Orientering til høgskulestyret, 29.10.2020


For det andre har vi bestemt oss for å framleis ha døra opa for at det kan bli internasjonal studentutveksling i vårsemesteret 2021. Situasjonen i dag tilseier ikkje at det er sannsynleg, men etter sterk oppmoding frå Kunnskapsdepartementet og DIKU har vi bestemt oss for å sjå situasjonen an. Vi held løpande kontakt med blant anna smittevernmyndet i Volda om situasjonen. Studentane vil få god informasjon om at utveksling kan bli avlyst på kort varsel. Vi vil ha alternative tilbod til studentar som ikkje reiser ut – og det er greit å få seg bustad i Volda.

Smittesituasjonen i Volda og Ørsta er slik at det er fleire smitta over 40 i karantene pr i dag. Volda kommune reknar situasjonen som såpass avklara at det pr onsdag ikkje var sett krisestab, så det må reknast som eit godt teikn.

NOKUT-tilsyn:

Dette er ei viktig sak for høgskulen, og NOKUT-tilsynet står også på saklista i dette møtet.

Høgskulen har eit kvalitetssystem som skal sikre god studiekvalitet, og NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning – har som oppgåve å føre tilsyn med høgskular og universitet sitt kvalitetsarbeid. Vi har lenge visst at i 2020 skulle kvalitetssystemet vårt vurderast av NOKUT. På grunn av korona har arbeidet vorte utsett frå i vår til i haust og neste veke vil ca 40-50 tilsette og studentar på Høgskulen i Volda møte NOKUT for å svare på spørsmål om kvalitetssystemet og kvalitetsarbeidet. Vi ser på dette som eit viktig og nødvendig ettersyn og reknar med at også i denne saka vil NOKUT vere ein god og utviklande samarbeidspart for høgskulen.

Parkering

Kommunestyret i Volda har med klart fleirtal sagt nei til betalingsparkering på høgskuleområdet. Kommunen eig over halvparten av parkeringsplassane våre. Vi må no gå i dialog med kommunen for å vurdere alternativ. Det mest aktuelle alternativet er å ta i bruk grusbanene ved Henrik Kaarstad-huset. 

Sjå også kommentar frå høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen.

Kommunestyret sa også nei til avtalen med Statsbygg om bruk av parkeringsplassar i kjellaren på idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena. Statsbygg og Volda kommune forhandlar no om ein ny avtale for at høgskulen skal få tilgang til parkeringsplassane. Desse parkeringsplassane er i praksis ein føresetnad for godkjenning av Sivert Aarflot-huset.

Grunnskulelærarutdanninga:

I framlegget til Statsbudsjett for 2021 har det i alt vorte løyvt 89 millionar kroner til finansiering av det 5. året i den nye femårige lærarutdanninga. Av dette får Høgskulen i Volda ca 3,5 millionar kroner. Vurderinga til Høgskulen i Volda og alle andre som driv med utdanning av grunnskulelærarar er at framlegget er alt for lågt og inneheld også andre prinsipp for tildeling som vi er lite nøgd med. Dette kjem vi tilbake til i styresaka om framlegg til Statsbudsjett for 2021.

I ein kronikk i nettavisa Khrono tysdag 27. oktober sluttar 12 rektorar på høgskular og universitet seg til at finansieringa av 5. året i lærarutdaninga slik det er foreslått i statsbudsjettet er for dårleg og gjer det vanskeleg for oss å oppfylle forventningane i «lærarløftet», den femårige lærarutdanninga.

«Norge trenger flere grunnskolelærere som er faglig sterke» (Khrono, 27.10.2020)

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar