Adventskonsert 2020: Helsing frå rektor

Dei siste strofene frå «Det lyser i stille grender» ved Høgskulekoret, Høgskulen i Volda.

Helsing frå rektor:

Eg vil med dette på vegne av Høgskulen i Volda – men også som publikummar, som lyttar, få takke studentar og lærarar, korsongarar og musikkar, dirigentar og musikklærarar for at de har gjeve oss denne adventskonserten.

For mange av oss er adventskonserten kanskje den aller første julegåva, og om den største gleda er å gjere andre glad, så håper og trur eg at vi alle kan vere litt ekstra glade på denne litt mørklagde novemberkvelden i vesle Volda.

Det var plass berre til 50 i voldakyrkja i dag – denne sunnmørskatedralen som eigentleg har plass til meir enn ti gongar så mange på sine benkar. Vi har grunn til å føle oss heldige og utvalde vi som fekk plass her i dag.

Her, på denne staden, på tomta som voldakyrkja står på, så har det truleg vore kyrkje sidan før svartedauden. Her var kyrkje då spanskesykja tok liv for 100 år sidan. Og her er kyrkje i dag.

Dei kom seg gjennom det før i tida også – vi kjem oss gjennom det – vi også.

Det har ikkje vore det same kyrkjehuset i alle desse åra. Kyrkjehusa har vorte rivne, her har vore brann og her var byggeplass i mange år. Så opplevinga av huset, av advent og om her har vore adventskonsert – det har nok vore så ymse.

Men det som har vore felles i 800 år er nok at når den mørke årstida tek grep, når regnet blindar oss og våren synes fjern – då har folk samla seg her  – søkt kvarandres selskap og sunge i lag.

Sjølv om allsong altså var forbode i år – men desto bedre at høgskulekoret syng for oss!

Songen og musikken vi har fått høyre i dag er både tidlaus – og tidsrett.

Det viktige er at vi har fått ei tid i lag har nok behov for det – å rive oss litt laus frå samtida, frå kvardagen. Og de som har framført musikken og sunge i koret trur eg også har opplevd akkurat det – å hoppe ut av tida og inn i musikken. Og der har vi vore i lag – den strenge koronameteren gjeld ikkje lenger – i musikken får vi kome så nær kvarandre som vi berre vil – og er det noko vi treng, så er det akkurat det.

De som har vore studentar i Volda i 2020 har fått eit år som de alltid vil hugse. Eit år som har hatt sine nedturar – men eg håpar og trur at akkurat denne adventskonserten berre var ein opptur. Ein opptur som de har gitt oss andre også, og som vi alle kan ta med oss inn i jula og vintermånadane som står framfor oss.

Så igjen: Takk for at vi ei stund har fått ein bit av noko, anna, noko tidlaust, kanskje evig, og for ord og tonar som vil gjere både kvardagen og kvar einaste dag framover eit lysare og mildare preg.

Lukke til på eksamen og ha ei god jul, kvar og ein!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar