Helsing i høve tildeling av HVOs FoU-pris for 2020: Inger Marie Okkenhaug

Eller som dei som nominerte prisvinnaren skriv:

«Alle arbeid er innanfor internasjonal og utaneuropeisk historie, og geografisk er det Midtausten og ikkje minst Armenia som er/har vore hovudinteressa, men med sideblikk til Afrika og i seinare tid har også Nord-Amerika og Kina kome innanfor interessefeltet. Misjonshistorie — og med eit klart kjønnsperspektiv — er ei klar hovudinteresse. Her er ho i den norske og internasjonale forskingsfronten.»

Den nasjonale debatten mellom Terje Tvedt og Jostein Gripsrud om norsk internasjonalt humanitært og ideelt arbeid treng den typen empiri som årets FoU-prisvinnar har levert gjennom ein forskarkarriere på nærare 30 år.

***

Prisvinnaren vart tilsett ved Høgskulen i Volda i 2010 og vart professor i 2011. Før det hadde ho arbeidd i fleire år som forskar ved fleire ulike institusjonar i Bergen. Og no skal altså forskaren få sin velfortente FoU-pris. Og kva slags pris er det?

I statuttane for FoU-prisen ved Høgskulen i Volda står det blant anna:

«Pris for godt FoU-arbeid vert tildelt personar eller miljø som har gjort ein markert innsats på FoU-område som er strategisk viktige for HVO.

Ved tildeling skal det leggjast vekt på desse åtte kriteria:

– FoU-arbeid med svært høg kvalitet
– FoU-arbeid med relevans for avdelinga/eininga sine strategiske mål
– Publisering i vitskaplege publiseringskanalar
– Sentrale vitskaplege verv i inn- og utland
– Innsats som miljøbyggjar
– FoU med ekstern finansiering
– Nasjonalt og internasjonalt samarbeid
– Allmenn- og målretta formidling og samfunnskontakt»

I nominasjonen av årets prisvinnar fekk forskingsutvalet og høgskulestyret ei god grunngjeving på kvart einaste eitt av dei 8 kriteria, så det er verkeleg ein verdig prisvinnar vi har.

Eg skal ikkje lese opp heile grunngjevinga i denne helsinga, men den blir å finne på rektorbloggen. Men det er eitt punkt som eg vil dra fram og håper prisvinnaren kanskje vil sette særleg pris på. Og det er beskrivelsen av prisvinnaren si rolle som miljøbyggar.

I nominasjonen står: 

«Ho er ein god fagfelle og lesar, som alltid hjelper kollegaer og studentar. Ho legg alltid vekt på at det som desse fagmiljøa i Volda produserer skal holde ein høg fagleg kvalitet, i tillegg til at ein skal også formidle det ein driv med til et vidt publikum.»

Desse orda kan tene som ideal for dei aller fleste på høgskulen.

Eg vil be årets prisvinnar om å kome fram: Professor ved Historisk institutt: Inger Marie Okkenhaug.

Inger Marie Okkenhaugs nettside, blant anna med oversyn over publiseringar.

Omtale av prisutdelinga på høgskulens nettsider.

Nominasjon av Inger Marie Okkenhaug til Høgskulen i Voldas FoU-pris for 2020.

Vi nominerer med dette professor Inger Marie Okkenhaug (f. 1963) ved Historisk institutt til FoUprisen.

Okkenhaug er ein erfaren og særs produktiv historikar. Ho er både ein produktiv forskar på høgt fagleg nivå og ein kollega som gjer mykje for å heve forskinga både i fagmiljøet på historie og i mastergraden i kulturmøte. Ho er leiar for både MA-programmet i kulturmøte og forskingsgruppa for same tema. Okkenhaug er også ein kollega som er med på å bygge fellesskapet på fleire andre sett.

Ho er ein god fagfelle og lesar, som alltid hjelper kollegaer og studentar. Ho legger alltid vekt på at det som desse fagmiljøa i Volda produserer skal holde ein høg fagleg kvalitet, i tillegg til at ein skal også formidle det ein driv med til et vidt publikum.

Ho er også ein ressurs for forskinga på heile høgskulen, ved at ho er gjer teneste i Forskingsutvalet. Ho er også aktiv i å arbeide fram søknadar til NFR. Men ho er også aktiv vidare ut i Noreg og i Europa. Ho er med i Holberg-pris-komiteen i Bergen, har brei erfaring som medlem av sakkyndige kommisjonar, er medlem i programstyre ved NRF og medlem i styringsgrupper for forskjellige forskingsprosjekt.

Okkenhaugs vitskaplege karriere starta med hovudoppgåva frå 1992 som tok for seg ytterleggåande sionisme under den britiske mandatperioden i Palestina. Dr.art.-avhandlinga — som ho avla ved UiB i 1999 —dreidde seg om utdanning av unge kvinner i Palestina i perioden 1888-1948.

I tida si i Bergen fram til 2009 har Okkenhaug etter avhandlinga hatt redaktøransvar for fire bøker — der dei fleste er utgitt på engelsk . I tillegg har ho i desse åra skrive eit par dusin vitskaplege artiklar i

bøker (i det vesentlege internasjonale) og i fagtidsskrift og også ei rekke populærhistoriske arbeid og bokmeldingar. Ho har også vore særs aktiv med foredrag og papir på ei rekke norske og internasjonale konferansar.

Alle arbeid er innanfor internasjonal og utanomeuropeisk historie, og geografisk er det Midtausten og ikkje minst Armenia som er/har vore hovudinteressa, men med sideblikk til Afrika og i seinare tid har også Nord-Amerika og Kina kome innanfor interessefeltet. Misjonshistorie — og med eit klart kjønnsperspektiv — er ei klar hovudinteresse. Her er ho i den norske og internasjonale forskingsfronten.

Okkenhaug har undervist og utvikla studietilbod ved UiB i mellom anna Midtausten-konflikten og kvinne- og kjønnshistorie, og ho har vore rettleiar på både BA, MA og ph.d.-nivå. Ved HVO har vore programansvarleg på masterstudiet i Kulturmøte, og her har også det faglege perspektivet blitt utvida ved undervising i norsk historie.

Tida i Volda frå 2009 og fram til i dag har ho nytta godt som produktiv historikar. Forutan ei bok om Bodil Biørn (2016) har ho skrive over eit dusin større og mindre tidsskriftartiklar og bokkapittel, varierande frå populærhistorie til vitskaplege artiklar (på både nivå 1 og 2). Dei fleste er på engelsk.

No i 2020 er ho medredaktør på ei ny internasjonal antologi om flyktningar i Midtausten, Christian Missions and Humanitarianism in The Middle East, 1850-1950, som kjem ut på det anerkjente forlaget Brill og som ho skriv saman med ei internasjonal forskingsgruppe.

Okkenhaug er også usedvanleg aktiv på seminar, konferansar og workshops, og har deltatt på om lag tre dusin slike mens ho har budd i Volda.

Av dette er det etter vår meining lita tvil om at Okkenhaug fell inn under kriteria for FOU-prisen, som skal «synleggjere og heidre framifrå innsats». Det same gjeld dei som bli tildelt prisen skal vere «førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar».

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar