
I spørjetimen på Stortinget 18. februar tok Fredric Holen Bjørdal opp spørsmålet om framtida til Høgskulen i Volda.
Svaret frå Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen hadde diverre fleire manglar og har ikkje fått stått uimotsagt. Blant andre har høgskuledirektør Jacob Kjøde jr i eit lesarbrev til fleire aviser peika på fleire misvisande påstandar i ministerens svar, eller «arrestert» Isaksen, som avisa Møre Nytt skreiv.
Det kan verke som Isaksen har lese berre èin av dei mange tabellane i Tilstandsrapport for høgare utdanning for 2014, og det gir naturlegvis ikkje eit godt bilde av kvaliteten på utdanninga og forskinga ved Høgskulen i Volda.