.

Med dei nye reglane kan vi bli dobbelt straffa om vi må sende tilbake pengar til statskassa fordi vi ikkje rekk å planlegge – eller får godkjent investeringsplanar: Først ved at vi faktisk skal gjennomføre prosjekt som har vorte utsett, men kanskje med mindre pengar å rutte med. For det andre ved at når vi faktisk skal gjennomføre investeringane så er pengane borte.

Derfor håpar og trur også at vi kan få ei eingongsløyving til medieteknisk utstyr i mediehuset – det er viktig for oss og for norsk medieutdanning og det er alt for enkelt å tru at med store avsetningar så har vi råd til «alt» eller at det er lett for oss å finansiere utstyr til det nye mediehuset med avsetningane vi alt har.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar