Så no til jul har eg tenkt meir i retning av julekort (?) og plukka ut eitt bilde som kan passe for kvar månad og fundert litt rundt kvart av bilda og den litt større samanhengen dei går inn. Så få det så vere at ikkje alle månader hadde «fortent» eit bilde – og andre månader hadde nok fortent ein heil film! Og så vart det heller ikkje slik at alle bilda vart tatt akkurat den månaden dei er plassert under, men mykje vi held på med er jo ein prosess.
Men altså – her er ein versjon av 2022. Andre har nok andre.
Det er av og til ein kan kjenne at historia susar forbi. I dag er ein slik dag, når vi står her og skal markere at det er på dagen 100 år sidan Kaarstad-huset opna.
Tenk på det. I dette huset for 100 år sidan var det samla kanskje 1.500 studentar, lærarar, andre bygdefolk og tilreisande, alle for å markere at no stod Volda lærarskule ferdig.
Elevane hadde samla inn pengar til flygel!
13 timar varte opningsfesten, og det vart visstnok halde 19 talar. Det var mat i fleire omgangar og med fleire bordsete. Men så var då også kjøkenet på lærarskulen noko av det viktigaste med heile huset – og stod kanskje for nesten 1/5 av den samla kostnaden på huset på kr 700.000.
Dette var på alle måtar rektor Henrik Kaarstad sitt prosjekt. I november 1922 var han 57 år gammal, og hadde drive lærarskulen sidan 1895.
Gjennom godt arbeid og framifrå politiske kontaktar og eit heldig samanfall i konjunkturar klarte Kaarstad å få bygd skulen. Volda lærarskule var populær i landssamanheng, også blant studentane.
Kyrkje- og undervisningskomiteen sa det slik:
«Antallet av elever [ved Volda lærarskule] har været stadig stigende, og Volda er nu den lærerskole i landet som uten sammenligning har størst søkning.»
Indst S. nr. 154 1919 – Stortingstidende side 229.
Det vart stadig fleire elevar – eller læresveinar som studentane også vart kalla. Men krava til innhaldet i lærarutdanninga vart også skjerpa med tanke på spesialrom og innhaldet i undervisninga, så trengdest det ein større skule.
Taket på Kaarstad-huset blir no reparert. Det er derfor huset har vore ikledd stillas på alle kantar dei siste månadene. Men i september skal arbeidet vere ferdig og stillasa blir fjerna. Og då blir det vonleg fleire tiår før det blir nødvendig med nytt takarbeid av særleg omfang. Førre gongen taket vart reparert var tilbake i 1982, men diverre var det no nødvendig å ta att ein god del av arbeidet frå 1982 – det var ikkje godt nok.
– Eg har sett det i fleire år at taket må takast, seier Statsbyggs mann i Volda, Frank Lande. Og i 2018 var pengane på plass så arbeidet kunne gjerast.
I tillegg til taksteinen har det også blitt reparasjonar i klokketårnet, takrenner og beslag og måling av vinduskarmar og ymse anna. Så det blir ein verkeleg rehabilitert og skinande 96-åring som viser seg fram når stillasa blir tekne bort.
Eitt artig historisk poeng er at nokre av takhellene var gåen, men det var ikkje nødvendig å dra veldig langt for å finne nye: Ei gammal løe på Engeset i Volda hadde Altaskifer av akkurat same kvalitet og alder som på Kaarstad-huset.