Ny doktor: Kim-Daniel Vattøy

Og for ein disputas: Gjennom heile dagen, både på prøveførelesinga, i presentasjonen og i dei to utspørjingane frå opponentane så var du frampå, ovanpå og svarte grundig og kor fort og godt du snakka! Eg var skikkeleg imponert frå første setning!

Gjennom sine spørsmål og kommentarar undervegs viste opponentane at dette var ein fagleg samtale mellom dyktige fagfolk.

Gjennom samarbeidet mellom deg og Siv Måseidvåg og andre forskarar på Høgskulen i Volda så inngår denne disputasen inn i ein veldig spennande forskingsinnsats for Høgskulen i Volda, for norsk utdanningsforsking og -politikk. Og for internasjonalt samarbeid.

Ja eg håper alle fekk med seg at du nærast fekk invitasjon til å halde hovudinnlegg – altså keynote speech – på ein passande vitskapleg konferanse.

Alle disputasar er unike. Ulike prosjekt, ulike kommisjonar og ulike fagtradisjonar vil legge rammer for korleis disputasen blir.

I dag trur eg du snakka 90 prosent av tida og formidla utruleg mykje på ein engasjert og informert måte. Det er så tydeleg at du elskar faget ditt! Det er så godt å sjå – og høyre! 

For meg var det ei lita aha-oppleving at du foreslo at engelsk for nordmenn ikkje nødvendigvis er eit framdandspråk, men kanskje heller eit … Familiært språk?

Det var to sitat frå disputasen som eg tykkjer det kan vere passande å hente fram. Det eine var: 

«Without students there would be no need for education»

Det må eg tenke meir på!

Det andre sitatet handlar om forskaren som steig inn i klasseromet som forskar. Og då sa du noko i retning av:

Researchers are not an elevated species.

Vel: Akkurat i dag vil eg opponere mot akkurat den formuleringa. For i dag så tenkjer vi faktisk alle som er samla her i dag at vi godt kan få lov til å sjå litt opp til deg!

Så igjen: Gratulerer med dagen Kim-Daniel, og lukke til vidare med forskingskarrieren på Høgskulen i Volda, doktor Vattøy! 

Rettleiar og doktorand: Professor Siv Måseidvåg Gamlem og Kim-Daniel Vattøy.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar