Sivert Aarflot-huset: Grunnstein, hjørnestein, merkestein

Men for dette huset er likevel den symbolske handlinga svært passande. For kva er vel media anna enn utveksling av symbol gjennom teknologiske hjelpemiddel?

Høgskulen i Volda, byggherre Statsbygg og entreprenør PEAB Nordang har i denne vesle seremonien teke den symbolske handlinga eitt steg vidare: Grunnsteinen som blir lagt ned er utforma som ein QR-kode, ein digital tekst. Om du følgjer koden vil du kome til ei nettside som gir deg alt det som til vanleg er å finne i ein tradisjonell grunnstein: Blant anna teikningar av huset vi står i, myntar og frimerke frå 2020, men også avisa Møre frå i dag der Sivert Aarflot får brei omtale.

Og her er den digitale grunnsteinen!

Dei tradisjonelle grunnsteinane er innemura og utilgjengelege så lenge huset står og blir kanskje ein gong i framtida oppdaga av arkeologar. Men Sivert Aarflot-husets digitale grunnstein er tilgjengeleg for alle som ønskjer tilgang til QR-koden. Så det er ein svært passande grunnstein for eit hus som skal hyse medieutdanningane i Volda som har «Media for eit demokratisk samfunn» som ideologisk – grunnstein.

Det er mi von at Sivert Aarflot-huset i seg sjølv også skal bli ein grunnstein – eller kanskje heller ein hjørnestein. Eg vonar og trur at forskings- og utdanninga som skal skje i Sivert Aarflot-huset også i framtida vil vere ein hjørnestein i norsk medieutdanning, og dermed også for norske media og det norske demokratiet. Som hjørnestein står ein ikkje aleine, men verkar i lag med andre medieutdanningar, andre institusjonar i inn- og utland for å hyse menneskeleg liv og varige verdiar.

I ei tid og ei verd der demokratiske verdiar vert utfordra frå autoritære og kunnskapsfiendtlege idear håper og trur eg at Sivert Aarflot-huset kan bli ståande som ein hjørnestein og vere med på å støtte opp om trua på sentrale verdiar og idear som også Sivert Aarflot stod for og formidla gjennom si livsgjerning. De gjore han gjennom trykkeri og avisa  Norsk Landboeblad. Dette var for litt over 200 år sidan under Napoleonskrigane, litt før Noreg fekk si grunnlov. Mykje av det vi hugsar han for kan framleis stå som merkesteinar for Høgskulen i Volda og medieutdanningane i dag og i framtida:

Lokalt og nasjonalt engasjement kopla med internasjonal orientering.

Nyfikne, initiativ og kreativitet andsynes ny teknologi.

Ein uredd kombinasjon av bokleg lærdom og allmenn formidlingslyst i aktuelle spørsmål i tida.

Men:

  • Verda og Volda har endra seg mykje på dei 200 åra som har gått sidan Sivert Aarflot prenta avisa si.
  • Volda og medielinja har endra seg mykje på de 50 åra som har gått sidan dei første studentane tok til å studere media i Volda.
  • Medielinja og Sivert Aarflot-huset kjem til å endre seg mykje meir dei neste 50 åra enn dei 50 første åra.

Likevel: Det er mi tru at både huset, studentar og tilsette kjem til å vekse med oppgåvene og både vil og må forme innhaldet i huset i sitt bilde.

Sivert Aarflot-huset er med 4.000 kvadratmeter romsleg og fleksibelt og skal kunne møte endringar i medieverda i mange år framover.

Så, det kjem nok mest an på oss sjølve om vi klarer å gjere Sivert Aarflot-huset til: Verdas beste mediehus.

Med dette vil eg legge ned Grunnsteinen for Sivert Aarflot-huset.

Helsing frå Statsbyggs prosjektleiar Jens Hersløv

Nytt Mediebygg – Sivert Aarflot huset

Jens Kristian Hersløv, Statsbyggs prosjektleiar på Sivert Aarflot-huset. Foto: Tone Solhaug, Høgskulen i Volda.

Endelig har bygget vi har jobbet med så lenge fått sitt navn! Og det høres jo riktig så bra ut der mellom HS og BK med SA huset!, selv for en østlending som meg er det «svung» over navnet Sivert Aarflot.

Som navneendringene viser har et prosjekt mange faser; Avklare, utvikle, planlegge, gjennomføre og avslutte. Før overlevering til HVO i juni 2021.

I dette prosjektet besluttet vi å gjennomføre store deler av planleggingen sammen med entreprenør. Dette ble gjort i en anskaffelsesmodell der HVO som oppdragsgiver og bruker og Statsbygg som forvalter, drifter og byggherre sammen stilte funksjonskrav. Deretter overlot vi til entreprenørmarkedet å komme med den beste løsningen. Vi mottok høsten 2018 mange tilbud og det ble gjennomført en omfattende evaluering før valget til slutt falt på PEAB K. Nordang og deres arkitekt LINK ARKITEKTUR. Kontrakten ble undertegnet tidlig på våren og vi gjennomførte en bearbeidelse av løsningsforslaget som ble avsluttet i juni 2019.

Byggeprosjektet startet i september for ett år siden, rammetillatelse og igangsettelsestillatelse ble gitt av Volda kommune, og i november ble spaden satt i jorden. Og i dag står vi her med et ferdig råbygg som om ikke lenge er et tett bygg.

Det meste har, når vi først kom i gang, gått bra. Takket være en tilstedeværende og dyktig oppdragsgiver og bruker og en løsningsorientert og kompetent entreprenør har det vært gøy å få være med på dette prosjektet. Jeg tror og håper at bygget vil stå til forventningene når det blir tatt i bruk av HVO sine studenter og ansatte om ikke lenge.

I dag har vi en litt uvanlig grunnstensnedleggelse da denne mot normalt ikke er en sveiset og lukket liten metallboks som støpes ned i gulvet, men en QR kode som leder til arkiverte dokumenter i skyen. Dokumentene er lagret, som alle andre offentlige dokumenter, og vil være tilgjengelige så lenge det er internett. Og det vil vi tro er en stund.

Vennlig hilsen
Jens Kristian Hersløv
prosjektleder
Byggherreavdelingen, Statsbygg

Helsingar også frå Avdeling for mediefag. Frå venstre: Teknisk leiar Reidulf Botn, Jens Kristian Hersløv, Statsbygg, student Simen Jester Langeland, rektor Johann Roppen og dekan Kate Kartveit. Foto: Tone Solhaug, Høgskulen i Volda.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar